Gå til innhold

justemann

Medlem
  • Innholdsteller

    238
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av justemann

  1. https://newsbreak.dk/motor/forste-danske-test-kan-den-banke-tesla/833124!/ Sperrefristen på i4 er vel i morgon? Men her er ein danske som har sett feil på klokka... Han var i alle fall begeistra 😎
  2. Akkurat, ja. Har hatt Volvo og Tesla dei siste åra, og har gledd meg stort til endeleg å ha ein bil kor "alt" stemmer igjen... Men jaggu er det ikkje ein skivebom og to her òg. Kva blir det neste? Halogen i blinklysa? 😅
  3. Eg er samd at setebreiddejustering og korsryggstøtte på passasjersida er viktige funksjonar, men kva er dette med speglane? Er det ikkje auto dim på speglane? Dette har gått meg hus forbi. Reknar med dette gjeld dei utvendige speglane? Det er jo heilt 1989! Er det kassettspelar i bilen òg? Sveiv til vindauga? Shame on you, BMW!
  4. Dette ser unekteleg kjekt ut 😁 ser òg ut til at integrasjonen med mellom Anna Apple Maps funkar betre enn andre versjonar av iDrive (kor kartet vel ikkje kan maksimerast slik som her). Blir spanande å sjå om det òg vert visning i Hud.
  5. Heilt enig. Hinsides pris. Eg lot vera å bestille vinterhjul. Det er såpass lenge til levering (Q1-22), at eg tenkjer det dukkar opp gode alternativ andre plassar før den tid. 30k for 18" vinterhjul er heilt uaktuelt for min del, i alle fall.
  6. Oyster er skinn, ja.... Det er vel mellom anna Canberra beige som berre vert levert som Sensatec....
  7. Det der var snadderkombinasjon 😁
  8. Det der blir nok ein fin bil, men Kvifor ikkje bruke den halve millionen på ein bil som er morsom å køyre og på sikt "gratis" å eige... Både e46 M3, E39 m5, Porsche 911 996 Turbo (eller i alle fall 4s) og mykje anna gøy skal opp i pris... Med ein halv million kan du kjøpe mykje morosamt for pengane 😁
  9. Har bestilt M50 i Portimao Blue, men er litt usikker på interiøret. Hadde ein e90 Le Mans Blue med oyster interiør for eindel år tilbake. Den fargekomboen drøymer eg om den dag i dag. For meg ser det ut til at Oyster på e90 liknar meir på Canberra beige på i4? Oyster ser vesentleg meir grått ut? Nokon som veit? Elles er eg usikker på sensatec vs skinn. Har ein model x i dag med krittkvite kunstskinnseter som er lette å halde reine. Har òg tre kids som skal grise og herje. Er sensatec meir eller mindre slitesterkt enn skinn?
  10. Den kassen kan ein vel kanskje anta at ikkje er der om ein går for HiFi...
  11. Bass under hattehylla? Hmm... Det kan virke som at HiFi får duge for meg 😕
  12. Nokon som veit om holet under bagasjeromsgolvet forsvinn/blir mindre om ein bestiller med Hk-anlegg?
  13. Då eg snakka med forhandlar om i4, sa han at bakseta kom til å vera breiare og ha betre plass i lengderetninga enn dagens 3-serie. Hadde nett ein test med tre bakovervendte barnestolar (3x Britax Maxway) i ein kompis sin 330e. Det gjekk fint mtp breidde, men pga utforminga av seteryggen bak, måtte dei ytterste barnestolane setjast lenger ut på setet enn naudsynt. Dette resulterte i at førarsetet måtte stå litt lenger framme enn heilt ideelt, men for min del konkluderte eg med at det var til å leve med. Eg er 187 høg. Håpar det vert marginalt betre i i4. Ser òg ut til at bakdøra let seg opne ganske mykje, slik at det vert ok tilkomst til baksetet.
  14. Eg var hos forhandlar i går, og han sa at det vert betre plass i baksetet både i breidda og lengden samanlikna med 3-serien. Takhøgda vert sjølvsagt lågare. Det høyres jo lovande ut for oss med småkids som skal i baksetet. Eg har ungar i barnesetealder, men dei er ferdige med vogn. Eg har eit håp om å få pressa inn tre små seter i baksetet. Får folk det til i E-soul, så vil eg få det til i i4!
  15. Tja. Den bilen (728i)ser jo ut til å vera i svært god stand. Er ikkje det meir verd enn om bilen har utstyr? Sjølvsagt er mykje utstyr å føretrekkja framfor lite utstyr, men kor viktig er det på akkurat e23? Eg har begynt å sjå etter gamal e28, e23 eller e24, og særleg på e23 tenkjer eg at utstyr ikkje er kjempeviktig? Er eg sær? Eg tenkjer til dømes at det er viktigare at ein e24 har sportsseter og manuell enn at ein e23 har elektriske vindauge? Eg har forsåvidt òg landa på at markedet for e23 er såpass smalt at eg heller ynskjer å gå for ein e24 eller e28... Sidan dei sikkert er myyyykje lettare å omsetje. 😅
  16. Mitt råd er å samanlikne begge bilane samstundes. Då eg kjøpte vil sist, hadde eg òg mest lyst på X5, og hadde eigentleg landa på at x5 skulle det bli. Dette var etter at både, q7, x5 og xc90 var prøvde. Eg var klar over at bagasjerommet var minst i x5, men såg ikkje kor stor skilnad det var før tilfeldighetane ville ha det slik at då eg skulle levere tilbake ein xc90 eg prøvde, hadde forhandlaren ein x5 ståande på parkeringsplassen. Då eg såg bagasjeromma i desse to bilane attmed kvarandre, var skilnaden så stor at eg der og då konkluderte med at dette måtte bli svensk bil i staden 😒... For meg var plass i bagasjerommet viktig. Er det det for deg, trur eg det kan vera lurt å ha ein "live" samanlikning. Om du finn ein X5 som er aktuell, er det jo lett å oppdrive ein T8 å samanlikne med.
  17. Enig med Evopower... Suv med bakerste seterad i bruk=svært dårleg plass i bagasjerommet, og det gjeld spesielt i X5 vil eg tru. Eg har ikkje erfaring frå 3.0 d, men då eg kjøpte bil vurderte eg 40e. Bagasjerommet i den og xc90 (som eg endte opp med pga plass) er rett og slett ikkje i same liga. Men det såg du vel då du prøvde bilane? Eg trur ikkje bagasjerommet i F15 i praksis er veldig mykje større enn i F31. I liter er det sikkert det, men ikkje i "kor mykje barnefamiliestasj er det plass til" . Kva for ting skal du frakte? Barnevogner og denslags er vel berre å gløyme? Når det er sagt, om du ikkje treng barnevogn, er vel mykje gjort med ein god takboks? PS! Xc90 t8 står vel noko tilbake for ein m550d, vil eg tru, men t8 går langt utanpå både 40e og 3.0d i F15 når det gjeld akselerasjon.
  18. Og om ein skulle vera uheldig å lukke bakdøra etter førardøra, slik at ein egentlig skulle tru at det vart ein heftig bulk i førardøra, taklar plasten i døra dette heilt fint. Seljaren demonstrerte dette for oss då me kjøpte vår for over fire år sidan. Eg har ikkje testa det på vår, det skal seiast. Elles kan eg rapportere om eit veldig billig bilhold dei første fire åra. Me har hatt vår inne på to garantisaker... Filleting begge to... Det einaste eg verkeleg irriterar meg over, er dei latterleg (!) dårlege fjernlysa. Dei er verkeleg så dårlege at eg faktisk blir litt uvel når eg tenkjer på det. At blinklysa framme er halogen er dårleg butikk, men at fjernlysa er det, er heilt uforståeleg for meg. No finnest det vel fjernlys med halogen som faktisk lyser opp vegbana, men løysinga i i3 er ikkje ein av dei. Dette er vel noko som er utbetra på faceliften?
  19. Jepp! Eg rekna med startprisen kom til å bli høgare. Tidlegare såg det vel òg ut til at dette skulle bli ein mindre bil? Ein som mtp storleiken best konkurrerte mot X3 og Q5. No når både pris og storleik er endeleg, og med ein rekkevidde på over 400km, angrar eg på at eg nett handla XC90. 🙄
  20. Samspelet mellom to motorar gjev ei feilkilde og to til, ja, men elmotoren er jo ikkje akkurat eit samansurium av mystiske deler. Det heile er vel ca like utprøvd som forbrenningsmotoren? Hybridbilar har ikkje trilla veldig lenge på vegane, men hverken i3en min, som snart har runda 60 000 km, eller hybriden min har nokon gong vore på verkstad relatert til trøbbel med drivlinje(r). Men som sagt, det er ikkje berre økonomiske motiv for å kjøpe hybrid. Til det er bilane for kostbare om ein samanliknar med omlag like store bilar.. Men etter mitt syn får ein "meir bil" for pengane samanlikna med ein fossilbil.
  21. Det er eg forsåvidt heilt enig i. Mange hybridbilar er i utgangspunktet så kostbare at det neppe økonomi som står øvst på prioriteringslista til potensielle kjøparar. Det sagt, så er det jo ikkje noko ulempe at ein stor del av den daglege pendlinga går på straum. Eg har 30 km til jobb, og det er ladestasjon når eg kjem fram. Bilen eg har rekk som oftast ca 30km. Dvs at stort sett all mi pendling går på straum. Heilt enig. Problemet er berre at 400 bensinhestar har ein lei tendens til å koste meir enn 400 hybridhestar 😕
  22. Eg reknar ikkje med at GTE skilt seg frå andre hybridar ved å ha stor tank, men storleiken på tanken har jo betydning for om 800 km er longt eller ikkje. Det er eit godt poeng, men dersom bilen ein er på jakt etter vert levert med fleire ulike drivlinjer, kvifor ta sjansen på å kjøpe den som kanskje vert ilagt kjørerestriksjonar om få år? I tilfellet X5 får ein jo ein nydeleg dieselseksar om ein vel diesel, men det er jo langt frå tilfellet for dei fleste bilar som vert levert med både fossil og elektrifisert drivlinje. Ofte er alternativet diesel- eller bensinfirar kontra hybrid. Volvo leverer for eksempel berre firesylindra motorar... Prismessig vert vel alternativet til 530e ein 520d? Så igjen, kvifor ikkje velje hybrid om kjøremønsteret passar?
  23. For min del handlar det paradoksalt nok mest om at ein får ein betre (les: meir hk) bil for lik mengde cash. Med bilen full i kone og ungar er det lite rom for ein tung høgrefot. Det resulterer i eit hyggeleg gjennomsnittsforbruk. Når kona og ungane ikkje er med derimot, er det mykje kjekkare med 400hk som svarer på gasspedalen enn 200 😁😎
  24. For min del var alternativa "billig" dieselversjon med 200 hk eller litt dyrare Plug-in med 400 hk. Med mitt køyremønster vil prisdifferansen vera utjamna på 4 år. Når då dieselbilen har ei usikker framtid både med omsyn til pris og lokale køyreforbod, var mitt val enkelt. Men det er heilt klart, om bilen brukar 0,4 eller 0,9 på mila, betyr lite samanlikna med det enorme pristapet på relativt kostbare bilar.
  25. Interessant å sjå andre sine reelle forbrukstall. Har sjølv både elbil og hybrid, og har eit kjøremønster som passar begge biltypar godt. Legg ut eit bilete av mitt forbruk over dei siste 1500 km med ein Volvo XC90 T8. Det er jo ikkje noko BMW, men tenkjer tala er relevante likevel i denne diskusjonen. Som med tala frå TS er dette usminka kvardagstal. Køyring til og frå jobb og barnehage blanda med eindel langkøyring og noko køyring med tilhengar. Eg er i alle fall godt nøgd med desse tala. Då eg kjøpte Volvoen, var det eigentlig X5 eg var på jakt etter, men den vart uaktuell først og fremst grunna lite bagasjerom, men òg grunna kort rekkevidde på straum (der X5 rakk 16 km, rakk XC90 30). Som fleire har vore inne på her, er det vel kjøremønsteret som avgjera om hybrid er fornuftig eller ei, men høgrefoten og kjørestil er vel òg relativt viktig. Norheimsund-Sotra (100km med variert veg, mellom anna ein liten fjellovergang) gjekk på 0,69 for nokre veker sidan med Volvoen. Då starta eg med heilt tomt batteri. Eg hadde sjølvsagt det berømte egget under gasspedalen denne turen, men fulgte likevel trafikken heilt fint. Ein forbikøyring og tre var det òg plass til. Det er eit imponerande lågt forbruk tatt i betraktning at bilen veg over 2,3 tonn.
×
×
  • Opprett ny...