Gå til innhold

E32 740i


Anbefalte innlegg

Posten kom med chippen min her ein dag, og eg fekk montert den i styreenheten.

2bc8i7am219anrmy5c9x.jpg

Monterte ein Catch tank til veivhusventilasjonen. Slik at veivhus puster i friluft istadenfor i innsug.

Plasseringa er midlertidig.

Deretter fekk eg prøvekjørt bilen. Det er lengesida eg kjørte bilen no, men det var litt meir gamp i den no :wink:

Gamle 205/15" vinterhjul/pigg blei brukt under prøveturen, og med dei så spant bilen ut 1 og 2 gir, uten hjelp :D

Med samme hjula før kompressor så spant bilen bare ut 1gir.

Dreiemomentet spenner hardt inn på 3k og holder trykket til 6k+ rpm.

Fra 1k-3k rpm så har den bra trykk, men ikkje så hardt som over 3k rpm.

Slik var det også før, berre ikkje så masse effekt :)

1gir er håplaust å kjøyra med. Litt gass så spinner bilen. Blir forhåpentlig litt bedre med sommardekk :wink:

esfe8zd1ygo5xv1ztxrd.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...

Eg får komma med ein bitteliten oppdatering :)

Har skifta alle 4 servo rør/slanger, pga lekk i ein servoslange.

Da filter i servotanken ikkje går an å byta, så skifta eg heile tanken og i samme slengen :wink:

Var litt tukling med å skru av røyrkoblingane på styresnekka, men da gjekk jo ganske greit.

pcm19cj76nbkdwi3gt8c.jpg

3sj7y3vyqv12c3l00oj2.jpg

3r0makhw87xztkww5iz3.jpg

i16bnw8zxnyaoknt1ltb.jpg

Dei andre gamle slangane såg heile ut, men skifta alle når først var i gang. :wink:

ghd5l3hm0bvmpz72bz7u.jpg

Synderen! Dette var slangen som lak olje. Fra servotank til servopumpa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 month later...

Ja, då var sommaren komen og bilen godt utprøvd, på både godt og vondt.

02.05 - MAI og sommardekk :applause:

beecrt968rwj7cz8eaym.jpg

I starten så hadde eg eit mega problem med at motoren ikkje ville over ca 5200rpm, Uansett belastning

Problema var eit slags tenningkutt. Kuttet ligna på Diesel-sperring med små smell i potta. Slik var det ikkje då eg parkerte bilen sist! (Før winter/kompressor)

Tenningskutta var av og til forskjellige. Noken gongar så starta den å fuske/smella og gå dårlig på 6000rpm, andre gongar så kutta den tvert på 4500rpm. Men dei fleste gongane så var det fusking/smell dårlig effekt på ca5200rpm. Slik kunne da så absolutt ikkje vera!!

Tomgangen var bra. Og motoren var som den alltid har våre på turtall opp til 5000. Merka ingen nykking. Hadde da bare våre litt nykking risting på forskjellige turtall, så hadde da kanskje våre enklare å finna feilen.

Kan trygt sei at da er ikkje så veldig kjekt å rusa motoren opp til 5000+rpm for å feilsøka. Grua meg masse for å ta test turer. Sjansen for motorhavari tenkte eg var stor.

Har ikkje montert bredbåndslambda, noke eg burde. Ikkje har eg tatt komresjon test heller, då eg ikkje har utstyr der eg skrur (har ikkje så lyst heller ;) )

Då gjekk timane vekk i masse håvebry! Helger og veker stod eg med krumma rygg å prøvde å finna feilen. Fyfaen, deilig å stå i ro i -5 grader - Lama kne og pinne fingrar :x

Her er noke av dei mange tingene eg testa ut:

- Målte på bensintrykk - 3bar tomgang. Ca.4bar - WOT 5200rpm.

- Skifta til nye jalla-Bavauto coiler - Merka absolutt ingen effekt/endring på Bavauto coiler..

- 2 nye Luftmassemålerer, Lmm er typisk feil på desse motorane i følge ESS, uansett kjekt med 2.

- Nybrukt DME styreenhet - Kjekt med to.

- Nye Oksygensensorer - Pga feilkoder på dei.

- Masse Diagnose - Sjekking av diverse grafer. Feilkoder var få.- Av og til Oksygensensorer, men dei skifta eg, og då forsvandt dei.

- Måling på diverse sensorer, Alle sensorer eg kunne måla med Ohm var innforbi data.

- Fekk på 98oktan fuel. Skifta Bensinfilter - Skjedde ingen forskjell som eg merka.

- Prøvd med den orginale chippen. Skjedde ingenting.

- Tennplugger var fine og brunkvite. Kanskje antydning til mager blanding, Men når eg henta dei gamle pluggane mine som eg skifta i fjor, så var dei og like.

Etter litt prating med ESS, så kom me fram til at eg skulle prøva å gjera motoren orginal igjen, og dobbelsjekka alle plasser som eg har skrudd på når eg monterte kompressoren.

Fjerna all tilknytning til Kompressor: Fjerna Dyser, Chip, Motstand i lmm og kobla ut kompressor.

Starta motoren opp og motoren var Heilt forbanna lik på turtall, Sperra på 5200rpm. No begynnte eg å gje opp heile motoren. Eg forstod ikkje ein ting!

Da einaste som var positivt var at no visste eg at kompressor kittet ikkje var feilande (sålangt)

________________________________________________________________________________________________

Då måtte eg prøva nye ting. Begynte med å testa dei NYE sensorane mine, som eg hadde skifta ut forrige sommar, Kamsensor og Veivsensor.

Skifta Kamaksel sensoren med den gamle, Skjedde ingenting. Kobla så vekk kamaksel sensoren, og starta motoren opp for å sjå om da skjer noke forandring på motoren. Skjedde helst lite, kom ingen feilkoder heller. Litt rart egentlig :?:

Skifta så veivsensoren. Starta opp og turtall sperra kutta på 6500rpm, slik som den skal med orginal chip!!

Endelig, no fant eg feilen. No slapp eg å ligga i senge å tenka på tenningskuttet!

Påbegynte monteringa av kompressor m/tilbehør igjen

_________________________________________________________________________________________________

Montert alt igjen, Motoren funker dødsbra første turen, og Bensinpumpa tar kveld :evil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Endelig en skikkelig BMW på forumet.. ikke triste 3-serier eller slik mainstream bråta!

Kan tenke meg denne går bra og er god å cruise med! Har hatt vanlig 740iL selv. Du får spe på med bilder og info, det liker vi:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar for positiv respons !!

Tålmodighet må du nesten ha viss du skal ha gammal bil. Da har ALLTID vore noke med dei gamle bilane eg har hatt. Men da har nok våre litt meir med 740'en, sammenligna med den enkle jettaen min ;)

Kjekt å ha noke å driva med, men når eit problem varer i fleire månader, så får eg lyst til å hiva dritten utpå sjøen. Men da er ein utrulig god følelse å finna ut feilen etter fleire månader med feilsøking :)

Kjører diverse nye bilar på jobben (Mazda, Hundai, Nissan, Volvo og Ford), Men ingen av dei bilane eg har kjørt kan sammenlignast med bmw'en. Dei føles klumpne, ekle, billige og mangel på kvalitet/luksus. Trur til og med Jettaen min har mindre plastikk enn diverse nye bilar i dag.

Mor mi har ein 11-Bmw x1 , hadde 09-1.serie-combi, Gode å kjøra med, men langt i frå så god som E32'en. Er ein spesiell følelse med eldre bil med motor.

740'en er heilt utrulig god å kjøra med. Ligg du rundt 90-110 på landeveg, så er da nesten som å sveva på ei sky :wink: Ingen krenging, ikkje for stiv og ikkje for blaut. Ikkje så veldig negativt med stor motor heller.

Viss da er sol, varmt og fint vær, så kan eg trygt sei at fjord-crusing uten problem og trafikk, er den beste følelsen eg kan ha. Bedre enn ronking? ;)

Men bykjøring med masse stopp og igangsetting, så er ikkje bilen så veldig god, Da er noke drit med vanskelig clutch.

Samme gjelder veg med holer/humper. Må alltid stressa litt med å svinge vekk i frå ujevnheter i veien.

Akkurat no står bilen i ro, og i påvente av ny Fuel pump, og vatten pumpe. Vatten pompo har begynt å leke i tetningane, så eg skifter heile pompo m.m, istadenfor å tette pakningane. Litt slark i akslingen og, så det er vel påtide å byte den.

Eit lite bilde er kjekt

8zo90pvzwdh11hrwgkmg.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har fått bygd om singel-bensinfilteret mitt om til dual-filter.

I teorien så skal bensinen gå lettare fra pumpa til dyser når det er mindre motstand i filter.

Skal uansett vera 2 bensinfilter på M60-M70

Fra

ec1ukx1muobhdzt0nzr2.jpg

Til

yanbm6zonej7s2zeszdq.jpg

Burde kanskje ha 2 bensinpumper og ? :-k Men pumpa var jevlig dyr, og eg trur ikkje det er vits med 2 pumper.

M60 pumpa skal klare ca.120L/t ved 3.5bar. Så eg trur det er bra nok, er jo bare 90L i tanken :wink:

M70 har to pumper, der ei pumpe har flyt på ca.105L/t ved 3bar.

M30 ca.115L/t ved 3bar.

Det står orginal 1987 730 bensinpumpe i bilen no, så eg trur den hadde våre for sleten og liten til kompressoren uansett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 months later...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...