-
Innholdsteller
335 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Alt skrevet av TurboJens
-
Eg har brukt autodoc mykje, men har alltid lurt på kvifor det er så mykje billigare i appen. Selge dei data om brukarane, eller spionasje? Etter å ha lese dette om desse russerane som er innblanda blir eg endå meir skeptisk. Spørst om eg må ta i bruk ein gammal telefon som eg ikkje brukar til noko som helst utanom autodoc......
-
e36 olje temp måler og anvisning på m3 instrument i 323ti compact
emne svarte i TurboJens sin Danielssen i Teknisk
Eg fann ikkje skjema, men ut i frå det eg greidde å lese meg fram til så brukast oljetemperatursensoren orginalt av motorstyreenheten til meir presis regulering av VANOS. Derfor vil eg tru at overføring av oljetemperaturen skjer digitalt mellom motorstyring og instrumentpanel. -
Eg har en B47 som har gått snart 330tusen. Ingen ulydar eller problemer, men som med alle andre motorar det viktigaste du kan gjere for å forlenge levetida på en dieselmotor er å skifte olje minst dobbelt så ofte som det som er intervallet! Såklart, detta med registerhavari ligg litt i bakhovudet - kor langt kan ein strekke strikken før en evt. må vurdere å skifte kjede? Eg har ikkje fasiten, men har ingen planar om å skifte kjede, det er ein stor jobb på ein slik bil som eg har i alle fall der motoren står feil veg Sidan det er så mykje skruing så havnar eg vel på å køyre til kjedet ryke og evt. sette i en brukt motor.
-
Men sidan virkningsgrada ikkje er 100% så er forbruket litt høgare. Sist eg såg på en sånn så meina eg det stod 0.62l/time på den. Ganske sikker på at den vil forvarme motoren. Det er jo det som er normalt, at det sirkulerar gjennom varmeapparatet og motoren. Fordelen med det er at utsleppa frå motoren går ned når den blir fortare driftsvarm.
-
Eg har brukt denne på jobb og privat i over 10år. Den er veldig bra i forhold til prisen faktisk. Litt irriterande den skruen for å justere stramminga, den løsnar så må drive å stramme etter. Går over til Würt si, den kostar sikkert mange ganga så mykje men er litt mindre og meir robust.
-
Detta har eg ikkje greie på, men har lest om ein jordingskabel som har for vane å eire av på enkelte BMW modellar. Så sidan du får starteren til å gå rundt ved å jorde motorblokka tyder det på at jordinga er av. Så er det en eller annan modul som pajar samtidig.
-
Om kvaliteten skulle vere dårlegare så tvilar eg på at forholdet pris/kvalitet er i disfavør til OEM sensor. Klart, eg har nokre bak eg kan skifte berre med å rulle inn på grava, då kan en no montere mest kva som helst berre det er billig nok. Foran derimot er det vesentleg meir arbeid å skifte nokre av dei så då kan det jo lønne seg å legge litt meir kroner i delane.
-
Kjøper du Valeo eller tilsvarande OEM deler billig på ex. autodoc trur eg du er ganske trygg. Har liggande ei kasse med slike sensorar men har berre ikkje skifta nokon endå sidan dei fungerar fint så lenge det ikkje er frykteleg vått ute. BMW lagar ikkje desse delane sjølv, dei får dei berre frå ein underleverandør alikavel.
-
No er jo prisane desse opererar med ex.mva og pundet er jo ikkje gratis. Så, billigaste du kan sleppe unna med er 960 pund = 12.550 kroner. Så moms i tillegg blir ~15.700kr. Og så kostar det ekstra for 4x4, ekstra for ditt og ekstra for datt.
-
Eg har B47 motoren, kan ikkje seie noko negativt om den (utenom støyen på tomgang). Eg har 190hk orginalt, har tuning til ~220hk. Motoren er utruleg sprek og samtidig sterk. Svært lavt dieselforbruk og min har no gått 326.000km uten eit feilslag. Så den motoren kan eg i alle fall varmt anbefale om en først skal ha en firer.
-
Va en tur til Bodø å henta ei vogn. Kan ikkje seie eg merka på nokon måte at bilen mistrivdest. Merka såklart at det ikkje var ein 3l sekser foran, men det drar meir enn nok. Er jo tross alt ferie. 0.41l/mil Stryn - Bodø 0.88l/mil Bodø - Stryn. Veid bil til 2000kg og vogn til 1500kg. Litt unødig mange stopp på tur heim og nokre timar på tomgang. Eg synest forbruket var høgt, men blir ledd av frå folk som er vande med vogn 😂
-
Det ser jo ut til å vere ein stor lekkasje, er det noko det minkar mykje av? Ut i frå fargen på den hengande dropen så kan du sjå vekk i frå alt som har med olje å gjere. Enten så er det bensin eller så er det kjølevæske (om det ikkje er reint vatn då, såg nesten sånn ut). Den pappen, kan du sette fyr på den? Brenne det som er vått? Eg ville som sagt over her, lukta på det.. men alle har ikkje like god nase for slike ting.
-
Kjøp deg eit slikt måleur, det har mange gode bruksområde. Fest det på dempertårnet og roter bremseskiva ved å snurre på navet. Prøv deg litt fram med å måle ytterst og innerst på skiva. For referanse kan du måle på hjulnavet uten bremseskiva montert. Du kan og feste skiva berre med hjulboltane (om dei ikkje er for lange) og måle. Så kan du prøve å snu skiva i forhold til navet og sjå om det endrar seg. Det skal ikkje mykje til, deformasjon, rust eller drit mellom nav og skive for at det gjere store utslag.
-
Ikkje akkurat bekymra for å ikkje klare å holde fartsgrensa heller det motsatte.... meir spent på holdbarheten Viss nokon har opplevd havari på motor/gir med vogn på så kan det jo bety at eg må vere litt ekstra påpasseleg.
-
http://bmwfans.info/parts-catalog/E91/Europe/320d-N47/L-N/2008/browse/engine/oil_pan_oil_level_indicator/ Veit ikkje om det er rett motor, men nr. 8 er røret og nr. 10 er ein skrue. Ser den såvidt på bildet ditt så det kan vel ikkje vere så mykje verre enn å ta ut skruen og dra opp det gamle røret, passe på at o-ringen blir med og montere nytt rør med ny o-ring.
-
Vurderar å bytte ut campingbussen med campingvogn. Har køyrt lite med tung hengar med denna bilen, berre én langtur med hengar på 7-800kg på vinteren (det gjekk jo veldig veldig fint) utenom nokre turar på søppelplassen. Campingvogn er mykje større luftmotstand på og vekta blir jo heilt på grensen av kva bilen kan trekke (1600kg), men X1 F48 som har samme drivlinje kan trekke 2000kg, det er litt betryggande. Har B47 motoren på 190(220hk) og 8trinns automat med xDrive. Nokon som har erfaring med å trekke vogn med denna bilen eller ein av halvbrødrene? Dieselforbruk er vel det eg er minst bekymra for mtp. kor billig den går til vanleg. Er det ein stødig bil å trekke med? Der går jo km.standen i mot med sine 324.000km uten å ha skifta noko foringar eller kuler, berre hjullager og støtdempera/fjærer. Kroken har eg montert sjølv, har ikkje oppgradert kjølesystem som den egentlig skal ha men har jo mulighet for å lese av kjølevæsketemperaturen med ein app på mobilen. Kunne tenkt meg oljetemperatur på girkassen og, men har eit diagnoseapparat eg kan ha med på den første turen berre for å sjå korleis det går eventuelt.
-
Eg kjøpte olje hos BMW til mitt første oljeskift, holdt på å svime av når eg skulle betale så eg endte opp med å kjøpe eit 208l fat med Mobil1 ESP 5w-30. Køyrer ganske korte oljeskiftintervall, og har hatt en bil gåande som drosje nokre år samt eg har solgt vidare litt olje så har snart tømt fat nr. 2 Bilen min har no gått 32x.xxx og har ikkje skifta noko som helst på motoren anna enn slitedelar utanpå, som reimhjul og dynamo. Så har i alle fall ikkje noko negativt å seie om oljen.
-
Ja, eg har sjølv. Men kanskje det er nokon litt nærmare som kan hjelpe deg. Det meste finn du vel i den store diagnosetråden, en guide til det meste. Eg brukar berre en Autel (universal) sak eg hadde frå før.
-
Sjekk at du ikkje har nokre bremseslangar som er defekte og blåse seg opp, det er relativt lite volum med bremsevæske som flyttar seg så det skal ikkje så stor utviding til før bremsene blir tilnærma vekke. Ellers er det berre luft som kan skape problem så lenge det ikkje er lekkasje. Det er og fullt mulig med defekt hovedsylinder (intern lekkasje) men det er mest vanleg på gamle med innvendig rust som tar knekken på tetninga ved lufting. Men sidan det hjelpe å pumpe er det vel utelukka.
-
Kven prøvekøyrer ein bil i 40 kilometer etter registerbytte? Det er virkelig noko som skurrar. Be dei dokumentere med feilkodeutskrift (spør etter dette uten å seie at det er km.standen du er på jakt etter). For eg trur virkelig at nokon har noko dei prøvar å skjule.
-
Fortell bilen (med diagnoseutstyr) at det er utført så slutta den å mase om detta.
-
Den StOoOrE BMW-nevnt-i-media-samletråden!
emne svarte i TurboJens sin aloebiz.net i Annet BMW og motorprat
Øh.. har du gløymt å nevne diverse variantar av Ford Mondeo? Passaten kan umulig vere verre enn desse 90-tals Mondeoane -
Dersom det er ein styreenhet som aktiverar litt fjernlys kan du finne dette med å måle med eit multimeter innstilt på Hz (%) mellom pinnane på fjernlyspæra. For du ein %-verdi av multimeteret er det PWM dimming av fjernlyset som du evt. må kode vekk. Dersom det ex. er jordfeil eller noko anna rart så vil du ikkje få noko resultat av denne målemetoden.
-
Den eine ja, problemet er at den står berre på eine sida så stramma du den for hardt så blir bremseskiva ståande skeivt.