Gå til innhold

melmac

Medlem
  • Innholdsteller

    72
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av melmac

  1. Syns også det blir litt dyrt å legge ut 3000 for ny plate kvar gong det kjem ei oppdatering.. Du får jo en ganske fancy GPS med nymotens features for den prisen.. Iflg. realoem.com fins "UPDATE DVD ROAD MAP, EUROPE PROFESSIONAL", noken som veit kva dette er? Står ikkje pris.. http://www.realoem.com/bmw/showparts.do ... g=65&fg=50 Kunne betalt litt for ei kartoppdateringstjeneste, gjerne nettbasert.. Et anna alternativ er jo å søke på bmw road map europe på ebay, men er vel omtrent like tvilsomme varer der som på nettet sikkert...
  2. http://www.bimmers.no/viewtopic.php?t=56300 NB! Test gjerne nokre gongar utan å nullstille så du er sikker på at du nullstiller korrekt serviceindikator, kjedelig å nullstille feil.
  3. melmac

    Brumming 530D

    Dette skjer med min 2005 525d også, har aldri tatt sjansen på å spørre på forumet, men har gått ut frå at det har med partikkelfilteret å gjere.. Hadde leita opp delenr. og pris på ny bakpotte etter første gongen eg høyrde den lyden, men når eg starta opp bilen neste dag for å køyre til ein plass det gjekk an å få lagt seg under for å få inspisert var lyden borte vekk... Opplever dette spesielt under langkøyring, men også på småkøyring innimellom når det er kaldt ute..
  4. Takk for tips, har leita litt på nettet utan å finne noko på temaet
  5. Du hadde rett, samme oppførsel med dei lysa
  6. Har ikkje testa, men du har sikkert rett (skal stikke og teste etterpå), er det evt noko alvorleg, eller kun ein slik etter-programmerings jobb?
  7. Andre enn meg som har opplevd auka forbruk etter software-oppdateringa? Min 525d har tidlegare stabilisert seg på ca. 0,8 l/mil ved bykøyring, men no stabiliserer den seg rundt 1,1 l/mil... Kan det vere at ein har endra temperatur/mengde diesel for å spare partikkelfilteret i nyare versjonar? Eller kan det vere for å oppnå bedre effekt? Har ikkje tatt den med ut på ein skikkeleg langtur endå, men Oslo-Ruudskogen-Oslo brukte den 0,75 ca. Har tidlegare hatt snitt på såvidt over 0,6 Oslo-Sunnmøre Har forøvrig opplevd at regnsensoren har blitt meir "konservativ", dvs viskaren startar ikkje lenger viss det kun ramlar 3 regndropar på ruta.. Har også ein "feil" etterpå; lyset i hanskerom og bagasjerom tenner og sløkker umiddelbart dersom tenninga er på; når tenninga er av sløkker dei etter ca 1-2 sekund - er ikkje så lenge sidan eg oppdaga det, så har ikkje tatt det opp med dei som oppgraderte den endå..
  8. du tar berre "info on destination" ved innplotting av destination, deretter går du tilbake til kartet.. I ny versjon har du eit eige "POI"-ikon på venstresida i kartbiletet
  9. Litt bilete: "vogelperspektive": POI viser også i "vogelperspektive": Dette er nytt, piler poppar opp i feltet til høgre og forsvinn igjen når avkøyringa er passert: Valg av kart og POI er forøvrig "persistent", dvs. overleverer stopp/start - hadde du kart med POI oppe før stopp kjem det opp når du startar igjen. Det likar imidlertid ikkje DVD-spelaren min, for den klagar litt "klakkelydar" ved lasting av kart når eg vrir om tenninga.
  10. Det kan hende at eg bomma litt med prisen, då, for trudde at eg fekk bytta stemmestyringa til engelsk, men dama snakkar tysk endå. Er forsåvidt heilt ok for meg med tysk, tenkte kun på evt. vidaresalg. Prisen som eg fekk oppgitt for denne oppgraderinga var ca 3000,- (og så kan du evt trekke frå bmwccn-rabatten) - men fekk tatt "vehicle inspection" og "microfilter" service, og det medfører noko "verkstedmateriell" på fakturaen, så har ikkje ein nøyaktig sum (microfilter er jo kjempeenkelt å bytte på E60, men tør ikkje la vere å ha desse stempla i boka ved vidaresalg)... Har prøvd å resette gearkassa eit par gongar før; er nesten sikker på at det har gitt merkbar forskjell - den skal visstnok tilpasse seg køyrestilen din første 1000 km etter "reset" og forbli slik. Har i grunnen tenkt at den har endra seg sjølv etter det, men er kanskje innbilning.. Imidlertid ikkje heilt komfortabel med dette; første gongen var det bykøyring med masse fartsdumpar - då oppnådde eg ein "mjuk" køyrestil type giring - andre gongen var det like før langtur til sunnmøre, etter det har eg oppnådd meir sportsleg giring (som ikkje passar så veldig bra til bykøyring).. Etter omprogrammering til ny software virkar det nesten som at utvekslinga er endra slik at den treff bedre med momentet ift. turtall, men det går vel ikkje an så det er vel andre endringar som har skjedd...
  11. Heisann, henta bilen hos Autozentrum Gardermoen i dag etter ei slik oppgradering - køyrelys, oppgradert navi, tilsynelatande bedre motorrespons (sikkert placebo, evt endring i korleis girkassa oppfører seg) og diverse nye ting i iDrive.. Er samme prisen på denne oppgraderinga fleire plassar som eg har sjekka (og denne oppgraderinga må du jo innom ein merkeforhandlar for å utføre), vil anbefale innmelding i BMW Car Club viss du er litt bilinteressert og dermed treng litt delar innimellom, då får du jo litt rabattar her og der Kjempefornøgd med service og utført jobb hos Autozentrum Gardermoen, i alle fall (dra dit )
  12. Autozentrum Gardermoen - Med fare for å gjenta - kort ventetid ved bestilling av oppdrag, serviceinnstillinga er god (ringde ved spm. og tok seg tilsynelatande god tid til å sjekke ekstra nøye etter slark i forstillinga sidan dei likevel måtte til med firehjulskontroll pga. bytte av endeledd på styringa), alt med godt humør. For min del landa rekninga til og med på litt under det eg hadde blitt forespeila (ikkje kjempebilleg, men heller ikkje kjempedyrt som det ofte endar opp med å bli hos store merkeforhandlarar).
  13. Har ikkje oversikt over kva deler som følger med osv. men det var litt nyttig informasjon i teksta her: http://www.realoem.com/bmw/showparts.do ... g=84&fg=95
  14. Hei, du brukar vanlegvis bluetooth til å kommunisere med telefonen, og så brukar du snap-in adapteret til å lade telefonen + antennetilkobling.. Har du navi professional foregår oppsett av bluetooth i idrive, er usikker på korleis du gjer dette utan den pakken... Bør finnest ei bruksanvisning på dette som følger med bilstereoen Kan godt hende at enkelte modellar brukar kabling og ikkje bluetooth.. Lykke til!
  15. Jepp, fekk gleda av å slå av en bilprat med ein entusiast og beskue ein nydeleg E61 Takstativet er prøvemontert og passa heilt fint, dessverre var kameraet tomt for batteri så bilete blir det ikkje i denne omgang.. Er også optimistisk til å feste på Thule-utstyr, treng antageleg berre stikke ein tur innom Jernia for å skaffe eit par skruar og skiver i ulike størrelsar
  16. Supert, bor sånn ca. innanfor 5 minutt unna Økern, og jobbar sånn ca. 8-10 minutt unna Økern Så vi kan jo avtale tid/plass, sender deg pm...
  17. Har du solgt takstativet? Er på jakt etter takstativ, men har forsåvidt ikkje funne ut om det går an å montere thule skiholdarar ++ på bmw sitt takstativ, veit du om det er det same festeopplegg som thule aeroprofil (spor på toppen av "røret"? Leita lenge og vel på nettet og fann til slutt denne: http://www.mini2.com/forum/exterior/262 ... -rack.html - her står det litt om å montere thule-utstyr på mini originalt takstativ, og det er heilt sikkert same som BMW.. Ikkje heilt rett fram, men går sikkert an å fikse eitkvart sjølv Takstativet er dette, ikkje sant? Redigert - Forresten - har ikkje funne ut kva skiboks du hadde i tråden din - finn ut at alle i grunnen er for lange for e60 - alternativt kan kanskje packline fx-suv fungere? Har du bilete av bilen med skiboks? Har litt lyst på skiboks, men ser at det kan bli litt (veldig) dyrt også viss en skal ha lakkering og full pakke.. Viss du gidd kan du svare, men viss du framleis har dette takstativet byr eg ein tusenlapp for det
  18. Gustav C; håpar det ordnar seg for deg.. Var innom Autozentrum (Oslo) for å bytte olje (må ha det stempelet i boka for å ha orden i sysakene ved evt. vidaresalg), og spurte om han som skrua på den kunne vurdere om det er grunn til bekymring mht. lydane. Men han høyrde ingenting, så dei ba meg evt. kome tilbake ein annan gong når ulydane var meir markante. Har nokon forståelse for kor lenge det kan gå før det evt. blir havari på tannstang eller servo og om det er risiko for at servopumpa også vil gå viss ein ventar det ut? Har importbil, så kan vel takke meg sjøl for at eg ikkje sjekka dette med garanti/kjøpslova før eg kjøpte den.. Kan sikkert ta kontakt med forhandlaren i Tyskland, men den ordinære garantien på 2 år som gjeld der har jo gått ut.. Har forresten kun gode erfaringar med Autozentrum, og ser ikkje på det som umogeleg at dei hjelper litt til med å søke garanti, evt Er uansett kjempefornøgd med E60'en, og er veldig spent på korleis den oppfører seg på vinterføre
  19. Vil også anbefale å handle dekk hos dekkvarehallen i Bærum for folk som bur i Oslo-området, har sett i ymse trådar at andre også er fornøgde med dei. Var ein tur ut der i stad, og fekk bli med og sjå på alternativa som dei hadde av felgar utan at det var noko nøling med det. Dessverre hadde dei ikkje felgen som eg ville ha på lager til min bil akkurat i dag, men det var berre litt uflaks. Veldig god service og hyggelege folk http://www.dekkvarehallen.no/
  20. Ser ut til at dette er å finne som originalt (ekstra)utstyr til E91 http://www.realoem.com/bmw/showparts.do ... g=51&fg=95
  21. Nokon her med E60 som har hatt problem med ulyd i styringa? Er i grunnen to problem, det eine er ein skrikelyd når ein rattar av og til, kombinert med at du kjenner at eit eller anna "luggar" når du vrir på rattet. Det kjennest ikkje ut som ein mekanisk ting (som f.eks. slepering som må byttast/smørast), heller som eit eller anna hydraulikkproblem. Skjer spesielt når det er litt fuktig luft, og blir verre ved masse ratting, f.eks. når ein køyrer opp/ned i parkeringshus (dette talar vel for at det er eit eller anna som treng litt smøring likevel)... Er ikkje enkelt å lokalisere sånne lydar, for dei følger rattstammen.. Det andre er at eg får denne lyden kombinert med ein klunkelyd ved sving over bakketopp/ujamnt terreng. Normalt ville eg mistenkt at klunkelyden kjem av ei gåen foring/bærekule/styrekule/slark i hjuloppheng, men denne kjem akkurat når skrikelyden kjem. Har ikkje vore til nokon forhandlar for å høyre om dette er kjende problem endå, men ved å surfe på nettet har eg kome fram til at andre har dette problemet. Løysinga der har vore å bytte servostyringa: http://forums.e60.net/lofiversion/index.php/t36407.html Får stikke innom Autozentrum i Oslo ein dag, dei har sikkert erfaring, men hadde vore kjekt å vite om andre her inne har hatt tilsvarande problem...
  22. Ang. avtagbar krok; noken som har erfaring med om det er mykje styr å ettermontere med M-tech bakfangar (må en kappe, og blir det pent)? Har sett kun 1 bil som hadde det, men den var i fart... Greiner: hadde vore kult om du kunne skrive litt når du har fiksa krok.. Kva det kostar og om det er vits å fikse sjøl evt.. Hadde vore gøy med krok
  23. Har nettopp brukt masse tid for å sette meg inn i endringane som er utførte på e60, så kan jo prøve å bidra her medan vi ventar på Fredrik Ved å plukke litt info her og litt der meinar eg at dette må stemme sånn nokonlunde ift. når BMW produserte 530d med henholdsvis 218HK og 231HK: E60, produksjonskode NC71, motor M57TUD30 (sedan/218HK) 02/2002 tom. 09/2005 E61, produksjonskode NJ71, motor M57TUD30 (touring/218HK) 11/2002 tom. 09/2005 E60, produksjonskode NR71, motor M57TU2D30 (sedan/231HK) 02/2005 til facelift mars 2007 E61, produksjonskode NS71, motor M57TU2D30 (touring/231HK) 02/2005 til facelift mars 2007 Motorbyttet på enkelte modellar (525i, 530i, 545i? og 530d) vart jo i følge mange kjelder lansert i september 2005, Sjølv om det ser ut til at f.eks. produksjonen av 530d med den nye motoren starta 02/2005.. Det var vel sikkert for å ha nokre bilar klare til levering då den vart lansert. Du burde jo vere ganske trygg fom. 01/2006, men sidan mange snakkar årsmodell og produksjonsår om kvarandre (i Europa snakkar vel BMW kun produksjonsmnd/år?) er vel det einaste sikre å sjekke VIN-nummeret.. http://www.e60.net/information/ http://no.wikipedia.org/wiki/BMW_5-serie http://www.realoem.com/bmw/select.do?vi ... 7N2&arch=0 Håpar dette ikkje vart berre tull
  24. Hei, på min e60 525d er regnsensoren overfølsom etter mitt skjønn, viss det er litt regn i lufta køyrer den intervall i lav fart, men ca. over 50 viskar den jamnt, og kjem det litt meir regn køyrer den full fart. Varierer bittelitt når ein skrur på hjulet for å justere følsomheita, men er nesten ingen forskjell. Har kjøpt nye viskarblad, men det hjalp berre litt. Har også pussa ruta skikkeleg rein framfor sensoren i tilfelle det skulle vere små partiklar som forvirrar sensoren, og det ser heller ikkje ut til å vere skade på ruta. Er skikkeleg frustrert, for den gode gamle intervallviskinga er bytta bort med regnsensor-opplegget. Vurderer å oppgradere software bl.a. for å finne ut av dette, fann forslag om dette på nettet. Er ikkje nokon som har noko triks, vel? Som f.eks. å lime eit eller anna over ruta der sensoren er eller å ha på rain-x elns?
  25. Husk at tunge felgar + tunge dekk = masse ufjøra vekt som igjen krev bra støtdemparar++ i senkesettet viss du er glad i å ha god bakkekontakt (ok, då - E46 vart etter kvart levert med 18" originalt - men en billigsenka bil med originaldemparane vil nok ikkje akkurat ligge bedre på vegen når du skruar på tunge hjul). 18" har vel alle no om dagen, så viss du har god dekning på lønnskontoen er det 19" som gjeld ps! Søk i forumet når du skal velge senkesett, finn ein kombinasjon som andre har hatt hell med på den bilen du har (same ant. dører/motor) i staden for å prøve og feile sjølv - med så tynne "lefser" skal det veldig lite til før det ser rart ut Dei oppi her har nydeleg senking etter min smak btw
×
×
  • Opprett ny...