Jump to content

markusayt

Members
  • Posts

    12
  • Joined

  • Last visited

Profile Information

  • Kjøretøy
    1987 E30 320

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

markusayt's Achievements

  1. Driver å bygger m50 i e30, men mangler bremsekraftforsterker. I søknaden har eg fått klarsignal godkjent 325ix bremsekraftforsterker, som det begynner å bli langt i mellom Ser at BKF er lik den på e34 m5, som har dukket opp på finn. Noken som har prøvd å montere denne med alu-spaceren? Er den i så fall direct fit ved bytte av klave??
  2. Lite framgang siste månedane, men bilen har fått i ruter framme og på sidene. Pakningen bak var stiv og gammal, og endre opp med å få seg ein skade når vi prøvde å sette i ruta, så den bestilte eg ny på black friday. 😊 Fekk også montert det meste i motorrommet, låsehengslane til dørene, bagasjelåsen og begynt på takluka. Fekk til og med start. Det neste på planen er pussing av panel og meir montering. Kjøpte også ny bruksbil. 320d med greit utstyr. Gått 260k. Allerede bytta radiator og dynamo. Eine xenonpæra røyk også for litt sida. Nokon som veit om eg berre kan plugge egren uten å få feilmeldinger?
  3. Vart til sammen ca. 4 lag med sparkel før eg ikkje orka meir, ikkje perfekt resultat, men ikkje så verst heller. Mens eg var ute på livet i helga, har farfar mattet ned heile bilen! Vi pakka garasjen i plast. Brukte stifer for å holde det på plass. Tadaa! Desverre vart det noken stygge rennemerker, som eg håper eg kan våtslipe ut. Noken som har erfaring med dette? 😅 Appelsinskal var ikkje til å unngå. Kunne sikkert vore verre da. Er ganske fornøgd med resultatet da egentlig. Får sjå om litt våtsliping kan hjelpe eller noko Så da er det våtsliping som står for tur, samt lakkering av panser, dører og bagasjelokk, takluke, og diverse. Har nokon erfaring med glassfiberdeler fra pesch.cz? lurer på å kjøpe takluke og m-tech 1 fanger derfra.
  4. Takk takk Har lagt 2 lag med sparkel i helga. Ser ut til at det blir eit siste lag med grunning og sparkel i morgen. Lakk er også bestilt. Vart 4.5 liter med sapphire black metallic. Er veldig spent på kordan resultatet blir. Kjøpte ei god rulle med plast som eg skal brette ut i garasjen. Krysser alle fingre for at eg klarer å bli ferdig med lakking denne veka. Tetting av hol i tak. Eg har akseptert at det blir langt i fra eit perfekt resultat. Får komme med ein litt større update i slutten av veka
  5. Her er den eg fant på norbond: https://www.norbond.no/maling-og-lakk/billakk/personbil/mipa-bc-losemiddelbasert-billakk-pakkepris Lakkpakke fra Norbond med den anbefalte klarlakken og herder ender opp på 3200,-. Dette er for 3l lakk og 3l klarlakk. Får tydelig meir for pengene hos JLTrading https://www.jltradingshop.no/shop/product/lakkpakke-2l-base-3-liter-klarlakk-lm?tm=hjem-nettbutikk&sm=produkter-og-utstyr-billakk-og-bilskade/billakk-grunninger-klarlakk-lim-og-kitt/hb-body-sa/profesjonell-billakk-metallic-losemiddelbaser Her er 3l lakk+klarlakk+herder, i tillegg får ein 1l slikonfjerner. Får også fleire siler og målebegere enn hos Norbond ser det ut som. Dette koster 2400,- hos JLTrading. De har også akryllakk: https://www.jltradingshop.no/shop/product/lakkpakke-1l-akrylbase-med-15l-klarlakk?tm=hjem-nettbutikk&sm=produkter-og-utstyr-billakk-og-bilskade/billakk-grunninger-klarlakk-lim-og-kitt/kapci-coatings-sa/kapci-670-akrylbase-readymix-og-lakkpakker Takk for hjelpa, blir heile bilen, så alle lett tilgjengelige metallflater Nokon erfaringa med lakken fra JLTrading?
  6. Tenkte første oppdatering kunne vere bilder av litt innkjøp 😊 Eg begynte med å hente ein zf girkasse, som er sjeldent eg ser lokalt her eg bur, så derfor greip eg sjangsen når eg fann ein uten å måtte reise austover. Vart ein fin køyretur til Fosnavogen med 328n og lasta inn girkassen inn i bagasjerommet så olja lakk over alt i bagasjerommet. Girkassen er i vertfall komme i hus da. Det neste eg kjøpte var nye baklykter da desse var slitte og øydelagte. Kjøpte også nye pakninger til å tette rundt lyktene og ny strammer til registeret på m50en Ombyggingskit til e36 tannstanga. Kjøpte også ein del til zf kassen. Så var det motoren Lakkert med ekte kvalitetslakk fra biltema. Får sjå kor lenge det holder Nokon som veit kor mykje lakk eg trenger til å sprøyte heile bilen? Skal lakke alle paneler på utsida. Karosseri både inni og utpå. Tenkte å bestille fra Norbond. Står at lakken dekker 7-9m2 pr. liter. 2 liter ublanda er vel meir enn nok da? Blir jo totalt 3l med tynner
  7. Hei! Har luska mykje på Bimmers i det siste, og tenkte eg kunne lage ein tråd om e30en. Introduksjon: Bilen er ein orginal norsk 320, 1987 model uten katalysator, abs, eller servostyring. Eg kjøpte den av ein bekjent. Fekk prøvd bilen på vegen i 3-4 timer på veg heim me ein saftig vakumslekasje som eg fiksa i ettertid, ellers har eg så vidt vert ute å prøvd den. Orginalfargen er Smaragdgruen, men er blitt garasjelakkert i ein svartfarge med noko blått i. Utstyrslista er er like imponerende som lakkfinishen. Ikkje at eg skjønner kva alle er ein gang da 🙄 S350ATherm. insulat. glass green S400ASlide/tilt sunroof, manual S821Norwegen-Ausfuehrung S850ADummy-SALAPA S860AAdditional turn indicator lamp Kjøpte bilen i mai 2017. Den var da køyrbar på prøveskilt, men hadde mange elektriske problem som gjorde at lys og diverse kun fungerte halvparten av tida. Dette var på grunn av at bilen hadde vert gjort sveisearbeid på, men ein sveiseglo hadde brent ledningene ved fotbrønnen på førersida. Det fulgte med eit elnett då eg kjøpte bilen, og dette bytta eg rett etter kjøpet. Det var fort gjort da bilen knapt har interiør, og setene ikkje var festa til golvet. Viskermotoren vart også bytta da denne var defekt. Bilen vart ståande i garasjen gjennom vinteren før eg fortsatte på den i år. Den hadde nye dekk på orginale colakorker. Bak står det konidempere med hardhetsjustering 😲 Har ikkje undersøkt kva som står framme enda. Måla vidare: Blå = Skaffet, men ikkje gjort Gul = Ikkje skaffet/gjort Grøn = Ferdig! 1. Lakkere bilen Bestille lakk - sapphire black metallic. Kor mange liter? Sparkle karosseri Grunne ferdig 400gr før lakk Sveise framskjermer Sveist ferdig karosseri 2. Montering av bilen Lykter bak Gummipropper til karosseri Nytt taktrekk Glass Takluke Lister Anlegg Borre ut fester i framkant av bakstilling. Lydisolere dørene "puter" til fjører bak 3. EU-kontroll Vindusviskermotor Nytt elnett Eksoslekasje Feste bensinpumpe 4. Motorbygg ZF-girkasse (m3 5spd) m50b25nv Mellomaksel - e36 318ia, 328i, e30m3 Bunnpanne+sugerør+skvettepanne e34 Bremsekraftforsterker 325IX/andre Tannstag e36 Ombyggingskit til e36 tannstag 5. Godkjenning Skivebremser bak 51mm fjørbein - kanskje Her er bilder fra utgangspunktet: Bilen var i utganspuktet ferdig rustsveisa, men nye rusthol fortsatte å dukke opp. Dei verste plassane er blitt sveist på nytt og fått ferskt metall, men det dukker fortsatt opp rustområder under bilen. Skuffelsen var ganske stor når rusthola begynte å synast. Antennehol og under baksete Tak og takluke. tårene tørka fort opp. Fekk god hjelp fra ein kompis som kan sveise. _____ Hjulbuen trengte litt behandling Fann ut at det var lurt å valse hjulbuene før lakkeriing i tilfelle det blir behov for litt meir gummi på hjula seinare. Trenger fortsatt sparkel, men det kjem etter at bilen er heilt ferdig grunna. Hjulbuen var det siste som vart sveist, så etter dette begynte eg å grunne resten av bilen. Eg bruker en 2k epoxy grunning fra jothun. Denne var lett tilgjengelig på coop bygg osv. Ikkje alt for galen pris heller. Bruker ferro bet til å fjerne rust på de plassene det er vanskelig å komme til med pusseutstyr. Lukter styggt. Er noko syre blanda med zink, som skal stoppe rusten. Vi får sjå korleis det blir om nokon år 😅 Sånn ser bilen ut no Holet til antenna skal plugges. Trur ikkje det blir behov for antenne. Potta trenger litt tetting. Vanskelig å rette opp lista langs kanalen. Tenker at så lenge den ikkje er full i rust, så går det bra for min del. Sjølv om det har vore mykje rustjobbing, som eg egentlig ikkje syns er spesielt gøy, så føles det godt å sjå lyset i tunnelen. Det gjenstår fortsatt ein del pussing, sparkling og grunning. Blandt anna trenger motorrommet å bli pussa på nytt og grunna, så må eg utbedre nokon av plassane eg har sprøyta primer på grunn av for dårlig forarbeid. Dette er det neste som blir gjort. Har ferie fram til studiestart, så prøver å få gjort litt før det.
  8. Er ganske sikker på at første er lamda, forklarer også forbruket. veit at m52b20 og m50b20 jager opp og ned på tomgang når lamda er gåen. hadde dette problemet når eg kjøpte e36en min, dette var typen med en lamda. Sjekk jording i motorrom og på batteriet, for elnett. skru de ut og puss litt på jordingspunktet og fest igjen
  9. Hei Er ute etter litt forskjellige meninger med begrunnelse for kva bil det er lurast å bygge om. Har ein e36 og en e30 stående. e36 er 328 og er bilen eg bruker til vanlig. E30n er prosjektbil, veteran, 320, men ferdig rustsveisa. Føler meg klar til å starte eit turbobygg, men eg klarer ikkje heilt å bestemme meg for kva bil som vil vere det beste valget. Målet med bygget er veggodkjent BMW med turbo, men dette er heilt urealistisk om eg velger e36. Da må det gjennom TUV i tyskland, og det har eg ikkje økonomi til. Så valget står mellom ikkje godkjent e36 med turbo eller e30 med godkjenning fra statens vegvesen. Uansett kva bil eg vil bygge hadde det endt opp med m50 turbo. Fordelen med e36 er at den er klar for turbobygg, fordi den har zf-kasse, diffsperre og, innsveiste forsterkninger, meir plass til dekk. e30n er omtrent motsatt, må kjøpe m50, zf-kasse, skivebrems bak, 51mm ben framme, diff, 5 bolts understell ++ mindre plass til dekk under bilen også Er det verdt risken med tanke på forsikringssak ved krasj eller skade? Er en bil eg kjem til å bruke stort sett så lenge det ikkje er snø og salt på vegane. Innspel på kva de syns er beste valget? Tanker?
  10. Do you have a lsd for e36 320 casing?
×
×
  • Create New...