Der Barockengel Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Romsdal Budstikke kjører en lang og balansert artikkel om lokale planer i henholdsvis Fræna og Vestnes, om å bygge motorsportanlegg - som et supplement til anleggene i Mo i Rana, Rudskogen og Våler. Temaet er aktuelt, siden regionen har en lang tradisjon for stor interesse for bil, og området har opplevd flere tragiske bilulykker. Et anlegg i dette området er interessant, ikke bare pga. den sterke motorinteressen lokalt, men fordi man har anslagsvis 4 timers kjøring til Trondheim by. Samme kjøretid i en annen retning bringer deg et godt stykke ned Gudbrandsdalen. Tilsvarende kjøreavstand vil motorinteresserte i deler av Sogn og Fjordane nyte godt av. Realiseringen av et slikt anlegg vil derfor kunne være til nytte for bilinteresserte som i dag har en lang dags kjøring til noen av de eksisterende anleggene. Det gjenstår selvsagt å se hvor lang tid det vil ta før en bane i denne regionen evt. står klare. Den lange artikkelen det er linket til over tar også opp hvorvidt det å rase fra seg på lukket anlegg kan ha trafikksikkerhetsmessig nytte. Edit: Romsdal Budstikke har endret artikkelen - og linken - etter at jeg la ut posten. Avisen har nå oppe en kortere versjon av artikkelen, med bilde, og jeg har endret linken tilsvarende. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
matsrh Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Var noe feil på linken tror jeg. Men dette høres meget interessant ut Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Der Barockengel Skrevet November 2, 2008 Forfatter Share Skrevet November 2, 2008 Var noe feil på linken tror jeg. Feil med linken? Den var helt riktig når jeg la den ut. Men, du har helt rett - avisen har forandret artikkel og link etter jeg la den ut, og jeg har nå rettet feilen, slik at linken leder til den nye artikkelen. Takk for tipset. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
BimmerKing Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Jeg har HELE artikkelen lagret i word hvis noen vil lese Jeg skal også prøve å få scannet inn hele artikkelen fra avisa i løpet av kvelden, så kan jeg kansje legge den ut på photobucket el.l... Kan jo evt lime inn det som stod i artikkelen i tråden her hvis det er ønskelig Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Der Barockengel Skrevet November 2, 2008 Forfatter Share Skrevet November 2, 2008 Og der fant jeg en kopi av den originale artikkelen på pc-en. Noe av det lengste jeg har sett i en nettavis, så sikkert postet ved en feiltagelse. God fornøyelse. Vil snu ukultur med bilbaneBilentusiastar i Fræna og Vestnes planlegg no store baneanlegg. – Ukulturen på vegen må bort! Farten må få utløp i kontrollerte former – på bane, meiner dei. FRÆNA:– Her ser vi for oss Hustadvika motorsenter, seier Marlow Harstad, og peiker ut over Venåsmyrane ved Roger Gjeldsviks steinbrot. Harstad er leiar for motorsportklubben som no jobbar for å realisere ei av landets største asfaltbaner for motorsport. Stort anlegg. Planen omfattar eit større område på myrane ved Hustad, der klubben vil ha klubbhus og 3,7 kilometer asfaltbane med 5-6 meter høge støyvollar. Anlegget vil vere stor nok til å ta på seg store motorsportarrangement. På sikt ser entusiastane også for seg opplæringsbane for motorsykkel og utrykkingskøyretøy, og glattkøyringsbane for vogntog. For å finne tilsvarande må ein i dag til Mo i Rana, Rudskogen eller Våler. Respons. Det er enno ikkje utarbeidd teikningar for anlegget, og viktige avklaringar som regulering og finansiering gjenstår. – Prislappen er ikkje klar, men tilsvarande baner kosta for fleire år sidan 40-60 millionar kroner. Men vi trur vi kan få det til rimelegare, med gunstig terreng og engasjerte fagfolk på laget. Folk er positive, vi får telefonar frå bedrifter og andre som vil bidra økonomisk. Anlegget vil også kvalifisere til spelemidlar, og vi er i dialog med klubbar og kommunar i området. Dette vert eit anlegg for heile fylket og vel så det, seier Harstad. Bilungdommen sjølv skal også få bidra; det vert lagt opp til store mengder dugnadsarbeid. Ukultur. Klubben satsar også på samarbeide med organisasjonar og etatar som arbeider i høve til trafikktryggleik og førebygging av ulykker. – Vi har tenkt på dette ei stund, og ser behovet berre endå sterkare etter hendingane og debatten den siste tida. Vi må erkjenne at det er ein ukultur når det gjeld trafikk i Fræna, fleire av oss har vore med og køyrt langt hardare enn det som bra er. Når vi no intensiverer arbeidet med baneplanen, er trafikktryggleik det overordna. Vi vil skape eit aktivt miljø der ungdom får dyrke sporten sin, men i rammer som gjer at dei både vert betre bilførarar og at det vert tryggare på vegane utanfor, seier Harstad. For alle. På bana vil det verte lagt opp til både lukka aktivitetar med spesialbygde bilar, og til frikøyring med eigne bilar. Det skal vere ope for alle interesserte, ikkje berre ungdom. – Korleis ivareta tryggleiken? – Ved omfattande vakthald, og tekniske kontrollar. Det vanleg er kontroll før ein køyrer innpå – vi vil satse enda meir og ha kontroll både før og etter. Det vert høve til køyring med instruktør, som verkeleg gir aha-opplevingar, seier fleire i styret som har drive med banekøyring. – Vil ikkje dette kunne føre til endå meir verdsmeisterkjensle og endå større fart på vegane? – Vi kan ikkje utelukke det, men noko må gjerast. Vi trur og håper at kunnskap vil hjelpe, og at ei bane med høve til "testing" i kontrollerte former vil lette på trykket og ta bort unnskyldning for svinkøyring på vegen. Observasjonar av villmannskøyring vil også få konsekvensar: Miljøet vil sjølv melde frå, med alvorsprat og muleg banekarantene som konsekvens, seier Harstad. – Mange meiner det må hardare lut som straff, inndraging av bil og førarkort til? – Det trengst eit krafttak for å snu kulturen, men det nyttar ikkje med peikefinger. Fleire av oss har mist mange vener i trafikkulykker. Vi har tru på dialog og eit anlegg som dette, der også vi som har vore unge i miljøet kan vere tett på. Vårt mål er at Fræna kan skifte frå versting til ein av dei beste når det gjeld trafikk, seier Bjørnar Høstmark. Han er mellom "seniorane" i bilmiljøet i Fræna, og vedgår at han i yngre år sjølv var mellom dei som likte å gi gass. Han har på nært hald opplevd kor farleg trafikken kan vere: Han har sjølv opp gjennom åra mist 9 vener og kjende i trafikkulykker. – Eg har køyrt hardt sjølv, altfor hardt. Problemet er at ungdom ikkje ser fart som farleg, men artig og spennande. Å bli kalla "villmannskøyrar" opplevast som tøft, seier Høstmark. Han viser til at det er daglegdags med 250 – 260 kilometer i timen på "teststrekningane" i Fræna / Eide-distriktet – i Tusten -tunnelen 290. – Sjåførane elskar å utfordre kreftene, dei vil vise seg og tenkjer ikkje på dette som farleg og problematisk. Men det er ikkje vondt meint, seier han. – Kva med faren for konsekvensar, for seg sjølv og andre? – Dei er nok ikkje der. Mange ungdomar klarer ikkje å sjå dette, dei er oppslukt av fartsopplevinga og bilinteressa, tenkjer berre på seg sjølv og har ikkje ansvarskjensle eller tanke for at ting kan få konsekvensar for andre. – Bør dei då ha lov å køyre bil på veg der også andre ferdast? – Mange unge sjåførar er nok strengt teke ikkje modne nok, sjølv var eg berga av flaks. Det er nok slik at ein del unge menn ser bort frå trafikkreglar og opererer etter eigne rammer. Debatt om heva aldersgrense er på sin plass, men det er likevel vanskeleg å tenke seg å nekte 18-åringar lappen, seier Høstmark. BMW-eigaren er framleis svært engasjert i bil og bilmiljøet, men seier han har roa seg med farten. Det skjedde då han vart familiefar, og fekk n nye tankar om fart og ansvar. I staden reiser han til baner ei dagsreis unna for å køyre fort. No håper han det kan bli alvor både av eit banetilbod lokalt, og at farten på vegane lokalt vert skrudd ned. Også i Vestnes har bilfolket planar om bane for motorsport, konkretisert i teikninga for "Vestnes motorsenter" i Øveråslia. – Her er bane for motorgreinene Street Legal, Drifting og Gocart, og her terrengplass til Motocross, Offroad og Trial, peiker Torstein Wiik og Kai Flate på kartskissa. Dei sit i baneutvalet i Vestnes motorklubb, og har tru på at det no går vegen for realisering av bane med klubbhus. Banekonsulent Karl Reidar Rolfstad i Norges Bilsportforbund har vore og sett på dei aktuelle område både på Hustad og Vestnes, og ser dei som greie område for baneanlegg. – Men det er ein lang veg å gå frå prosessen startar til banen er klar, det kan ta frå 1 opp til 7 år, seier Rolfstad. Det påtenkte området ligg ved søppelanlegget på Øverås, og er no under regulering for formålet. – Ein må vere tålmodig, det tek tid. Men ofte er støy bøygen, og det er uproblematisk her. Området ligg isolert, og digitale støyprøver viser at anlegget ikkje vil vere til plage, seier Flate. Når formalitetane er klare, ventar neste utfordring: Finansiering. Klubben reknar med eit tosifra tal millionar, men ventar og ser. Mykje dugnad må til, og kanskje kan det byggast ut etappevis. Det heile starta i fjor, då bilinteressert ungdom i fleire aldrar inntok "Motorfjøset" i Tomrefjord og utfordra politikarane. – Medan fotball får stort fokus og mykje støtte, har uorganisert, bilinteressert ungdom ingenting. Men vi er mange, og vi treng også ein arena, seier Kai Flate. – Samfunnet ugleser oss; å vere interessert i bil er liksom ikkje bra nok, det er ikkje akseptert verken som idrett eller syssel, vi blir sett ned på. – Men folk veit ikkje kva dei snakkar om, bil er også idrett! seier klubbleiar Jan Olav Vadseth indignert. – Er bilfolket idrettsutøvarar? – Ja, meiner Vadseth, og poengterer at Petter Solberg er minst like godt trent som andre idrettsmenn. Og at 15 minutt med bilslalåm løyser sveitten og gjer kven som helst skjelvande utsliten. – Dette handlar om mange ting, utfyller Torstein Wiik. – Bilinteresse kan ha ulik form; nokre er interesserte i å skru og restaurere, for and re betyr køyring og fart meir. Her samlar folk frå alle bilmiljø, har sett til side bilrasismen og går saman om felles mål: Bane. – Bilrasisme? – Dei ulike bilmiljøa ser ofte nokså skrått på kvarandre, dei med BMW og dei med amerikanar kan ha svært ulik oppfatning av kva som er den optimale bilopplevinga. Men vi legg vekk kivinga, og har det triveleg på tvers av "gruppering", seier Wiik og Flate. Sistnemnde ihuga BMW-entusiast, men altså på god fot med Wiik som føretrekkjer klassiske amerikanarar. Motorfjøset i Tomrefjord er Amcar prega – fylt med "glis", nokre av dei skrudd ned og til restaurering. Sofakroken er også sentral. – Det er viktig med eit miljø. På det nye senteret skal det vere klubbhus og tilbod til bilinteresserte i alle aldrar, frå knøttebane og oppover. Eldste medlemmen i klubben her er 83 år. Dette vert eit tilbod til dei som ikkje driv med fotball eller ski, men som også har behov for eit positivt miljø der dei opplever meistring. Å få dei inn i eit ordna miljø vil vere bra både for dei og for samfunnet, poengterer Wiik. Han ser den planlagde banen som viktig for bilmiljøet, men også for viktig for trafikktryggleik. – Ein del køyrer hardt, og driv med burning, og ikkje minst har promillekøyring vore eit problem. Slikt er det nulltoleranse for, det er uakseptabelt. Klubbhuset og miljøet skal vere rusfritt, poengterer klubbleiinga. – Men særleg miljøvennleg er det vel ikkje? – Ei bane vil ikkje gjere forskjell i så måte – folk køyrer like mykje og bruker like mykje bensin uansett, meiner Vadseth. – Eg forstår det godt! Det er kjempeartig å køyre fort – det er ei drivkraft som ligg djupt i mange, seier Helge Silset. Han er køyrelærar, har drive aktivt med motorsport, og er motocrosstrenar mellom anna for dei fire sønene sine. Det er snakk om fart, om adrenalin, om å tøyle kreftene under panseret. Og om korleis det kan gå om det er misforhold mellom fart og meistring. Silset manøvrerer BMW-en på glatta, turen går til bana i Årødalen. – Unge menn har 40 gonger så stor fare for å køyre ut i sving enn andre. Situasjonen med sving krev erfaring med å tilpasse farten inn i svingen. Trening på bane vil kunne utvikle forståing og ferdigheit – er ikkje farten tilpassa kurve og forholda elles, så går bilen rett og slett av vegen. Svingen er eksempel på at kunnskap og erfaring er viktige element for å meistre bil og veg på ein god måte, seier Silset. Derfor meiner han at øving på bane vil kunne vere nyttig og bra – det er viktig å tidleg få eit forhold til kva krefter som er i sving når ein køyrer, og kva farten har å bety for korleis bilen oppfører seg. Og ikkje minst ta svingen, igjen og igjen, det handlar om å øve. Det hjelper ikkje berre med gode haldningar; kunnskap og erfaring er også viktig. – Men vil ikkje større ferdigheiter føre til meir fart også på vegen? – Det er alltid eit dilemma. Det vil nok alltid vere nokon som vil køyre fort, men då er det trass alt betre at dei køyrer fort med god teknikk enn at dei køyrer fort med dårleg teknikk. Men det er klart at ein må innprente at innsikt, tålmod og vilje til å vere audmjuk med tanke på eigne ferdigheiter er viktig, alle må starte forsiktig. Og altså avpasse farten etter forholda, inkludert eigne ferdigheiter, seier Silset. Han er likevel oppteken av at banekøyring ikkje berre skal vere fritt fram og full gass. – Tilnærminga må vere organisert motorsporttrening, med forsikring og gode sikringssystem. Det gir ei trygg ramme for utprøvinga, og er ein fin måte å få utløp for adrenalinet. På banen køyrer alle tullingane same veg, men ein må sjølvsagt følgje dei reglane som er – og slik organisert aktivitet passar heller ikkje alle. – Vil ein da nå dei som køyrer fort ute på vegen? – Eg trur ikkje at alle dei som råkøyrer, vil finne seg til rette med organisert banekøyring. Men om ein får flytta berre nokre av dei over i eit organisert miljø, vil det vere bra, meiner Silset. Ikkje alle er overtydde om bane vil bety tryggare trafikk. Fylkessekretær i Trygg Trafikk Møre og Romsdal, Erik Hartmann, vil ikkje utan vidare applaudere baneplanane. – Dette er eit litt vanskeleg tema. Eg forstår godt at dei som er interesserte i bil, gjerne vil prøve ut bilane sine – mange har lagt ned mykje pengar og innsats i doningane sine. Ei bane ville sikkert vere ein kjempearena, men det er ikkje dokumentert at det å "rase frå seg" på ei bane gir effekt i form av mindre fart på vegen. Tvert om er det ting som tyder på det motsette, derfor er eg skeptisk, seier Hartmann. – Men ville det ikkje uansett vere verd å prøve? – Faren er at det vil gi sjåførane endå større sjølvtillit og kjensle av å meistre. Vi ser også at det er dei teknisk flinke sjåførane som ofte kjem ut for ulykker, ofte i kombinasjon med store og trimma motorar. Men ofte får ein kjensla av at trafikktryggleik vert halde fram som eit slags alibi. Då er det betre å seie det som det er – at det handlar om å dyrke bilinteressa. Og om det slik handlar om å leige ut asfalt, så er eg ikkje glad for det. – Men om banekøyringa er sett i ein pedagogisk og sosial samanheng? – Det vil gjere ein stor forskjell. Banekøyring er ok om det er i seriøse og disiplinerande rammer. For at det skal vere ein gevinst i trafikksikkerheit, er seriøs klubbdrift med eit disiplinerande miljø avgjerande. Men i så fall er det miljøet, ikkje sjølve banen som verkar. Hartmann er oppgitt over råkøyringskulturen: – Det er ingen menneskerett å køyre fort, og det er trist at ein del sjåførar ikkje forstår at vegen er for alle. Dei må forstå at dei ikkje berre kan ta seg til rette, seier Hartmann. – Kva må etter ditt syn til for å endre på fartskulturen? – Meir kontroll på vegane, risikoen for å bli tatt hjelper. Trygg Trafikk har også lansert forslag om "gradert sertifikat", slik det er innført i mange land med positivt resultat. Ordninga inneber at unge sjåførar får begynne tidlegare å køyre bil, men med avgrensingar som vert letta på etter kvart som sjåførane får erfaring. Det vert som å få eit "lærlingesertifikat", eller å få lappen på prøve. Vi håper dette vert innført som prøve ordning til dømes i ein landsdel – alt må vere på frivillig grunnlag. Heller ikkje seniorforskar Dagfinn Moe ved SINTEF som forskar på ulykkesanalyse og opplæringsprosessar, har tru på "å la folk rase frå seg" på bane. – Dersom det var så enkelt, kunne vi jo berre ha bygd baner! Det er nok ikkje slik at fartslysta berre kan tømmast ut og ferdig med det. Når folk køyrer fort, så er det nok fordi at dei liker det, at farten fascinerer. Og det er ikkje ein gong sikkert at dei vil køyre fort på bane – det kan vere at dei føretrekkjer vegen. Få ting overgår å rase over Dovre, for dei som liker fart, seier Moe. Han avviser likevel ikkje at banekøyring kan vere positivt – om opplegget er organisert og med dyktige rettleiarar. – Det føreset eit skikkeleg opplegg, og at det vert lagt opp til definerte øvingar der sjåføren både får større forståing for eigne ferdigheiter, større forståing av bilen, og innsikt i fysiske krefter, poengterer Moe. – Kva må til for å få ned farten? – Det finst ingen fasit. Men eg har tru på ein kombinasjon av kontroll og dialog. Ein har ingen garanti, men sjølv om det kan sjå håplaust ut med dialog, vil det plutseleg kunne føre til eit kvantesprang. Og så bør ein inn på dei kanalane unge bruker, chatting, Facebook, nettløysingar der ein får dei i tale. Det er jo ikkje slik at det er mangel på info, det er fascinasjonen for fart, opplevinga av meistring, det sosiale – bilen er sjølve livet for mange, seier Moe. Ambulansesjåfør Per Johan Tøsse i Fræna har tidlegare teke til orde mot den utagerande trafikkulturen, og er positiv til nye innspel som baneforslag. - Om dette kan gjerast organisert er det positivt. Men det er veldig viktig at det haldningsskapande aspektet er tydleg, seier Tøsse. Han poengterer at haldningar til trafikkultur gjeld alle, og at det gjeld frå barndom til alderdom. - Alle må ta eige ansvar, men også påverke andre i rett retning, seier han. Per Karstein Røv, politistasjonssjef ved Molde politistasjon, er skremd over utviklinga i trafikken. – Det gjeld både ekstrem fart, og det gjeld oppførsel i trafikken. Og det gjeld ikkje berre unge, vaksne er like ille. Vi høyrer ofte om dei unge, men det er også mange eldre, godt vaksne som har eit fartsmønster langt forbi grensa for inndraging av førarkort, og mangel på respekt for trafikkreglar, seier Røv. – Korfor ordnar ikkje politiet opp? – Vi forstår frustrasjonen, og veit at vi har ein jobb å gjere. Vi må intensivere, men det er heller ikkje meininga at vi skal vere over alt heile tida. Alt i alt synest eg politiet lokalt levere godt ut frå dei rammene som finst. Det er heller ikkje poenget at vi skal ta flest muleg, men at alvorlege hendingar vert hindra og førebygd. Og det er ikkje slik at vi har bonus for bøteskriving, om nokon skulle tru det! – Kva vil bilbane kunne bety ? – Banetanken er nok velmeint, men eg er skeptisk. Ikkje negativ, men skeptisk. Eg ser inga automatisk kopling mellom bane og betra trafikkultur, seier Røv. Han får derimot assosiasjonar til situasjonen for nokre år sidan, då det vart opna for graffiti på nokre få vegger i Molde. – På eit blunk var det graffiti over alt – eg fryktar ein kan få ein uønska smitteeffekt om ein først opnar for fart. – Men sjåførane vil få meir kunnskap og erfaring? – Ja, dei vil kanskje beherske bilen betre, men eg trur det vil vere like spennande å køyre fort også på vegen. Og slik eg har forstått det, er det meininga at folk skal få bruke banen med eigne bilar, altså på ein uorganisert måte. I så fall trur eg ikkje på nokon effekt – om det derimot er snakk om eit organisert motorsportmiljø stiller det seg annleis. Men då er jo problemet at ein vil få med berre nokre få, sidan aktiv satsing krev nokså mykje. Røv poengterer også at bane vil krevje eit enormt sikkerheitsopplegg, om omfattande forsikring. På Flisa i Åsnes kommune, kommunen med Vålerbanen, har politiet invitert uorganisert bilungdom til banetreff. Med eit ultimatum: At dei oppfører seg betre i sentrum. – Rånemiljøet er stort, og vi var plaga med mykje uaktsam køyring i hovudgata, ulykker og klager. Som eit prosjekt har vi i år invitert unge til å få utfalde seg med eigne bilar på banen under ordna forhold, med svært positivt resultat, seier politibetjent Mathis Briskerud ved Åsnes lensmannskontor. Han har leia prosjektet, og har hatt tre banesamlingar der om lag 100 unge, så godt som alle i rånemiljøet, har delteke. Dei har fått prøve seg på frikøyring, drifting / sladding, og teknisk køyring. – Vi er veldig godt fornøgd. Det er langt færre klager enn før, og vi har fått ein god dialog med miljøet. Det har også ført til sjølvjustis i miljøet; dei dempar kvarandre for å kunne halde fram med banetilbodet. Vi håper å kunne få til enda fleire samlingar neste år, seier Briskerud. På ein parkeringsplass på Reknes står bilar på rekke og rad under gatelysa. "Girls go fast"-sjef Malin Skorgen har to av dei. Moldejenta viser stolt fram sine to BMW'ar, først og fremst "Gullet", ein BMW Alpina C227 Cab, samleobjekt. – Det er mange tøffe jenter som er interesserte i bil. Stadig fleire kjem til, med eigen bil, seier Malin. Ho er leiar for "Girls go fast" i Midt-Norge, ein klubb for bilfrelste jenter. Som liker å køyre fort. – Bil er veldig artig, berre så synd at vi må reise så langt for å komme på bane der vi kan boltre oss, seier Malin. Ho var nyleg på Lånkebanen i Stjørdalen, men meiner det er for langt unna. – Ei asfaltbane her lokalt ville vore veldig kjekt, dersom den er bra laga, da. Så bilane ikkje blir skadd, seier ho og klappar litt på "Gullet". – Vi har høyrt rykte om baneplanar, men det vil nok krevje sitt – folk er så kritiske og negative til bilaktivitet, påstår at vi råkøyrer og burner. Men det er faktisk ikkje alle i bilmiljøet som køyrer hardt på vegen, og derimot mange utanom miljøet som trakkar skikkeleg på gassen. Eg ser stadig bilar med familiefolk som er langt over fartsgrensa, seier Malin. – Men folk er vel skremde av fartskulturen? – Ofte høyrest det kanskje verre ut enn det er, folk reagerer veldig på lyd. Eg kan også irritere meg over rånarar som vrengjer til inne i byen og mellom folk, det er heilt unødvendig, meiner Malin. – Det er snakk om fart opp mot 300 km/t ute på vegane? – Tja. Eg tvilar no litt – det kan gjerne vere litt skryt også. Det er ikkje mange plassar rundt her at ein kan få bilen opp i så stor fart. – Men den siste tida har vore prega av ulykker og debatt om trafikkultur? – Ja, det gjer inntrykk. Men ulykker skjer ikkje berre med BMW'ar, som ein kan få inntrykk av, poengterer Malin. Svein Arne Stall fortel at han sjølv vart alvorleg skadd i bilulykke for nokre år sidan, der han også måtte i fengsel etterpå. – Ein blir skremt. Og eg unner ikkje min verste fiende alt eg har opplevd av smerter i etterkant. Heldigvis gikk det bra med dei som sat på med meg, elles veit eg ikkje om eg hadde vore her no. Men bilinteressa og det sosiale her gir ein ikkje opp uansett, seier han. – Vi er nok meir opptekne av bilane våre og det sosiale enn av fart, her er det meir "sjå dei nye felgane" enn prat om fartsrekord. Folk må køyre skikkeleg og ta omsyn på vegen! Vi køyrer fint på vegen, og fort på bane, vi. Næh, kom du deg helt hit? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
BimmerKing Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Den er LAAAAANG ja Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
kuanov Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Mon tro om det er realistisk å få to baner med samme størrelse som Rudskogen og Våler, i Romsdal?? Burde vi ikke heller ha slått oss sammen, slik at vi stiller enda sterkere?? Men hadde et vært opp til meg...JA TAKK, BEGGE DELER Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Der Barockengel Skrevet November 2, 2008 Forfatter Share Skrevet November 2, 2008 Jeg har HELE artikkelen lagret He-he - jeg skjønner hvorfor du skrev hele med store bokstaver. Ellers ser det ut for meg som om begge anleggene har mye for seg - problemet med å bygge på Vestlandet, er at det er mye fjord og fjell - men lite areal som egner seg for bygging. Ofte kan byggekostnadene bli tilsvarende høye, siden grunnfjellet ligger rett under overflaten, og man må sprenge for den minste byggeaktivitet. Dett ser ut til å være noe man slipper her. Jeg har også stor tro på å bygge et anlegg i kyststrøk, siden vinteren vil kunne være kortere, og man vil kunne få en lengst mulig sesong for bruk av banen. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Der Barockengel Skrevet November 2, 2008 Forfatter Share Skrevet November 2, 2008 Burde vi ikke heller ha slått oss sammen, slik at vi stiller enda sterkere?? Du sier noe der... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
BimmerKing Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Klart det ikke er lønnsomt med to baner som Våler, men nå har jo VMK aldri lagt lista så høyt da Bana vår blir liten i forhold til det som er planlagt på Hustad. Vi vil derimot ikke legge ned planene våre fordi om det er klart at de vil prøve å få til en bane der ute. Vi er selvfølgelig positive til dette, og vil gjerne være med å hjelpe til, men vi legger som sagt ikke vekk våre planer... Vi bør nok prøve å samarbeide om visse ting, og det skal ikke stå på samarbeisdvilje med oss. Men vi hører veldig lite derfra for å si det sånn. Var i kontakt med en der ute for noen uker siden, og han lovde meg å ringe opp igjen over helga som kom da, men har ikke hørt noe siden... Så jeg venter på initiativ derfra jeg. Når det gjelder samarbeid er jeg så absolutt enig. Vi bør få slå sammen alle krefter vi har, dermed står vi jo også mye sterkere mot fylket.. Men det er ikke dermed sagt at vi trenger å legge noen av prosjektene på is. Vi kan fortsatt samarbeide mot fylket og kommunene rundt oss Reguleringsplanene våre har kommet igang, og vi venter spent på kommunens svar Så får vi se da her er forresten en VELDIG grov skisse om hvordan vi ønsker vår bane Det er ikke tegnet i målestokk og grenser er ikke tatt mye hensyn til her, da dette er ment som en illustrasjon Her er banetegningen som Karl Reidar Rolfstad i Bilsportforbundet tegnet til oss... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Der Barockengel Skrevet November 2, 2008 Forfatter Share Skrevet November 2, 2008 Bildet og tegningen over viser at anlegget i Vestnes er mindre enn det som er planlagt i Fræna. Det bør derfor være plass for begge - også siden det er en viss reisetid mellom de to. Utfordringen er selvsagt å finne villige investorer - og siden Vestnesanlegget blir mindre, an det være enklere å finne lokale krefter som vil helfinansiere anlegget. Ergo kan planene i Vestnes være nærmere realisering... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
kuanov Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Nå er jo ikke reisetiden så veldig stor, når alternativene er Mo i Rana og Våler Men selvfølgelig skal en ny bane ligge på sørsiden av fjorden...hehe Men helt klart...2 baner er å foretrekke. Er bare redd for at det kan bli vanskelig å få midler innvilget til begge banene, noe som igjen kan føre til skittkasting og vi ødelegger for hverandre. Ser Bimmerking sitt poeng med en noe mindre bane, at det er lettere å få midler og gjerne helfinansiere banen selv ved hjelp av lokale aktører. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
BimmerKing Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Blir ingen skittkasting fra meg iallefall.. Men nå er vi kommet så langt i prosessen, at å legge ned prosjektet er vel rimelig uaktuellt. Det ligger allerede en anseelig mengde timer bak prosjektet vårt, fra meg og flere andre med meg... Men jeg ønsker fortsatt en større bane velkommen. For vår blir i utgangspunktet liten. En rundbane(gocart) på 650m og ett strekke på 550m.. Det er ikke en tredjedel engang av det Fræna planlegger. Kan jeg hjelpe dem så gjør jeg gjerne det, men jeg har nok å gjøre med det jeg har her nå, så jeg gidder ikke spørre om å få lov å hjelpe. Får jeg derimot en forespørsel, så kommer jeg til å hjelpe til med det jeg kan.. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
kuanov Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Håper hvertfall at tilbakemeldingen ifra kommunen blir positiv, og at spaden kommer i jorden snart. Har desverre ingen midler i form av utlån av gravemaskin eller lastebil, men en anleggsspade kan jeg hvertfall sponse Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Marius2002 Skrevet November 2, 2008 Share Skrevet November 2, 2008 Blir bra med bilbane her i Romsdal Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå