Gå til innhold

TurboJens

Medlem
  • Innholdsteller

    418
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av TurboJens

  1. Har du adaptive lys (svingbare)? Uansett, du får kjøpe delane laust, og så lenge lykta er tett og ikkje er full i vatn så ville eg skifta ballasten, den kostar fint lite. Eksempel (orginal 6000kr, det er ran) https://www.autodoc.co.no/nty/17107122 <-- fin pris, sikkert god nok til ein gammal bil. Ellers så kan du kjøpe heile lampen komplett hos Koed for 12.300kr, har du rabatt kan det bli endå billigare. Ser min pris er 9800kr inkl. mva for xenon som ikkje er adaptive. Dei adaptive kostar 14.475kr (11600) Ikkje noko stor jobb å skifte, det ser omfattande ut men å ta av fangaren er enkelt.
  2. Det var ikkje så imponerande med det stab.staget akkurat, men reimhjulet er vel for ein slitedel å rekne, særleg på dieselbilar pga. den harde gangen. Har skifta på begge på rundt 200k, enkel jobb og billige deler om en passa på å kjøpe på rett plass Min har gått langt, er seriøst ein av dei beste bilane eg har hatt. Har vore noko plukk innimellom, men ikkje noko eg ikkje har fått fiksa på garasjegolvet. Den gjekk som drosje eit par år og hadde ikkje ein einaste fraværsdag pga. sjukdom (utenom noko garantijobb, eit BMW verksted som måtte ha bilen inn 6 ganga pga. defekt termostat, hadde lønt seg for meg å gje faen i garantien og heller kjøpt og skifta termostaten sjølv). Eg visste jo at termostaten var gåen, det fekk BMW beskjed om og, men dei er nok opplært til å ikkje høyre på kundane sine og skal finne ut alt på egenhånd. Ikkje snakk om å bestille inn deler på forhånd heller og det er ganske svak kundeservice - spesielt for bilar som går i næring.
  3. Jekken min har streika må kjøpe meg en ny.. Såpass, kva kilometerstand snakka vi om? Er i alle fall ikkje noko poeng i å kjøpe eit brukt sidan det er mykje jobb å skifte og om dei ikkje vare så lenge...
  4. Bremseskjolda er det ikkje, det er ikkje nok masse i dei til å lage ein slik lyd. Den er både høyrbar og tildels merkbar i bilen. Litt for lavfrekvent til å vere bremseskjolda.
  5. Ja, det var derfor eg skifta, for å vere på den sikre sida. Komplett fjærbein foran og fjær/demper/øvre feste bak. Samt alle små gummidelar/skruar. Utruleg nok så var ingen av fjærene knekt, men eg skrur på ein annan F46 og og der rauk begge framfjærene før 150k og bakfjær på ei side bak før 200k.
  6. Hadde en fin skrudag på lørdag, fekk skifta kalippera og klossar bak og smurt opp igjen bremsene foran. Når jobben var ferdig får eg ein veldig plagsom skramlelyd i forstillinga, merkar lite/ingen ting på fartshumpar, men på små ujamnhetar i vegen som kummelokk og fotgjengerfelt(!) så er det lyd. Køyrt nokre kilometer og prøvd å køyre på ting med høgre og venstre hjul og virkar for å vere høgre hjul som er problem. Har skifta komplett dempera med tilbehør tidlegare i år, sjekka at dei sitte fast i toppen. Har ikkje tilgang til grav akkurat no så ikkje fått sjekka under. Har to mistenkte, bærekuler og stabstag foringar. Stab.stag linkane er skifta. Orginale berearmar/berekuler og stabstag. Gått like under 330.000km så det er nok i ferd med å gi seg. Det er mulig det var ei svak antydning til litt ulyd før eg begynte å skru, var en tur til Hardanger forrige veke og køyrde ein del mil på noko veg som var langt under par for å seie det litt forsiktig. Kan det tenkast at berekulene eller stabstag foringane har vore litt leie og at eg jekka opp bilen på ei og ei side to ganga har lagt så mykje belastning til at det gjekk i frå knapt merkbart til heilt veldig dårleg? Har eg ikkje skurdd på anna enn kalipper og klave. Nokon som har erfaring med forstillinga på desse bilane? Å skifte stab.stag er ein vanvittig jobb ser eg. Skal på ny langtur på onsdag, så må kome meg under bilen å sjå kva som kan vere gale, vurderar å koble frå stab.stag linkane for å sjå om det vert stille då
  7. Slik det beskrivast her er eg enig med Otis. Dersom det hadde vore gjort feil med registeret er det bøyde ventilar som er resultatet. Dog så er det jo ein liten mulighet for at dei prøvar å lure deg og satsar på at dei får anledning til å sette inn ein brukt motor uten at du får sjekka den gamle. For det skurrar litt, at det skal vere tilnærma kompresjonsløst på en sylinder, og svak på sylinder 2 og 3 virkar jo for at det er noko som burde vore oppdaga før det blei starta på registerbytte. Du leverte inn bilen pga. feilmelding på displayet og tikkelyd? Ingen merkbare problemer med motoren? Den gjekk fint utenom litt ulyd? Forsvann tikkelyden etter skifte av register/vanos? Uansett, eg ville nok plukka av toppen her, enten gjere det sjølv eller få ein venn/verksted til å hjelpe deg. Berre for å konstantere at det faktisk ikkje er noko gale med ventilane og at det faktisk er striper i sylinderveggane. Det kunne og vore greitt å sjekka toppakningen, for kompresjonstap i bunnpanne burde ikkje gitt så merkbar lyd i kupeen, men derimot om det er kompressjonslekkasje til friluft så vil det merkast ganske bra.
  8. Ikkje feil på EU. Hadde samme på min, ville fikse det før PKK men fekk beskjed av verkstedet at det var ikkje noko problem så lenge det ikkje var lekkasje så sklei rett gjennom og skifta dempera og alt krimskramset rundt litt seinare.
  9. Eg har brukt autodoc mykje, men har alltid lurt på kvifor det er så mykje billigare i appen. Selge dei data om brukarane, eller spionasje? Etter å ha lese dette om desse russerane som er innblanda blir eg endå meir skeptisk. Spørst om eg må ta i bruk ein gammal telefon som eg ikkje brukar til noko som helst utanom autodoc......
  10. Eg fann ikkje skjema, men ut i frå det eg greidde å lese meg fram til så brukast oljetemperatursensoren orginalt av motorstyreenheten til meir presis regulering av VANOS. Derfor vil eg tru at overføring av oljetemperaturen skjer digitalt mellom motorstyring og instrumentpanel.
  11. TurboJens

    Motor

    Eg har en B47 som har gått snart 330tusen. Ingen ulydar eller problemer, men som med alle andre motorar det viktigaste du kan gjere for å forlenge levetida på en dieselmotor er å skifte olje minst dobbelt så ofte som det som er intervallet! Såklart, detta med registerhavari ligg litt i bakhovudet - kor langt kan ein strekke strikken før en evt. må vurdere å skifte kjede? Eg har ikkje fasiten, men har ingen planar om å skifte kjede, det er ein stor jobb på ein slik bil som eg har i alle fall der motoren står feil veg Sidan det er så mykje skruing så havnar eg vel på å køyre til kjedet ryke og evt. sette i en brukt motor.
  12. TurboJens

    Webasto

    Eg gir meg Min BMW har ikkje dieselvarmer i det heile tatt, men den klara seg veldig bra uten så lenge eg har parkeringsplass under tak. Litt verre når eg ikkje er heime og står under åpen himmel.
  13. TurboJens

    Webasto

    Men sidan virkningsgrada ikkje er 100% så er forbruket litt høgare. Sist eg såg på en sånn så meina eg det stod 0.62l/time på den. Ganske sikker på at den vil forvarme motoren. Det er jo det som er normalt, at det sirkulerar gjennom varmeapparatet og motoren. Fordelen med det er at utsleppa frå motoren går ned når den blir fortare driftsvarm.
  14. Eg har brukt denne på jobb og privat i over 10år. Den er veldig bra i forhold til prisen faktisk. Litt irriterande den skruen for å justere stramminga, den løsnar så må drive å stramme etter. Går over til Würt si, den kostar sikkert mange ganga så mykje men er litt mindre og meir robust.
  15. Detta har eg ikkje greie på, men har lest om ein jordingskabel som har for vane å eire av på enkelte BMW modellar. Så sidan du får starteren til å gå rundt ved å jorde motorblokka tyder det på at jordinga er av. Så er det en eller annan modul som pajar samtidig.
  16. Om kvaliteten skulle vere dårlegare så tvilar eg på at forholdet pris/kvalitet er i disfavør til OEM sensor. Klart, eg har nokre bak eg kan skifte berre med å rulle inn på grava, då kan en no montere mest kva som helst berre det er billig nok. Foran derimot er det vesentleg meir arbeid å skifte nokre av dei så då kan det jo lønne seg å legge litt meir kroner i delane.
  17. Kjøper du Valeo eller tilsvarande OEM deler billig på ex. autodoc trur eg du er ganske trygg. Har liggande ei kasse med slike sensorar men har berre ikkje skifta nokon endå sidan dei fungerar fint så lenge det ikkje er frykteleg vått ute. BMW lagar ikkje desse delane sjølv, dei får dei berre frå ein underleverandør alikavel.
  18. No er jo prisane desse opererar med ex.mva og pundet er jo ikkje gratis. Så, billigaste du kan sleppe unna med er 960 pund = 12.550 kroner. Så moms i tillegg blir ~15.700kr. Og så kostar det ekstra for 4x4, ekstra for ditt og ekstra for datt.
  19. Eg har B47 motoren, kan ikkje seie noko negativt om den (utenom støyen på tomgang). Eg har 190hk orginalt, har tuning til ~220hk. Motoren er utruleg sprek og samtidig sterk. Svært lavt dieselforbruk og min har no gått 326.000km uten eit feilslag. Så den motoren kan eg i alle fall varmt anbefale om en først skal ha en firer.
  20. Va en tur til Bodø å henta ei vogn. Kan ikkje seie eg merka på nokon måte at bilen mistrivdest. Merka såklart at det ikkje var ein 3l sekser foran, men det drar meir enn nok. Er jo tross alt ferie. 0.41l/mil Stryn - Bodø 0.88l/mil Bodø - Stryn. Veid bil til 2000kg og vogn til 1500kg. Litt unødig mange stopp på tur heim og nokre timar på tomgang. Eg synest forbruket var høgt, men blir ledd av frå folk som er vande med vogn 😂
  21. Det ser jo ut til å vere ein stor lekkasje, er det noko det minkar mykje av? Ut i frå fargen på den hengande dropen så kan du sjå vekk i frå alt som har med olje å gjere. Enten så er det bensin eller så er det kjølevæske (om det ikkje er reint vatn då, såg nesten sånn ut). Den pappen, kan du sette fyr på den? Brenne det som er vått? Eg ville som sagt over her, lukta på det.. men alle har ikkje like god nase for slike ting.
  22. Kjøp deg eit slikt måleur, det har mange gode bruksområde. Fest det på dempertårnet og roter bremseskiva ved å snurre på navet. Prøv deg litt fram med å måle ytterst og innerst på skiva. For referanse kan du måle på hjulnavet uten bremseskiva montert. Du kan og feste skiva berre med hjulboltane (om dei ikkje er for lange) og måle. Så kan du prøve å snu skiva i forhold til navet og sjå om det endrar seg. Det skal ikkje mykje til, deformasjon, rust eller drit mellom nav og skive for at det gjere store utslag.
  23. Ikkje akkurat bekymra for å ikkje klare å holde fartsgrensa heller det motsatte.... meir spent på holdbarheten Viss nokon har opplevd havari på motor/gir med vogn på så kan det jo bety at eg må vere litt ekstra påpasseleg.
  24. http://bmwfans.info/parts-catalog/E91/Europe/320d-N47/L-N/2008/browse/engine/oil_pan_oil_level_indicator/ Veit ikkje om det er rett motor, men nr. 8 er røret og nr. 10 er ein skrue. Ser den såvidt på bildet ditt så det kan vel ikkje vere så mykje verre enn å ta ut skruen og dra opp det gamle røret, passe på at o-ringen blir med og montere nytt rør med ny o-ring.
  25. Vurderar å bytte ut campingbussen med campingvogn. Har køyrt lite med tung hengar med denna bilen, berre én langtur med hengar på 7-800kg på vinteren (det gjekk jo veldig veldig fint) utenom nokre turar på søppelplassen. Campingvogn er mykje større luftmotstand på og vekta blir jo heilt på grensen av kva bilen kan trekke (1600kg), men X1 F48 som har samme drivlinje kan trekke 2000kg, det er litt betryggande. Har B47 motoren på 190(220hk) og 8trinns automat med xDrive. Nokon som har erfaring med å trekke vogn med denna bilen eller ein av halvbrødrene? Dieselforbruk er vel det eg er minst bekymra for mtp. kor billig den går til vanleg. Er det ein stødig bil å trekke med? Der går jo km.standen i mot med sine 324.000km uten å ha skifta noko foringar eller kuler, berre hjullager og støtdempera/fjærer. Kroken har eg montert sjølv, har ikkje oppgradert kjølesystem som den egentlig skal ha men har jo mulighet for å lese av kjølevæsketemperaturen med ein app på mobilen. Kunne tenkt meg oljetemperatur på girkassen og, men har eit diagnoseapparat eg kan ha med på den første turen berre for å sjå korleis det går eventuelt.
×
×
  • Opprett ny...