Har ein E30 1989 modell som eg har hatt ein del problem med den siste tida! Det er M20B20 motor i den! Den går tidvis fint før den kuttar på turtal og vil ikkje lenger gå, skrur av og på tenning og bilen går som normalt igjen. Dette skjer som regel under gasspådrag, men kan også skje under jevn køyring. Har tidlegare bytta ein del deler så eg reknar med at det ikkje er desse det er problem med!
Delar som er bytt:
Tennpluggar
Pluggledningar
Fordelar
Bensinpumpe
Bensinfilter
Lambda
Luftslangar
Har også prøvd med annan luftmengdemålar utan at det har vore til noko hjelp.
Håpar nokon kan hjelpe meg!
Tveit'n