Gå til innhold

Vatn i reservehjulsbrønn e39


mcbanan
 Share

Anbefalte innlegg

Hei!

Dette virkar til å være eit vanlig problem, og eg har søkt både her og på utenlandske forum, men har ikkje funne svar på alle spørsmål.

Bilen er ein 2000 e39 sedan uten takluke.

Var ein desiliter eller to i reservehjulsbrønnen når eg kjøpte den tidligare i år, men etter at eg turka det opp kom det ikkje meir. Og eg bur i Bergen, så det var nok av sjangsar for å seie det sånn.

No den siste tiden har det regna noko voldsomt, og når eg sjekke igår var det komme eindel vatn i reservehjulsbrønnen. Vil tippa mellom 0,5-1 liter. Bilen har den siste tiden stått i ein bakke, med fronten høgast. Den står vanligvis flatt, dersom det kan påvirke noko.

Eg tok ut batteriet osv. for å få bedre overblikk idag. Eg trur ikkje det kan være baklyktene som er lekk, då pakningane er fine og det er null spor av vatn rundt lyktene og der ein skulle tru det rann dersom det var dei. Vatnet var sentrert på høgresida av reservehjulsbrønnen, og det var vatn bak batteriet når eg tok ut det. Sidan den sto i ein bakke, ville ikkje vatnet komme seg opp der dersom det var baklyktene som var lekk.

Det kan være lufteventilen ved batteriet, men såg ikkje noko fukt rundt den heller. Er det mogeleg å bytte denne innefra, eller må ein ta av støtfangaren?

IMG_0531.jpg

Eg syntes at eg såg nokre dråpar oppå den kanten bak batteriet, mot hjulbogen. Kor kan det eventuelt komme frå, når eg ikkje har takluke?

 

IMG_0532.jpg

Eg las at nokon hadde ein teori om lekkasje frå tankpåfyllingen, og når eg sjekka der såg eg at det dreneringsholet nederst på gummipakningen rundt påfyllingen var tett. Eg staka det opp, men kom ikkje så langt inn med staken, hvis det er lov å sei. Kor går denne dreneringen?

IMG_0533.jpg

Eg såg og at det er ein ventileringssslange nede ved batteriet, den er ikkje tilkobla hjå meg då eg ikkje har ventilering på batteriet. Kan det lekke vatn inn denne slangen?

IMG_0530.jpg

 

Siste spørsmålet er at eg ser det kjem ein dreneringsslange ut ved bakre høgre hjulboge. Er den kobla til gummupakningen rundt tankpåfyllingen som eg nevnte lenger oppe?

IMG_0536.jpg

 

Takkar på forhånd for svar og synsing :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har regna godt siste døgnet, men no er det heilt turt i bagasjen. Bilen har no stått parkert flatt. Er det nokon som kan tenke seg ein plass det er meir sannsynleg at det lekk inn når bilen står i bakka med snuten høgast?

Har forresten funne ut at dreneringen ved høgre hjulboge bak er frå holet i gummien rundt tankpåfyllingen.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 weeks later...

Har dei siste dagane stått parkert i bakke, og no var det vatn i reservehjulsbrønnen att. Det var og vatn på den hylla under baklyset på passasjersida. Er jo vanleg med lekkasje på pakningane til baklysene på desse, men då ville eg vel sett det/ kjent det på pakningen og området rundt? Virker heilt turt der, men var fuktig under der den nødlåsen til tanklokket kjem ned. Då demra det litt at eg meiner å ha lest at det kan lekke inn låsen til tanklokket, og følge kabelen til nødlåsen ned i bagasjen. Men det foruminnlegget finn eg ikkje att no. Er det nokon som har vært borte i at det lek derfrå?

 

Edit: Her er foruminnlegget eg meinte: http://www.m5board.com/vbulletin/e39-m5-e52-z8-discussion/146406-small-water-leak-trunk.html

Trur eg får bestille meg ein ny slik kåpe rundt den aktuatoren, og nye pakningar til baklyktene for å være på den sikre sida. Winter is coming..

Endret av mcbanan
edit
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Inne ved påfyllingen er det et lite hull(på noen e39er) der kan det komme inn vann som tilslutt legger seg i reservehjulsbrønnen. Sjekk om du har det, hullet er svært lite. Fyll det med tec 7 eller noe lignende.

4pJoER6.jpg?1

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No byrjar det å bli mystisk her. Eg flytta bilen opp på flat mark, og regna då med at problemet ville forsvinne fram til eg fekk bytta pakningar på baklyktene. Men neida, idag var det eit par desiliter i reservehjulsbrønnen, samt at på hylla over batteriet var det noko slags kvitt/gult stoff inne i hjørna. Kva i alle dagar? Eg har fjerna det på biletet under,men det var inne i hjørna der ved dei klumpane med pakningsstoff. Det var heilt turt under baklyktene idag, så dei er nok uskyldige. Igår tok eg ut den hylsa rundt låsepinnen til bensinlokket, men såg heilt fint ut der og, så tviler på at det kjem noko inn der. Kor i alle dagar kjem det vatn/ gugg frå?

 

IMG_0544.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 months later...

Bump. Forska vidare på dette idag, spylte bilen godt og fekk vatn på samme plass( sjå bildet over). Altså på den hylla over batteriet, inn mot hjulhuset.  Kor i alle dagar kan dette komme frå? Einaste eg kan tenka på er bensinpåflyllingen? Pakningen der eller lignande? Nokon som har vært borte i det samme? Baklyktene er det ikkje, då eg hadde papir liggande under dei mens eg spylte, og det var fortsatt turt etterpå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjølv på ein sedan? Eg prøvde å ligge baki med lommelykt idag, men såg ingenting. Etter ein liten køyretur var vatnet der. Så må lekke lenger fram enn det ein ser når ein ligg baki, også renner det bakover etterkvart.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fikk ikke med meg at det var sedan... :oops::-)  Men ettersom jeg har skjønt renner det inn også når den står stille. Da er jo tankpåfylling og list rundt bakvinduet naturlige steder å sjekke.

Men så ser jeg av bildene at mutteren som fester staget over batteriet er lakkert/grunnet slik som karosseriet ellers ser ut til å være på bildene der.... så tenker jeg på om det kan ha vært utført noe karosseri arbeid baki der som er årsaken til lekkasjen...? På bilen min er den mutteren blank/eloksert. Det samme med den bolten som mutteren er skrudd inn på. Hvis du ser på det første bildet ditt....nevnte bolt skulle sett ut som den opp til høyre. Derfor lurer jeg på om karasseriplater er byttet.....?

Eller om bakvinduet har vært tatt ut... (noe som er medvirkende årsak til at det har vært vanskelig å få tett igjen)

Endret av MrBrum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er lekkasje når bilen står i ro og ja. Det kan være den har hatt noko karroseriarbeid, men har ikkje sett nokon andre tegn til det. Men uansett så kan eg ikkje forstå kva fleire plassar vatnet kan komme inn:?

Har sett litt på bilder på nettet no, og det ser ut som at dersom det hadde vært gummipakningen rundt tankpåfyllingen som lakk, så hadde det ikkje kommet inn i bagasjerommet. Det hadde rent ned på innerskjermen og ut.

For meg ser det ut som det einaste i heile området der som har kontakt med bagasjen er låsen til tanklokket. Men er rart om det skal lekke såpass inn der?

List rundt bakvindauge, er det ein kjent plass for lekkasje? Korleis kan eg feilsøke det isåfall?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 minutter siden, mcbanan skrev:

List rundt bakvindauge, er det ein kjent plass for lekkasje? Korleis kan eg feilsøke det isåfall?

Hvor vanlig det er vet jeg ikke. Men jeg har vært borti at det ikke er blitt tett ved frontruteskifte. Og det blir jo helt likt her egentlig. Letteste måten tror jeg er å spyle på / tømme på vann....og se. Eller om du kan se noe sprik ved gummilisten noe sted. Og hvis det kommer bare vann og ikke annet grums, tyder på at feilen kan ligge høyt oppe på bilen. Bare en antakelse...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja det kan jo hende at det ikkje er tett nede i hjørnet f.eks. Pakningen rundt ruta ser heilt fint ut. Er heilt reint vatn som kjem ja.

Trur eg får bytte den pakningen rundt låsesylinderan til tanklokket, og lekker det fortsatt får eg høyre med ein karosseriverkstad. Takker for tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...