-
Innholdsteller
238 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av justemann
-
Eg har ein TM3 eg vurderer å byte ut til ein billegare bil for å frigjera litt kapital. Valget står mellom ein trasig leasingbil til 3000 per månad, eller ein eldre bil til ca 50k. Då seglar blant anna E9X opp som aktuelle kandidatar. Både 316, 318 og 320 finnest i både diesel- og bensinvariantar i denne prisklassen, men kva skal eg velje? Eg har tidlegare hatt E90 LCI og likte den veldig godt, så det er eit stort pluss om det er nyare enn 09. Bilen skal stort sett brukast til jobbpendling, så om det er sedan elle stasjonsvogn er ikkje så nøye. Det viktigaste kriteriet er nok holdbarheten på motoren. Kva bør eg gå for?
-
Eg treng ein slepekrok til ein E39 523i til isbanekøyring ihelga. Er det nokon som har det i området rundt Bergen?
-
Kva inneber det at felgen er typegodkjend? Så lenge innpress, lasteindeks, breidd og denslags er likt det som blir levert frå BMW, er det vel vel vanskeleg å sjå for seg at dei kan unndra seg reklamasjonsansvar? Og det me kan reklamere på, er vel typisk det som inngår i ein garanti - makes no sense å fjerne noko frå garantiordninga som ein kan reklamere på (så lenge ein ikkje heiter Tesla - då makes it perfect sense 😅). Men det er vel kanskje akkurat dette seljaren refererer til som at felgen må vera typegodkjend?
-
Høyres heilt topp ut! Ein pitteliten frunk er akkurat stor nok til å stue vekk nødladar og slikt ein svært sjeldan brukar, men likevel treng ha med. Har sjølv bestilt i4, og håpar nokon gjer det same der på sikt.
-
Nei, rik blir ein vel neppe av å flippe i4, men om du har bestilt før prishoppa og i tillegg har storkunderabatt, bør det vel la seg gjera å ta levering av bilen, prøva han ut nokre hundre km og likevel selja han oppunder dagens nypris?Forutsett desse to faktorane, bør vel det la seg gjera ganske nært opptil tidspunktet for det første prishoppet? I september, var det? Når det er sagt, eg har ingen som helst planar om å selja bilen. Eg har per i dag ein Model X, og gler meg som ein unge til å byta han ut med i4, men eg tvilar på at kona gler seg like mykje. Ho gler seg til å koma vekk frå kvaliteten og servicen til Tesla, men er kanskje meir skeptisk til å gå frå den perfekte babybilen (sett bort frå Caravelle og denslags) til i4 - som er vel eit pittelite stykke frå å vera perfekt familiebil - for ein familie på fem 😅
-
Så lenge det er folk som står klare til å kjøpe, er det vel berre sånn det er, ja. Og det er jo heilt greit. Det er ingen som vert tvungne til å kjøpe bil. Eg trur det kan ta litt tid før dei fleste har fått produksjonsveke. Eg bestilte 12.juni, og då eg kontakta selgaren min, hadde dei berre fått produksjonsveke for dei som bestilte mellom 2. og 4. juni. Han antyda vidare at han visste meir om produksjonsveke for min bil i slutten av februar. Eg kan vel håpe på levering i mai, kanskje? Sjølv om 12. juni ikkje er blant dei første, vil eg tru at størsteparten av bestillingane kom godt etter dette, og at det er såpass mange potensielle kjøparar at markedet for å selje i4 på privaten kjem til å vera ok ei lita stund enno?
-
Då eg bestilte min i4M50 i juni, hadde eg relativt like punkt på ynskjelista. Me har per i dag ein Tesla Model X, som trass i mange manglar både i design, kvalitet og ikkje minst service, har vore ein fantastisk praktisk baby-bil (til dømes mykje meir praktisk enn XC90 hybriden eg bytta han ut med). Me vurderte akkurat dei same bilane du har på di liste, og vurderte dei egentlig heilt likt òg. Hadde det vore større hengarvekt og 4x4 på iX3, hadde me nok valgt denne. Sjølv om me kjem frå ein bil med vanvittig god plass til alt det krimskramset ein barnefamilie dreg med seg på tur, landa me på at i4 er stor nok 9 av 10 turar (me har sporadiske langturar i staden for jamnlege). Som oftast er det berre éin vaksen pluss ungar i bilen, og det bør vel kunne gå heilt fint. For min del er eg villig til å ha det trongt både med omsyn til folk og fe dei få gongane me skal på tur alle saman, når premien er å trille rundt i ein bil eg har myyyykje meir lyst på enn dei andre på lista. Me var heldigvis ganske tidleg ute med å bestille i4, så om det vert fullstendig umogleg å pakke heile familien inn i bilen, kan eg nok selje han utan å gå i minus og heller gå for e-tron eller iX 😐 PS! Eg har ikkje to ungar som skal trøkkast baki det vesle baksetet til i4en.... Eg har tre 🙄 to på fire og ein på seks 😂
-
Det var vel kanskje eitt tilfelle av det som Ampera nevner? At dei ikkje hadde rette deler for å gjera endringane? Eg håpar at selgar veit det før eventuelle endringar vert lagt inn. For min del er det soltak, HK, shadowline og Vernasca som eventuelt skal leggast til. Men ingenting av dette er så viktig at eg vil utsetje levering kjempelenge.
-
Har vore i kontakt med selgaren min om andre endringar eg ynskjer. Han ville vente med å leggja dei inn til han hadde fått produksjonsveke. Er det slik at nokre endringar vil kunne gje seinare leveringstid og andre ikkje? Kor lang tid går det frå produksjonsstart til levering ca?
-
For min del plagar det meg lite at det ikkje er ekte skinn, men meir det at eg likar betre fargen på Oyster og ikkje minst mønsteret i dei ekte skinnseta. Det eg er urolig for er slitestyrken til skinn vs Sensatec. Reknar med Sensatec er eit knepp meir slitesterkt og motstandsdyktig mot ketchup og is? Skinn som vert behandla regelmessig held seg sikkert fint lenge, men om det ikkje vert behandla, så vert det vel relativt fort tørt og lite motstandsdyktig...
-
Er det fleire som har bestilt bilen med Canberra Beige Sensatec interiør? Eg har bestilt ein Fully Charged i Portimao Blue og Canberra Beige Sensatec. Har ein Model X med kvitt kunstskinn i dag, og er godt fornøyd med kunstskinn og dei praktiske kvalitetane (les: tre små ungar som grisar og herjar). Det einaste eg er usikker på, er fargen. Eg kunne aller helst tenkt meg Oyster, men då må eg oppgradere til skinnseter, og er litt usikker på om eg vil det. Er det nokon som har erfaring med Sensatec vs skinn? Både mtp kvalitet og feeling...
-
Heilt enig. Hadde ein tur til ringen for ein månad sidan, og hadde booka X3m på flyplassen i Frankfurt. Fekk tilbod om M8 i staden... Då skulle eg ønske me berre var to store karar på tur, og ikkje tre 😅. Det blir Sixt neste gong òg 😁
-
Eg registrerer fleire som klagar på dette, men det er vel neppe slik at dei som køyrer utan baklys i mørke og dårlege lysforhold har lysbrytaren på "auto". Dei som køyrer utan baklys i mørket, har brytaren på "0" (kor dei fleste bilar har tent DRL). Etter mi erfaring slår dei fleste automatiske lysfunksjonar på nærlys (og baklys) i god tid før lysforholda blir så dårlege at det er vanskeleg å sjå bilar på vegen. Om siktforholda tilseier det, så skal sjølvsagt nær- og baklys vera tente. Men eg slår likevel eit slag for autofunksjonen på lysa. Det er til dømes mykje enklare å registrere bilar som bremsar i dagslys om dei ikkje har baklysa tente òg.
-
Eg har aldri hatt bil med Gesture Control sjølv, men har brukt det ein gong og to og kan lett førestille meg at det er praktisk. Har hatt Tesla dei siste åra, så alt over touchskjerm blir ein oppgradering. Eg antok at Gesture Control skulle vera sjølvsagt på iDrive 8, men kanskje ikkje...
-
Eg las nett Broom sin test av bilen, og der framgjekk det at bilen manglar Gesture Control. Gjer han verkeleg det? No har eg ikkje vore med på BMW-toget dei siste fem åra, men hadde inntrykk av at dette var nærast standard. Men eg skjønar at eg har gått på ein smell her? Eg klarar meg nok utan, men hadde gledd meg til å vifte og veive med nevane for å justere lyd og denslags... Nedtur 😕