Gå til innhold

TurboJens

Medlem
  • Innholdsteller

    398
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av TurboJens

  1. Desto viktigare er det å holde tanga rett vei Når du holde den i handa og knipe så får du mykje meir gripekraft når du skubba i mot med handflata i forhold til om du skal holde igjen den andre armen med fingrane. Så helde du den feil veg i forhold til korleis stanga roterar så får du nærmast ingen kraft overhodet. For å øke friksjonen kan du vaske stempelstanga med bremserens og spinne rundt nokre rundar med tape. Dog, som nevnt så er muttertrekker det desidert mest effektive. Berre hugs at det er "forbudt" å bruke ved tilbakemontering eller demontering der du skal gjenbruke demparen.
  2. Det har eg sett på eurodel, men aldri opplevd noko slikt på autodoc. Reklamasjon er dog litt vanskeleg, men når dei har gjort feil så får en ofte god hjelp i chat. Som regel en rabatt på neste bestilling og då er det berre å samle opp noko kostbart så kjem en godt ut av det Spør vennegjengen då samtidig om det er nokon andre som treng så blir det fort kroner av det. En rar måte å løyse det på for autodoc, men det går sikkert på eit anna budsjett som vi ville sagt i AS Norge🤣
  3. Om ein då ikkje vil køyre på noko så er det jo lurt å holde på bremsepedalen. Uansett har nok det veldig lite å bety, det er heller ikkje spesifisert at du skal gjere detta med drivhjula hengande fritt så om du då ikkje har eit relativt romsleg verksted å boltre deg på så ja.. hold på bremsa Ang overfylling, så vil den siste halvliteren fylle oljekjølaren og røra dit når oljen blir varm nok til å sirkulere dit. Når systemet er lufta og oljen etterpå har fått rett temperatur så skal det renne ut av påfyllingsholet det som er for mykje. Uten tipset om overfylling så blir det jo då for lite olje. Normalt fylle du kald olje på kald girkasse, når oljen er lufta og fått rett temperatur for nivåkontroll så skal det i teorien renne ut litt olje slik at nivået er rett. Det er ikkje sååå kritisk som ingeniørane vil ha det til, oljen endrar volum ganske mykje etter temperaturen, så det er tatt høgde for at det er nok olje i titalls minusgrader og samtidig ikkje for mykje når giret er pressa hardt i sommarvarme. Så i ekstreme tilfeller kan du få problem med for mykje eller for lite, men i normal bruk så er ikkje nivået så kritisk. Dette er også grunnen til at det er spesifisert eit snevert intervall på temperatur for nivåkontroll.
  4. Ut i fra kva eg kan lese meg fram til så har du sensor i kvart hjul. Då skulle vekta i bagasjerommet ha mindre betydning enn for dei bilane som brukar rulleomkretsen på hjula til å gjette dekktrykket. Usikker på om BMW i det heile tatt brukar det systemet? Men for å spør det dummaste spørsmålet, har du kontrollert lufttrykket med eit nøyaktig verktøy? Sist eg punkterte på sørlandet i haust så var eg vel innom 3 bensinstasjonar før eg fann ein som hadde luftfylling som virka. Dei to første gav heilt jo-jo tilbakemelding på trykket gjennom eit matt og utydeleg glas. Avvik på nesten 0.5bar mellom gjentatte forsøk på å få rett trykk avlest og når eg ikkje hadde tid til å tulle meir så mangla det 0.4bar på det bilen målte på første stasjon og fekk fylt på litt meir på neste men fortsatt 0.3 bar feil. Så på 3. forsøk med digital fylling så fekk eg eksakt det trykket eg skulle ha i alle 4 hjul på første forsøk. Og sensorane i bilen viste det samme som eg hadde bedt om før eg begynte å køyre. Då var det tid for nullstilling. Det er viktig. Så er det og slik at med varierande temperaturar ute, særleg no når vi går fra sommar med 20-30 varmegrader til nærmare frysepunktet så mangla det fort en del lufttrykk.
  5. Eg fekk veldig dårleg følelse på girkassen for nokre år sidan, det viste seg å vere EGR ventilen som tulla. Ikkje uvanleg at den feilar rundt dein km.stand/år.
  6. Dumt spørsmål, men kan du ikkje bruke ein slik? https://www.flak.no/produkter/varme-ventilasjon-og-luker/dieselvarmer/webasto-stigeroer-for-diesel--air-top-p1041861 https://webserver.flak.no/vbilder/1041861_manual.pdf Finst mange ulike variantar, men det er no berre for å få eit rør ned i dieselen så treng ikkje bytte en masse greier.
  7. Her viser spenning 12.7v når alarmen blei utløyst. Med andre ord så er det ikkje nødvendigvis feil på batteriet. Det blir skifta unødvendig mykje batteri, normalt så vil du merke eit dårleg batteri på at bilen blir ekstra tungstarta når kald, ikkje nødvendigvis at ting begynner å spøke. Dersom alarmen går og du etterpå kan starte bilen som normalt er det svært usannsynlig at batteriet er så dårleg at det er årsak til utløyst alarm. Batteri kan dog plutselig tape seg raskt, men så lenge det er jevnlig brukt/lada så er det sjeldan eit problem som oppstår veldig brått. Veldig vanlig at strømtrekk i kvile tar knekken på batteriet dersom bilen er ubrukt nokre dagar i kulde. Men så lenge batteriet er opplada tåle det fint kulde.
  8. Halogenpærer er ømfintlege for vibrasjonar, normalt har dei kort levetid dersom dei er mykje brukt pga. varmen. Men også når du aldri brukar dei så vil dei over tid svekkast av vibrasjonar. Sidan du aldri brukar tåkelysa kan det vere dei er frå då bilen var ny, så eg ville som foreslått skifta begge og sett om det blei bedre. Når du aldri brukar dei så slepp du i alle fall varmgang i kablar/kontakter, men du kan få problem med kondens dersom lampane aldri tørkar opp. Eg har omtrent samme bil som deg, tåkelysa er berre i bruk på PKK omtrent, kan ikkje hugse å ha skifta pærene nokon gong og bilen har gått nærmare 360.000km no.
  9. Eg køyrde litt vel fort med campingvogn her en dag og passerte ein lastebil i godt driv og då merka eg veldig godt lufttrykket frå lastebilen pressa på vogna. Det redda antiskrens systemet ypperleg inn så det virkar for å fungere heilt etter hensikten. Positivt ovveraska faktisk, virka så antiskrens systemet jobba på ein annan måte slik at det ikkje kutta gasspådraget. Blei ovveraska så fekk ikkje heilt med meg detaljane, skulle kanskje prøvd en gang til men det var litt på grensa så kanskje best å la vere...
  10. Høyrest veldig lite ut, kva seier klistermerket i tanklokket at du skal ha?
  11. Det kan vere fordi det er ulikt differanse på utvekslinga mellom dei forskjellige gira. Eg har ikkje studert denna girkassen men på min bil oppleve eg at spranget mellom 2. og 3. gir er det største.
  12. For det første, å skifte olje kan ikkje reknast for å vere negativt, det er faktisk ei forutsetning med godt vedlikehold for å få ting til å vare. Problemet er at nokon har kanskje hatt dårleg erfaring (eller det mest vanlige at broren til onkelen til en venn har opplevd noko), dels fordi dei har skifta olje på ei girkasse med mekaniske problemer som adapsjon (læring av egen karakteristikk/tilpassing til slitasje) har klart å delvis kamuflere. Ved oljeskift blir det normalt nullstilt og då kan det dukke opp saker og ting. Nokon har kanskje gått seg vill i virvaret av spesifikasjonar og fylt på feil olje. Det kan rett og slett ta knekken på ei girkasse så det er viktig. På en motor kan du fylle på nærmast kva som helst som smører, girkassen derimot kan vere svært ømfintlig for tilstedeværelse av dei rette additiva. Dersom dekka dine er slitt og uansett må skiftast før neste sesong, prøv med vinterhjul. Og evt. med nye sonmardekk før du kasta vekk unødvendig med pengar. Dog ser eg ikkje oljeskift som unødvendig men det er kanskje litt vel tidleg ut i frå køyrelengde.
  13. Eg vil tru at så lenge du går opp i kapasitet og ikkje ned så skulle det fungere ganske greitt. I hovedsak vil du få 16Ah større reservekapasitet enn det bilen er klar over og det vil gi lenger levetid. Problemet kan komme dersom du ladar batteriet heilt ut og når bilen registrerar at batteriet er fullt så er det ikkje fullt alikavel. Så då vil du få problem med topplading. Det kan du sannsynlegvis løyse med å lade opp batteriet på "feil" måte, med å sette jordinga på laderen rett på minuspolen sånn at bilen ikkje registrera strømmen som går inn i batteriet. Så er jo det store spørsmålet kva denne matrix koden egentlig innehelde om den ikkje inneheld Ah klassifiseringa. Du kan scanne den med telefonen og sjå kva den inneheld.
  14. https://www.haagen.no/auto-hak-tilhengerkobling-fastmontert-inkl-trail-tec-e-sett-13polet-bilspesifikk-211345-13830-1.html Meinar det var dette eg kjøpte, altså elsettet er Trail-Tec E-sett 13polet bilspesifikk. Det står riktignok at det må kodast i bilen, men det er eg nesten 100% sikker på at eg ikkje gjorde. Det er riktignok nokre år sidan eg monterte det. Uansett om det skulle måtte kodast noko så blir det uansett billigare.
  15. Monterte uorginalt feste og ledningsnett på min F46. Var ikkje noko sak, alt passa perfekt og detaljerte instruksjoner. Bilen kjente umiddelbart igjen når eg kobla til henger. Koda ikkje noko i bilen. Kosta nesten ingenting i forhold til orginalt. Kjøpte fra haagen.no
  16. Heller ikkje på ex. MB Vito. Fantastisk teit når det snør og radaren dekkast til. Då er det tilbake til 80-tallet. Ikkje veldig imponerande, då foretrekke eg faktisk dum cc kvar dag i staden for en som berre virkar når den sjølv vil.
  17. TurboJens

    Krise 😨

    Har denne den berømte bosch høgtrykkspumpa?
  18. Godt observert Mest sannsynleg, dynamo eller berre laderegulatoren.
  19. Med andre ord ingen separat sikring. Enklaste er vel å måle på pumpa om det kjem strøm til den. Sidan pumpa sitte på "utsida" av bilen og er utsatt for miljøpåvirkning er det nok der det er størst sannsynlighet for at feilen ligg. Med moderne elektronikk kan det vere det skjer ingen ting når du kobla fra pumpa, men då kan det vere greitt å koble til ei 12v lyspære der for å lure elektronikken til å tru at det er ei pumpe tilkobla.
  20. Normalt er batterilampa (ladelampa) kobla med strøm fra tenningslåsen på ei side og jord gjennom laderegulatoren på motsatt side. Når dynamoen ladar så sender den ladespenning ut på denne utgangen (slik at pluss på begge sider blir ingen lys). Så i teorien skal det ikkje vere mulig å få til dette, men som du er inne på så kan feil med tenningslåsen få ladelampa til å lyse heile tida. Og sidan det er andre ting som ikkje virkar kan det tenkast at den har fått seg ein kilevink. Fordelen med tenningslåsen er jo at det er reletivt kurant å måle seg ut til om den fungerar som den skal. Evt. om du får tak i en ny/brukt å prøve med. Treng ikkje skifte den, berre flytte over kontakten for å prøve.
  21. B47, i alle fall dei tverrstilte har en eller anna sensor på dieseltilførselen som pressa diesel inn i kabelmatta. Om det ikkje blir skifta i tide kan det nå ecu'en. Skifta sjølv på to bilar der det på den eine var ganske mykje dieselsøl rundt diverse kontakter.
  22. Teori: eg antar at det i DSC systemet er en parameter for målt rulleomkrets. Altså at systemet lære seg over tid kor stort avvik det er på rulleomkretsen på dei ulike hjula og tilpassa drifta til det. Det ville i alle fall gitt god meining på eit køyretøy som har to separate drivlinjer.
  23. Det ligg mykje utglatting av vist tanknivå, bilen har veldig god kontroll på mengda diesel som går ut av tanken så for å unngå at målaren hoppa opp og ned i takt med svinga og bakkar så ligg det mykje "fusk" bak tankmåler. Anslått rekkevidde er basert på køyremønsteret over dei siste x kilometer/tid. Veit ikkje eksakt. Så når bilen har stått stille og blitt kald vil forbruket øke ved neste start og rekkevidde går ned. Mulig det er litt overdrevet for å ikkje lure deg ut på langtur uten å fylle tanken. Eg vil tru at om du køyre med ohm verdiane fra målaren så vil du sjå at det endra seg mykje sjølv om nåla står stille. Så når bilen har stått avskrudd og kanskje ikkje heilt flatt så vil den ved neste start ikkje ha noko å glatte ut og vil dermed vise noko anna enn når du parkerte. Vil tru det er lite å bekymre seg over 😊
  24. Les her først: https://lovdata.no/lov/1965-06-18-4/§13a Så, det er et produkt eg kanskje ikkje ville hatt lett synleg i frontruta.
×
×
  • Opprett ny...