Gå til innhold

A.Ertesvåg

Medlem
  • Innholdsteller

    79
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av A.Ertesvåg

  1. Haha ja, skal ha doble bak 😊 2stk til hydraulisk brekk. M logoen er der originalt så har malt der det er «printa» inn om du forstår 👍 gjekk veldig greit å skifte egentlig 😄
  2. Pynta litt på caliperane og monterte litt nye deler idag😄 kjøpte overhalingskitt på eBay.
  3. Sopro på Kaupanger ja 😄👍
  4. Sida sist har eg henta litt deler fra RFS performace. Aeromotive BTR og mekanisk bensinpumpe. Maxxecu race med ledningsnett, justerbare kamdrev og hydraulisk cnc fresa brekk 😄 Har laga feste til brekket og fått igjen understellet fra sandblåsing og pulverlakk. Meget happy med resultatet😄
  5. Ellers har det ramla inn litt deler sida sist oppdatering 😄 Griffin crossflow radiator med 12» spal vifter 3L tank til ånding Tial 60mm wastegate komplett clutch, svinghjul og adapterplate til 2jz/530D kasse. Og litt snop fra wisefab 😄 Fekk snudd bilen ned på bukkar igjen, og har laga til fester til radiator samt ducting for å presse lufta inn der den skal😊 er ikkje 100% ferdig men er begynt å ligne på noko. Brukar veldig mykje papp og plastikk for å finne løysingar på ting. Endte med å skjære ut bakruta med vinkelslipar då det var det eg hadde for hand, blei faktisk greit resultat 😊
  6. Er begynt å bli ei stund sia sist oppdatering så tenkte å skrive litt igjen. Blitt mykje jobbing å lite tid i garasjen men sånn er livet 😄 Fekk samla i hop nokon kompisar og slipte ferdig det som sto igjen under bilen. Lagde meg 2 plater i 3mm som eg skar til og sveisa inn i dempartårn bak til forsterkning. Bygde meg eit telt rundt bilen inne i garasjen å lakka bilen under. Brukte proffsprøyta til biltema og lastebillakk. Veldig deilig å få på litt lakk etter mange tima med rust osv 😄
  7. Stemmer 😄👍
  8. Haha ja ofte eit «men» 😊 I likheit med mange andre bur er det «punkta» ja. Veldig mange plassar på buret kjem ein ikkje til å legge fine sveisar, så fortsette likegodt i samme tralten på resten også. Ser i etterkant det med fordel kunne vå sveisa på lett tilgjengelige skøytar. Men for å gå over til det som har noke å sei så er eg ikkje bekymra for at sveisane ikkje holder dersom eg skulle take.
  9. Rekna med det koster ein del dersom ein skal få andre til å gjer det for seg ja, er ein del jobb dersom alt skal demonteres/monterast osv. Det med TUV på coilsa veit eg ikkje, men tvila då desse er beregna for banebruk. Kan godt være bc lagar coilovers med TUV også.
  10. Sakte men sikkert så går det litt framover. Har blitt litt diverse andre prioriteringar sida sist update men no er prosjektet på gli igjen håpar eg 😄 Har brent ut foringar i bakstilling, her skal det sandblåses og lakkeres før nye skal på plass😊 Buret er også blitt ferdig sveisa 😄 Kjøpte meg vinklar for å forsterke kryssa på Stian motorsport, veldig lettvint kontra å lage sjølv 😅 Etter buret var ferdig sveisa var det til på neste delprosjekt, slapp bilen ned fra bukkene å heiste den deretter opp på sida ved hjelp av ein ekspansjonsbolt i taket å ei talje. La madrasser under sida på bilen i håp om å bevare bakskjerm osv. Som med dei fleste andre e46 m3 var også innfestningane til bakstilling sprekt å rusta. Slipte reint og sveisa dei isamen igjen og forsterka deretter med plater fra GS bildeler. Fekk også coilovers fra Badassparts her ein dag, alltid kjekt med nye deler 😄 Vidare frammover blir mesteparten av fokus på undersida av bilen. Slipe reint for rust, muligens punktsveise litt skøytar og deretter grunne og lakke. 😄 håpar det blir meir garasjetid i nermaste framtid!
  11. Ja styrer på med jamne mellomrom, må få teke meg ein kveld å slenge inn ein oppdatering 😄
  12. Eg har kjøpt bur fra Pedersen racing, ferdig bøygd men må kappe sjøl. Alt du treng å vite står i bilsportboka angåande burbygging. Her er det lagt opp sånn av folk flest kan bygge bur 👍 har ikkje høyrt noko om innprinta produsentnavn osv. Dersom ein skal ha bur med FIA godkjenning er det andre krav men det veit eg desverre lite om😅 kjekt å vite at folk følger med!
  13. Ny update. Ny telefon inkjøpt så mulig litt bedre bildekvalitet på det som kommer 😄 Kjøpte meg for ei stund tilbake veltebur fra pedersen racing. Å har hatt ein del timar med tilpassing på dette for å sei det mildt. Er fortsatt ikkje ferdig men begynner å sjå ein ende på tilpassing av røyr om ikkje anna. Tenkte fra dag ein at skal eg først bygge bur blir det skikkelig. For det er ein av tinga som er seigt å ta igjen om eit par år når ein finn ut det ikkje er «gromt» nok. Manglar fortsatt litt røyr på buret men det kjem etter buret har vore senka ned å sveisa. Har bora hola på dei fire punktene inne i bilen der buret skal senkast. Men ikkje gjort meir PR. Idag. Ellers har eg vore på handling i Sverige av speeding i sommar i kombinasjon med ferietur. Der blei det kjøpt pedalboks, ratt og gear-shiftar. Veldig greit med deler som er modelltilpassa. Med nye deler kjem det ofte motivasjon så har laga fester til pedalboks også. Tok mykje bilder men det er på gamle telefon desverre. Kjapt forklart så skar eg av botn på eit firkantstål, borte hol og sveisa mutrar på baksida. Dette for å ha muligheita til å flytte pedalboksen dersom behov 😄 Ellers så kan eg vel nemne at motoren er på plass i garasjen. Valget havna på ein bortimot original 2jz-gte med vvti 😄 Dette er ein motor eg har trua på da det viser seg gang på gang at desse fungerar ! Fekk med Kina greinrøyr til singelturbo. Og innsuge er allerede omsveisa. Så dette må bli bra. Motoren skal også vere oppgradert med bortimot nye race lagre og vag-coilar som sikkert fleire kan sjå. Er igrunn så langt som dette eg er kommen til no. Er nokon små ting eg kjem tilbake til men dei neste opdateringane blir ting som skal skje frammover for det meste😄 Håpar folk Finn dette interessant. Rundar av med ei svenskepils 😂
  14. Takk det skal eg 😊 Føler ikkje det er så mange som lagar prosjekt trådar på driftebilar i Norge så mulig det er noko folk vil følge med på 😄
  15. Ja mykje driftebilar i området 😄 kan vel sei so mykje som at 2jz’en allerede er Komt i garasjen 😂 Hovudårsaken til dette er at eg har lite kunnskap på motorar å med ein 2jz blir det ikkje problem å få hjelp viss det er noko ein lurer på.
  16. Ja held til i Kaupanger 😄 har igrunn aldri gjort noko liknande før, men fulgt mykje med på andre som har bygd. Har ein del folk i nærområdet eg får mykje gode tips å triks av som har bygd bil før.
  17. Etter punktsveisinga begynte me å lage brannvegg bak då det er krav at det skal være vesketett mellom bagasje/cupe i drifting 😊 Lagde først mal i byggplast, deretter fekk eg knekt platene av ei lokal sveisebedrift. Skar deretter ut platene med vinkelsliper heilt til me var forøygde. Ein anna ting me har gjort er å skjære ut bagasjerommet for å lage plass til røyrramme med fuelcell i. Har begynt å lage innfesting til røyrramma men ikkje noko meir. Patent for å lett kunne skru av røyrramma dersom behov. Samme jobben er også påbegynt i fronten på bilen då det også vil bli røyrramme der etterkvart 😄 framme har me også kappa så mykje som mulig i henhold til reglementet. Dette for at ting skal være enklare å fikse dersom bilen får seg ein smell. Framme var det også eit hol i torpedoveggen me ville ha tett. Etter litt pønsking fann me ein løysning på det. Plata vil vere enkel å demontere for tilkomst til viskarmotor. Ellers har eg kjøpt tannstang fra venstre ratta m3 som er Komt på plass, bora hol og laga rattstamme. Fekk ein kompis til å dreie «lagerhus» som vil bli sveisa inn i torpedoveggen. Der med z-skruer sånn lageret er lett å skifte ut. Kjøpte snap-Off fra pedersen racing som eg er veldig nøygd med 😊Fekk ein anna kompis til å dreie hylse fra snap-off’en til deler av org rattstammen. Fekk tak i dashbord fra venstre ratta bil, dette er no ferdig tilpassa. Fjerna alt me meinte ikkje var nødvendig på det 😊 Her ser ein også deler av buret, kjem tilbake til det 😁 Liten oppdatering igjen men får ta det litt etter litt 😁 Under er det bilde av (meg til venstre) og ein veldig dyktig kompis til høgre. Veldig fint med flinke hjelparar på sånne prosjekt.
  18. Takk takk 😄
  19. Fann ut av det 😅
  20. Viss nokon kan forklare meg kvifor bilda etter den siste teksten dukkar opp hadde eg blitt glad 😄
  21. Heisann ! Mitt navn er Adrian, 20 år gammal i fra Sogn og Fjordane. Alltid vore BMW interessert å nokon ganger vore inne og lest på prosjekt-tråder på bimmers. Veldig lærerikt og interessant. Tenkte å prøve meg på ein tråd angåande prosjektbilen. Er første gang eg bygger banebil og min første prosjekt-tråd. Så kom gjerne med innspel. Begynte å bygge bilen i januar 2018. Å har periodevis allerede lagt ned ein del timar på dette prosjektet. Når det blir ferdig er aldri godt å vite så setter ingen dato på det 😄 Når eg kjøpte bilen sto den uten motor/gir og med rattet på høgre side. Komplett bil igrunn uten motor og gir. Dagen etter bilen blei kjøpt var eg allerede igang og vaske bilen under samt fjerne store mengder plastikk og diverse ein ikkje har behov for på ein bil til dette formålet. Deretter gjekk turen heim til garasjen som eg rett i forkant hadde brukt ei god stund på å fikse opp. Der støypte eg nytt golv, fora ut veggene/isolerte, hengte opp mykje nytt lys, nye stikkontaktar, ny arbeidsbenk osv. Bilde invendig før interiøret blei teke ut og solgt. Lite bilder undervegs men skal seiast det var mykje jobb å ribbe bilen for alt mulig slags dilldall, brakettar osv. Andre ting eg har gjort er fjerning av asphaltplater og fresing av fugemasse/karosserikitt for deretter å punksveise karosseriskøytane innvendig. Samt tetta store mengder hol for å stive opp bilen og sleppe dekkrøyk innvendig i bilen. Køyrer på med litt bilder igjen 😄 Fjening av asphaltmatter brukte eg varmepistol til. Deretter brukte eg tynner på restane så blei eindel gris. Begynner å bli tomt i bilen 😄 Her har eg også hatt nokon timar med sveising av hol. Så var det karosserikitten for tur, tok sin tid det også. Når karosserikitten var fjerna stod punktinga for tur. Håpar dette var okai lesning, har Komt ein del lengre på bilen no men legg ut dette for denne gang så skal eg ta meg ei ny økt å skrive litt så fort eg får tid igjen!😄
  22. Har du framskjermer uten rust og bulker ? eventuelt om dei passa på 2-dørs preface ?
  23. Hei, meget intresert i m- tech 1 bakfanger ! pris ?
  24. Veldig fin bil du har ! Følger du resten av planene dine blir denne kanonbra !
  25. Skal følge med her ! virker til og bli bra
×
×
  • Opprett ny...