-
Innholdsteller
53 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Contact Methods
-
Website URL
http://iggu.org/
Profile Information
-
Kjønn:
Mann
-
Bosted:
Sunnfjord
Nylige profilbesøk
Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.
SlimG's Achievements
Newbie (1/14)
1
Nettsamfunnsomdømme
-
fxslin reagerte på et innlegg i et emne: Z3M Coupe & Z3R 1.9 - It's raceday!
-
Verdi på E36 Coupe Alpina/BMW Motorsport
emne svarte i SlimG sin Kolstad Jr. i Annet BMW og motorprat
Eksisterar den her bilen enda? Begynner å lure på om eg skal ofre sparepengane -
Da er disse solgt Mangler bil å ha dem på, så nei takk
-
Disse er solgt! Pris: 5000 Feite og etterkvart sjeldne felgar som kun treng eit strøk maling og kantpolering for å skinne som nye igjen. To smale 8.5" breie felgar med innpress 13. To breie 10" breie felgar med innpress 20. Felgane har absolutt ingen skadar på ytterkanten, altså ikkje kantkøyrt eller anna mishandling. Innerkanten har skader i lakkoverflata som antagelig er fordi felgane har vorte lagra rett på betong ein gong. Frå navet og bak har felgane har vorte malt med matt sølvmaling, den har begynt å flasse av på Bakfelg1, sjå bileta. Eg finn ingen gods-skader på felgane. Felgane skal ikkje ha vore i noko kollisjon såvidt eg kjenner til. Dei kom på ei E36 frå Tyskland i 2011. Dekka som sit på er utsletne og ulovlege, så dei kjem med gratis. Eg kan sende felgane med budbil om kjøpar er villig til å betala frakt. Felgane kan hentast i Dale i Sunnfjord Det er 25 bilete av felgane på finn.no -> http://www.finn.no/finn/torget/annonse?finnkode=51201989
-
Veit nokon om det går an å sette inn stålforingar i ei M52 alublokk fra '95? Eg er klar over at det må borast og honast først. Er slike foringar i det heile tatt mogleg å få kjøpt nokon plass? Årsaken til at eg spør er pga. det er ei blokk med skade på sylinder 4, og eg kan ikkje bytte blokka siden den er del av eit oppbygningsprosjekt som skal godkjennast av biltilsynet.
-
SlimG reagerte på et innlegg i et emne: Er det teoretisk sett mogleg å få ein M52B28 under avgasskrav på 3 av 6 sylindrer?
-
Dette er eit karosseribytte. dvs. 3 deler fra drivlinja på det gamle kjøretøyet med skada karosseri må monterast over i nytt identisk karosseri. Hvis BT godkjenner karosseribyttet vil staten behandle det nye bygget som min gamle bil og eg vil få tilbake samme skilt som var på den gamle bilen. Målet med karosseribytte er å slippe unna fortolling av bruktimportert bil fra Tyskland. Mine tre deler er: Motor, Gir og Diff Etter at BT har godkjent karosseribyttet kan eg skifte motor og herje på som eg vil, men ikkje før. Eg tvilar på det er verdt å spørr tollvesenet om dei godkjenner 2 deler fra drivlinja framfor 3. Det eg skal spørje dei om er om det er mogleg at BT ikkje skal kontrollere meir enn karosseribyttet. Eg meinar avgass og slikt høyrer til PKK, og PKK må eg gjennom etter at bilen har vore hos BT uansett før eg får tilbake dei gamle skilta.
-
Eg spurte BT, og dei tolkar teksten frå tollvesenet som at dei må gjere teknisk kontroll på bilen, noko som inkluderar avgass. Her er sitatet dei refererar til: Eg prøver å få svar frå tollvesenet om kva dei meinar at BT skal gjere med bilen, det eg håpte var at BT sjekkar at ombygginga har vorte gjort forsvarleg, at plomberingar er der dei skal, og at karosseriet er det same som det gamle karosseriet. Tanken her er å berre få bilen gjennom kontrollen til BT først og fremst, om dei godkjenner bygget så kan eg skifte motor og deretter få bilen gjennom PKK og _så_ få skilt på den. Det er ikkje snakk om å bruke den motoren til noko anna enn å få den gjennom testen, og eg kan ikkje skifte motoren før BT kontrollen da den har plombering i motorblokka. Såvidt eg kan sjå på bilete av veivakslingen til M52B28 så ser det ut som stempel 1+6, 2+5 og 3+4 går parallelt Link til eBay salg Link til eBay salg
-
BT vil ta avgass Takk for klokt svar engen90, eg prøve å finne ut om dette kan gå slik at eg sleppe å selge bilen som ufortolla delebil. Vil hjernen la motoren gå normal om lambdaen vert kopla vekk? at den har ein slags statisk "default" blanding den brukar når lambdaen ikkje funkar? Vil det reine oksygenet slå negativt ut på ein avgassmåling? Altså at den blir sett på som "store mengder" Oksygen som burde ha vore konvertert til Co2? Eg er klar over at detta prosjektet ser meir enn mørkt ut. Eg prøve berre å sjå etter dei siste moglege utvegane før eg må gi meg på det og sjå på det som eit ubehagelig dyrt tap.
-
Eg gløymte å ta med i første post at det ikkje eksisterar noko kompresjon på sylinder 4 ved måling. Eg har heller ikkje målt avgass på motoren slik han går no på 5 sylindre, eg reknar berre med at det ikkje skal så mykje til for at avgassverdiane vert for høge når motoren ikkje er heilt frisk. Den går på 5 sylindre no. Ergo ganske ujevnt. Eg reknar med ujevn gange gjer ein auke i negative avgassverdiar, så teorien min var at det kanskje er mogleg å få bukt med den ujevne gangen i tillegg til å fjerne eksos frå 3 sylindre, som igjen kan redusere avgassverdiene mine nok til at bilen blir godkjent. Eg er heller ikkje sikker på kva dei målar ved avgassmålingar, hvis det er krav til oksygen som blir pumpa ut av motoren så slite eg óg. Nokon som veit meir spesifikt?
-
Eg har ein M52B28 frå ein knust E36B28 som har blitt plassert i eit nytt identisk karosseri som ein del av eit oppbygningsprosjekt /karosseribytte. Det visar seg no at sylinder 4 har store skader på stempel og stempelvegg, og eg har vorte anvbefalt å skifte motor. Noko eg ikkje kan gjere før eg har vore hos biltilsynet og vist bilen med plombering på motor, girkasse og diff. Edit: Gløymte å nevne at skadene på sylinder 4 er såpass store at det ikkje eksisterar kompresjon på den sylinderen. Eg har snakka med biltilsynet, og dei seier problemet vert avgasskrav. Motoren går, men då forståelig nok ujevnt og antagelig med for høge avgassverdiar. Såvidt eg ser på veiven til M52, ser det ut til at sylinder 1,2,3 har samme stilling som sylinder 6,5,4. Så trur de at det er mogleg for meg å kopla vekk kablane til dysene på sylinder 6,5,4 slik at motoren går jevnt og då få avgassverdiane under grensa? Eg tenker eit problem som kan komme av det her er at mykje oksygen går i eksosen, og at kanskje oksygensensor får hjernen til å gjere noko rare krumspring med så høge verdiar av oksygen. Kva tenker de?
-
Tusen takk for tipset!