KMT Skrevet Oktober 17, 2012 Share Skrevet Oktober 17, 2012 Min E30 325iX Touring kjem i nye og gode hender. Dermed er det vel over med Bimmer for Karl? Vel, for å unngå at gårdsplassen går tom for tvillingnyrer, må ein sørge for litt overlapp før den forrige forlater meg heilt. Har drømt om E39 siden den kom i ´97. Gløymer aldri den dagen E39 M5 vart lansert i `98 med kraftig motor kombinert med et fantastisk understell, interiør og et utseende som vitner om at her er det alvor. Dette kunstverket pryda framsida av Bilsport, i fargen sølv. Var morro å få eitt inntrykk av vogna, og inntrykka ein fekk var stort sett via blader den gangen. Du googla ikkje på den tida... Men, her må eg skuffe den flittige lesar. M5 sitt forbruk går dårlig overens med kva eg har budsjettert for matpakkeflyttaren, då eg køyrer 12 mil+ kvar dag. Då er det fint å benytte seg av dieselhysteriet som rår i kongeriket for tida, og handle fyringsoljedrive maskin. 530D kostar meir enn det smakar, men med 525D kan ein få mykje bil for pengane! Forøvrig er eg glad i ein bil som håndterer svingete norske vegar skikkeleg og byr på breitt glis når ein pressar vogna litt ekstra. Har difor sett etter bil med M-understell. Joda, ein kan alltids oppgradere eit standard understell, men eg hadde virkeleg lyst på originalt M. Vidare har det vore eit krav at setene skal vere gode i sitte i, med ekstra lårstøtte. Resten av utstyret er for meg temmeleg revnande likegyldig, så lenge vogna er i god stand. Så, siste 4 åra har eg venta på rette anledningen. No, som prisane virkeleg begynner å bli hyggelege, kan eg endeleg slå til på siste års produksjon av E39 sedan, der ingeniørane har fått luka vekk mykje av barnesjukdommane, samt at produksjonsmedarbeidarane er vorte skikkeleg drevne i å sette sammen desse fantastiske vognene. Vognene vart forøvrig også dette siste år for sedanen oppgradert med små men vesentlige detaljer. Eg har venta på å eiga E39 i 15 år. 15 år er lenge nok. Nei, nok prat, ut på tur Mvh. Karl, som sit spent på toget akkurat no på veg austover frå Sørlandet i håp om at vogna er omtrent like bra som selgar kan formidle vha bilder og lovord Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
cityhopper Skrevet Oktober 17, 2012 Share Skrevet Oktober 17, 2012 Dette blir bra. E39 er nok hakket greiere som bruksbil enn din forrige Bimmer... Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
KMT Skrevet Oktober 17, 2012 Forfatter Share Skrevet Oktober 17, 2012 Haha ja. Men, kjem til å sakne E30en. Den er meget bra til med sin bruk (ikkje nødvendigvis dagleg lang pendling). Kan bli bra å starte/avslutte arbeidsdagen i denne Mvh Karl Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
norbakken Skrevet Oktober 17, 2012 Share Skrevet Oktober 17, 2012 Morsom lesning, gleder meg til å se bilen, og håper ikke minst at du blir fornøyd! Sleng ut bilder Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Pitstop Skrevet Oktober 18, 2012 Share Skrevet Oktober 18, 2012 Blei det handel??? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Jimxd Skrevet Oktober 18, 2012 Share Skrevet Oktober 18, 2012 AAAAH byen min <3 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
sveinis Skrevet Oktober 18, 2012 Share Skrevet Oktober 18, 2012 Gratulere KM! Trist at ix'en er borte, men dette blir sikkert gode greier! Ventar spent på bilder og rapport! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
KMT Skrevet Oktober 18, 2012 Forfatter Share Skrevet Oktober 18, 2012 Toget stoppa etterkvart, og godt var det, for Karl var temmeleg geara, småkvalm av bølgete togskinner, og "eindel" sommarfuglar i magen hehe. Og jada, det vart handel! Og ein meget hyggeleg handel óg, mellom to entusiastar Mitt første glimt av vogna, der selgaren nærmar seg O lykke!! Det kjem meir Mvh. guttungen Karl Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
sveinis Skrevet Oktober 18, 2012 Share Skrevet Oktober 18, 2012 KM, trur du må oppgradere den Amigaen din for å få til å poste bilder her... edit: se der ja Ser fram til å ta nokre drag mot denne Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
KMT Skrevet Oktober 18, 2012 Forfatter Share Skrevet Oktober 18, 2012 Det er med god grunn at eg ikkje har tid til å poste noko særleg her enno. Det er nemleg vanskeleg å parkere denne vogna for dagen. -berre eeein liten tur til, så skal eg ta kvelden. Hvis eg klarar Køyreglede!!! Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
*MrB* Skrevet Oktober 19, 2012 Share Skrevet Oktober 19, 2012 "Dieselhysteriet" er da strangt tatt avtagende, men E39 i god stand er fortsatt en flott bil, både å se på og å kjøre. Gratulerer. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
KMT Skrevet Oktober 19, 2012 Forfatter Share Skrevet Oktober 19, 2012 Takk for hyggelege gratulasjonar Dieselhysteriet er gjerne avtagande, bruktmarkedet er uansett fremdeles prega av det. Trist for selgarar. Glimrande for kjøpar. Her er vinterpakka for E39 beholdt, felgdesignet er skremmande stygt for å seie forsiktig og må bytast til anna. Når det er sagt, heile vogna ber preg av korrekt prioritering, der vedlikehold går foran visuell oppgradering (styling, felgar osv.). Så, eg tek det som eit godt tegn at bilen står på desse vinterhjula. Men, som sagt. Dei skal ut til fordel for anna. Her kan eg for første gang skue bilen på nært hold, idet selgaren bremsar ned for å plukke opp ein spent ny eigar. O lykke! Dei korrekte hjula, originale E39 Sport, er sjølvsagt medfølgande og er kledd i gode sommardekk. Som du ser av bildet må lykteglasa tas. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
KMT Skrevet Oktober 20, 2012 Forfatter Share Skrevet Oktober 20, 2012 Litt historie og tekniske data: Bilen rulla ut av fabrikken 10. september 2002. Eg studerte då 2. året ved Høgskolen i Agder, og fruen var 2 mnd på veg med eldstemann. Me køyrde då rundt i hennar 1991 Mitsubishi Lancer 1.5 GLXi. Fyrst 8 månader seinare, nærmare bestemt på frigjeringsdagen 8. mai 2003, kunne Rita Sørensen ved Autozentrum levere ut nybilen til sin fyrste eigar. Flagget vaia i vinden den dagen frå balkongen vår. Vår vesle gode førstefødte var då tre veker ung, og låg i babybag i baksetet i vår nydelege fullspec´a 1994 Audi 100 2.5 TDI når me stadig var ute på farten. Sidan den gang er det tydeleg at der Fünfer er nøysomt behandla og fulgt opp. Serviceheftet er ein fryd å lese. Utover normal service, er historikk over bytte av bakakselolje, automatgearolje og -filter, jevnleg bytte av veivhusventilasjonfilter, -pakning og –hus, luftfilter, dieselfilter, kamakselsensor, kjølevannssensor, fjerning av swirl-flaps, blending av EGR og overhaling av Webasto m.m. berre nokre av jobbane som vitnar om at bilen er eigd av patentlege folk. Eg har ikkje gått av vegen for å vurdere bilar med litt km.stand. Ein bil som rulla mykje på relativt få år ofte er brukt til lengre daglege turar der motorolje (ikkje berre kjølevatn!) er rukke å verta tilstrekkeleg varmt, hvilket påfører kjøretøyet relativt mindre slitasje enn mykje småkøyring, sjølv om sistnevnte tilfelle ofte resulterer i lavare km.stand. Automatkassa, som sist fekk olje- og oljefilterskift for 58.000km sidan, er av type A5S 390R og fungerer perfekt. Bilen forøvrig opplevast i det heile tatt som svært tight. Alt fungerer og bærer lite preg av bruk. Mvh. Karl Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
KMT Skrevet Oktober 20, 2012 Forfatter Share Skrevet Oktober 20, 2012 Ønskene mine då eg søkte etter E39, var at det var ein av dei seinare versjonane for å få med mest mogleg oppdateringar og at dei fleste barnesjukdommar er luka vekk. I tillegg var krava rekkeseks diesel, M understell, gode seter & ratt, samt minst mogleg rust og inneha ryddig servicehistorikk. Resten er meir eller mindre rein bonus for meg og er meir kjekt-å-ha i grunnen. Opsjonslista innehar ikkje akkurat rekorden i antal linjer, men inneheld etter mi meining eindel viktige ting: S210A DYNAMISCHE STAB. CONTROL (DSC) Dynamic stability control S216A SERVOTRONIC HYDRO STEERING-SERVOTRONIC S249A MULITFUNKTION FUER LENKRAD Multifunction f steering wheel S302A ALARMANLAGE Alarm system S320A MODELLSCHRIFTZUG ENTFALL Deleted, model lettering P337A M SPORTPAKET M Sports package S339A SHADOW LINE Shadow-Line S428A WARNDREIECK Warning triangle and first aid kit S434A INTERIEURLEISTEN Interior surface aluminium S441A RAUCHERPAKET Smoker package S464A SKISACK Ski bag S481A SPORTSITZE FUER FAHRER/BEIFAHRER Sports seat S494A SITZHEIZUNG FUER FAHRER/BEIFAHRER Seat heating driver/passenger S500A SCHEINW.WASCHANL./INTENSIVREINIGUNG Headl.washer system/intensive cleaning S521A REGENSENSOR Rain sensor S522A XENON-LICHT Xenon Light S534A KLIMAAUTOMATIK Automatic air conditioning S601A TV-FUNKTION TV function S609A NAVIGATIONSSYSTEM PROFESSIONAL Navigation system Professional S672A CD WECHSLER 6-FACH CD changer for 6 CDs S705A M SPORTFAHRWERK II M sports suspension II S710A M LEDERLENKRAD M sports steering wheel, multifunction S715A M AERODYNAMIKPAKET M Aerodynamics package S775A INDIVIDUAL DACHHIMMEL ANTHRAZIT Headlining anthracite S785A WEISSE BLINKLEUCHTEN White direction indicator lights S788A M LEICHTMETALLRAEDER BMW LA wheel, Individual S818A BATTERIEHAUPTSCHALTER Battery master switch S842A KALTLAND-AUSFUEHRUNG Cold-climate version S850A ZUSAETZL. TANKFUELLUNG EXPORT Additional Export tank filling S863A SERVICE KONTAKT-FLYER EUROPA Dealer List Europe S888A DAENISCH / BORDLITERATUR On-board literature, Danish S896A TAGFAHRLICHTSCHALTUNG Daytime driving lights S925A VERSANDSCHUTZPAKET Dispatch protection pack Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
RogE36R Skrevet Oktober 20, 2012 Share Skrevet Oktober 20, 2012 Kjempeflott bil! Grattis Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå