Eg har ikkje vore i Polen, men planlegger ein tur ned der til sommaren med ein vennegjeng
Her på Vestlandet er det heilt vanleg å hente inn arbeidskraft om sommerene til å plukke bringebær, jordbær, anna gårdsarbeid osv.
Foreldrene til ein god kompis av meg drive ein bringebær gård som leverer ca 1 tonn (!) bringebær kvar dag (dei hadde i sommar 8 arbeidere) til fruktlager. Det vil seie både korgebær og saft.
Ettersom han ikkje har surra seg til å ta lappen enda, og foreldrene hans sku te Bergen ein tur, var eg der inne i 3 dager og kjøyrte bær med traktor og 6-hjuling (fytti grisen for ei arbeidsmaskin).
Ein av dei polakkene som var der hadde ein ganske ny Opel (hoksa ikkje kva type) som han hadde knekt fjæra på, og sku ha tak i ny fjær. Eg skaffa ny til han fra Biltema i Bergen og fekk den samme dagen med hurtigbåten.
Det han sa var at vist dei sku ha gjort ein sånn reperasjon i polen (no var han verkstadarbeidar) kom det til å komme på ca 400 kr inkl. deler til den bilen!
For å lakere bilen min tippa han rundt 5000 kr og då ville mange verkstader tilby seg å vaske bilen inni, behandle skinnsetene mine og ta service på bilen for berre ein 200 lapp meir.
Men sef, utgiftene i Polen er jo MYKJE mindre enn dei me har her i Noreg.