Gå til innhold

E39 instrumenter og setevarme virkar ikkje, bl.a. "K-bus down"


Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei,

Det fins fleire trådar om dette, men ingen av dei har vore til hjelp for meg. Så eg tenkte derfor å opprette en ny, i håp om å få tips for feilsøk. Eg vil helst unngå å sette bilen på verksted.

 

Eg har altså ein 2002-modell 520iA sedan med der alle instrumenta plutseleg slutta å virke. Tankmåler, speedometer, turteller, forbruksmåler og temperatur står alle på 0. Eg mangler også girindikator, lys for lading, motorfeil, handbrekk, bremser, abs, dsc osv. Det som virker er bakgrunnsbelysning, blinkindikatorer, fjernlysindikartor, utetemperatur, km-stand som står på stedet hvil og køyrekomputerfunskjoner som også er på stedet hvil. Eg har heller ikkje ryggelys eller setevarme. Ryggelysa er forståelig, då dei får signal frå girindikatoren, som ikkje virkar.

Eg har tatt instrumenttesten, og der går nålene opp og ned, og det meste av lamper lyser. Men eg saknar ein del lamper, som ladelampe, motorlampe, abs, dsc, handbrekk osv. Er det nokon som veit om desse skal lyse opp på testen? Eg såg en video på YouTube der det også mangla en del lamper. Sjå vedlagt video.

 

Eg hadde i ein periode ein e-Light Entreprise-modul tilkobla lysmodulen. Denne var kobla til 3 ledningar med "strømstjelere". Kan denne ha laga trøbbel? Denne endrar jo kodinga av lysa osv. 

 

Det begynte etter at eg en dag ikkje kom meg inn i bagasjerommet, verken med fjernkontrollen, utvendig handtak eller knapp inne i bilen. Det viste seg seinare å vere brudd i en kabel i strømpa mellom bagasjerommet og koffertlokket. 

 

Eg reknar ikkje med desse tinga har nokon sammenheng, med det skjedde altså kort tid etterpå. 

 

Eg har prøvd å koble frå batteriet over natta, eg har sjekka alle sikringar og bytta batteri. Batteriet har blitt tappa ein del gonger, så eg rekna med det var fornuftig å skifte det ut. Etter 3 veker i utlandet i fjor sommar, med bilen ståande ubrukt, var den faktisk tom for strøm. Eg har lest at elektronikken kan tulle seg når batteriet er svakt. Eg har sjekka ladespenninga etter å ha bytta batteriet, og den er fin. Ligg på 13,6v-14v. Men fortsatt samme problem.

 

Eg har også bytta el-delen på tenningslåsen, men samme problem.

 

Eg har kobla til BMW Scanner 1.4 og får opp diverse feil. Men eg skjønner ikkje alle feilmeldingane veit ikkje korleis eg skal gå fram med feilsøking. Her er det eg får opp med scanneren:

 

DME

Fault currently present:          83 (131) Signal, CAN instrument cluster 2, timeout elapsed

                                               84 (132) Signal, CAN instrument cluster 3, timeout elapsed

 

IKE 

Fault currently present:          BF (191) Internal fault, EEPROM checksum, coding incorrect/incomplete.

                                               90 (144) Voltage supply, terminal 15, faulty    

Fault currently not present:    87 (135) Body bus (K-bus) 

Body bus kjem opp som tilstede når eg resetter og scanner igjen, så den er nok der.

 

LEW 

Fault currently present:          0B (011) Wrong LWS-ID

 

ZKE

No errors  (?) 

Faul currently present:           93 (147) Power up from the GM III      

 

EWS 

Fault currently present:          0F (015) Power on reset

 

SZM 

Fault currently not present:    0E (014) K-Bus down               (Eg er usikker på om denne feilen har vore aktiv tidlegare)

Det er vel her setevarmeknappen sitter? SZM=Switching Center Module

 

Sjå vedlagte skjermdumper frå BMW Scanner 1.4

 

Dette innlegget vart veldig langt, men tanken var å få med alle detaljane, så eventulle svar kan bli så nyttige som mulig. 

 

Alle svar og tips mottas med stor takk!

 

 

Video.MOV

post-71259-0-70728300-1437767540_thumb.j

post-71259-0-57257200-1437767569_thumb.j

post-71259-0-69091000-1437767597_thumb.j

post-71259-0-00504800-1437767631_thumb.j

post-71259-0-98699800-1437767647_thumb.j

post-71259-0-84221400-1437767671_thumb.j

Skrevet

Det ser ut som du har hatt en del spenningsrelaterte problemer, det med instrumentet ditt kan være defekt eeprom eller feil \ d¨årlig koding av denne eller at noe har blitt korrupt som følge av lav batterispenning. Hvor bor du hen?

Skrevet

Det ser ut som du har hatt en del spenningsrelaterte problemer, det med instrumentet ditt kan være defekt eeprom eller feil \ d¨årlig koding av denne eller at noe har blitt korrupt som følge av lav batterispenning. Hvor bor du hen?

Eg bur i Loddefjord, rett utanfor Bergen. Eg har tenkt at feilen kan ligge i sjølve instrumentet, og at det kanskje må byttast. Men kva med K-bus? Dårlig kontakt eller jording en plass kanskje? Eg får jo feil mellom motorhjernen og instrumentet og K-bus nede på midtkonsollen. Men en skikkelig diagnose hadde vore flott, då eg ikkje stoler heilt på BMW-scanner. 

Skrevet (endret)

 

Eg hadde i ein periode ein e-Light Entreprise-modul tilkobla lysmodulen. Denne var kobla til 3 ledningar med "strømstjelere". Kan denne ha laga trøbbel? Denne endrar jo kodinga av lysa osv. 

 

Feilkodene dine tyder på at problemet ditt kommer fra ovennevnte.

Endret av MrBrum
Skrevet (endret)

Hei,

 

Den feilen du har på IKE, om eeprom coding incorrect, den har jeg også, den er av og til borte. Men alt funker slik det skal likavel.

Men angående "Voltage supply, terminal 15, faulty", der mangler du strøm på terminal 15.. (vil jeg tro)

 

Har du sjekket sikring F104 bak i bilen? (Sikring F19 over hanskerommet, skal også gi strøm til "Unloader relay" om jeg

forstår det rett. Se neste pdf)

E39_EF104A.pdf

 

Det er den (sikring F104) som gir strøm til "Unloader relay, terminal 15"

C__BMW WDS Data Files - DO NOT DELETE_svg_sp_SP000001033.pdf

Som igjen gir strøm til sikring "F56 - F65" bak i bagasjerommet høyre side.

Endret av Alpejohn
Skrevet

Takker for svara eg har fått. Eg skal undersøke kablane der e-light-modulen var tilkopla.

Og godt tips Alpejohn, skal sjekke dei sikringane du nevner. Men det blir til helga igjen, pga reisejobb.

Skrevet

No er bilen i orden! Det var sjølvsagt "strømstjeleren" på k-bus ledningen (kvit med gule streker og grå linje) på LCM som hadde heilt eller delvis kordelene i ledningen. Eg burde tenkt på dette med en gang..

Eg sjekka dei sikringene du nevnte, Alpejohn. Eg kunne ikkje sjå at det stod F104 nokon plass. Og eg har berre kontakter i holderen til F56 og F58 , som begge var i orden. Eg sjekka F19, som også var Ok. Men F18 mangla. Denne er merka med Instrumentkombi. Eg hadde ut alle sikringane, og satte inn nye nemlig, rett etter instrumenta svikta i vinter. Så da må eg ha gløymt F18. Denne gjorde nok berre at enkelte lamper ikkje virka på instrumentbordet.

Så det var min egen feil. Moralen er altså: ikkje bruk strømstjelere. Og e-light-modulen var ikkje problemet. Den skal på plass igjen :) Er blitt avhengig av komfort-blink/trippel-blink :)

Takk til alle som har hjulpet meg fram til løysinga :)

Skrevet

Hehe, ja jeg har tenkt at dette kan skje selv når jeg monterte min e light modul.. :)

Bra det ordna seg, sånne feil kan være vanskelig og finne frem til.. :)

Sent fra min Nexus 5 via Tapatalk

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...