Gnukkelars Skrevet Torsdag kl. 21:24 Skrevet Torsdag kl. 21:24 (endret) Her kjem ein liten post om min forrige, og første bmw, ein 520d manuell e60(LCI), Schwarz. Skulle aldri ha tett sort bil, men blei eit spontantkjøp i 2019, sidan prisen var låg for 1eigars bil (i Noreg etter import), og med 157k på teljaren. Den vart solgt no i juni, etter kjøp av F01, og fekk ila mitt eige litt oppgraderingar (kall meg gjerne ung og dum, for i dagens marked så er det klart trist å øydeleggje ein bil i fin stand med halvveis gjennomført m-sport, og interiør med ulike skinntypar..) Og ser no i leitinga etter ny e61, fortrinnsvis, at det er svært langt mellom både riktig utstyrte bilar, men og bilar der det meste er i ok stand kosmetisk eks. Det som var gjort: - Ny turbo på bruktbilgaranti. - Koda vekk egr, dpf, samt tatt ut innmat i dpf. - Røska ut swirl flaps. - Mr12v bluetooth adapter. - Orginal, men amatørlakkert M-front. - Originale M-sideskjørt, men eit i karbonsort, og eit som trengte litt plastring.. - Westfalia avtagbart hengerfeste, (grei skuring å montere med strømtjuvar, og original modul medfølgande) Dette var grunn til at eg aldri sat på M-bakfanger, ettersom den ikkje hadde fått plass med typen hengerfeste/tverrbjelke.. - Byte av ruter fra b-stolpe med originalt mørke. - Prøvde ulike vinterdekk/felg (fant aldri nokre med utsjåandemessig lavt nok innpress bak) siste vinter fekk eg tak i 10år gamle! Nokian hakka r2, 235r17 frå f1x. Latterlig bra framkommelighet med dei. - Mak Munchen silver 19" vart kjøpt med goodyear eller lignande budsjettvariant, 225 og 245 på 8,5 og 9,5 felg. Litt dekkstrekk, men veldig bra før dei vart 3år, og begynte å spora og støya merkbart mykje. - Hadde no siste sesongen pilot sport 4s og 5 i 245 og 265. Litt meir støy enn forventa, men bilen vart fantastisk å køyra med dei! - Ellers eindel vanlege deler i understell, lekkasje frå oljefilterhus, glødepluggar m/rele, oljeskift girkasse og diff ++ Med komfortseter, var følelsen like fantastisk samme kva ny (og dyr) bil ein kom i frå, kjende meg heima umiddelbart i e60-en, og alltid litt trist å parkere, sjølv om ein hadde kjørt langt. Så ja, e6x vil eg nok ha igjen! Sånn her såg den ut ved sal. Må berre få nevne at eg synes felgmodellen kler bilen vanvittig bra, kunne vel aller helst ha vore 20", men angra på at eg selde dei, om det plutseleg skulle dukka opp ein ny e6x som hadde kledd dei. Og eit dårlig bilete frå kjøp, herlig følelse på heimturen for ein par 20-åringar, (var mest vant med 1.8l 125hk vectra b for mitt vedkommande) Den her rakkaren skapte litt hodebry, og vart ikkje lagt merke til på naf test. Hugsa eg la meg under bilen på pit-stop (Kvinesheia) og knytta den opp med tau frå ein hettegenser 🤣 Fryktelig irriterande, høgfrekvent lyd før den vart juksa opp. Vart nytta som arbeidshest eindel, her på tur med 1tonn glasrekkverk over haukelifjell. Kjørecomputer viste under 0,6 deler av den turen🤨 Vemodig, siste vask, ilag med storebror. IMG_5975.MOV Endret Lørdag kl. 21:21 av Gnukkelars skrivefeil Ampera, mr.pingu, Ingvaldsen og 1 annen reagerte på dette 4
Ingvaldsen Skrevet Lørdag kl. 17:37 Skrevet Lørdag kl. 17:37 Blir spennende å se hvor lenge f01 eierskapet varer😁
Gnukkelars Skrevet Lørdag kl. 19:13 Forfatter Skrevet Lørdag kl. 19:13 Ja, det er eg spent på sjølv 😜 Merka kvar køyretur, at lysten er sterk til å ta ut på tur til Sveits eks, med den her! Stor takk til Ingvaldsen, som eg egentlig hadde planer om å kjøpe 750d av. Har blitt mykje gode tips derifrå! Blant anna tanken om å prøve e65. Og ein ting er eg sikker på, at eg skal ha e60/61 eller e65 med comfort, og skikkelig skinnkvalitet 🤗 Grunnen til at eg byrja å sjå på F01, var etter ei melding på instagram der ein friska opp eit e60-ratt, kanskje vedkommande også er her inne? Einaste grunn til at e60 var solgt, var at det var for masse småplukk, samt skadde hjulbuer/jekkefeste begge sider bak, til å fikse opp imo. Og med bilpleie som hobby, så er det jo ikkje kjekt å vaske ein bil som ikkje er "heil".
Gnukkelars Skrevet Lørdag kl. 20:38 Forfatter Skrevet Lørdag kl. 20:38 (endret) Såå, "F01-eventyret" i gang Beklagar på førehand rotete førstepost. Får bli flinkare framover. km stand på 76 000. Liten tur Sogndal - Bømlo for å få bilen heim. Eigentleg litt kort for å få skikkelig følelsen av ein sånn bil. Ein liten a-ha opplevelse vart det likevel, opp mot vikafjell. Fy! kor deilig å flyte over dårlige vegar, og å teste ulike modi oppover! Litt skader var det, og ein motor for sidestøtte som var kaput. Stjelte frå andre setet, og har bestilt ny frå aliexpress. (den har dog kun 2 pinnar istadenfor 4, så spent på om den kan fungere..) God plass rundt her, sjølv om ein må ligge langflat over skjermar/front, for å jobbe på motor. Ups, nokon som har ny felg, eller alternative vinterhjul for sal? Litt rensing av matter, ifbm nye gummimatter, ein fin haustdag. - Om nokon har gummimatter til bak også, så vil eg gjerne kjøpe. Alt for tidlig omlegg til vinterdekk, sidan sommardekk var alt for lite mønster igjen på. (p-zero runflat, fysj dei var ekle å køyra med) Ikkje serlig bedre med triangle 235 rund baut på ein 2tonns bil, men lydlaust vart det! Noko som er viktig, og medvirkande årsak til at det vart 7-serie. Merkar nesten ikkje forskjell på handling i ulike køyreprogram, med dei smale ballongdekka, litt meir luft får prøvast evt. Garasjen ser ikkje ut i måneskin, eit av haustens prosjekt, å strekka den opp litt så det vert hyggelegare å polere bilen her etterkvart Praktisk at jekkefesteavstand var lik som på e60! Sikkert ikkje heilt innafor bruk av løftar, men virka som bilen stod dønn stabilt oppå. Ved evt arbeid under, så brukar eg uansett å legge under ein par dekk. Mest bremser, dekkskift og polering den blir brukt til. To veker forlatt her, og den hadde jaggu sege litt. Så var det endeleg tid for lakk av bakfangar, og utbetring av rust. Demonterte detaljar på bakluke også, for å evt. kunne utnytte garanti mot gjennomrusting. Kom ingen veg hos "bavaria", ettersom skjermar bak er lakkerte opp tidlegare.. Så leverte bilen i går hos lakkverksted (på haugalandet), som skal vara dyktige. Trangt om plassen.. Her var det ca 5cm igjen bil-garasjeport. Litt gnageskade. Denne var litt merkelig, tyda ikkje på tidlegare demontering, og lykt hadde ingen del som låg inntil heller. Rusten har jobba ei stund i "plateskøyt" og under fuge her.. Fangar vart stripsa opp, og festa med ein par skruar etterpå, heilt greit å kjøra med uten for masse flagring. Planer vidare er - Swirl flaps. - Downpipe, evt sveist i røyr. - Tuning (Nokon med kjennskap til prosess og moglegheiter for å få det inn i vognkort? evt kor mykje det påverkar verdi v/ sal?) Ynskjer fortrinnsvis TRF software. - Evt senk, dersom framdemperar eller fjører ryk. - Skvettlappar? litt usikker på om det ser greit ut, og at det kanskje øydelegg mulighet for å køyre på dårlige vegar med slaghull. - Moderat toning/solfilm på bakruter. - PPF eller lignande før evt montering av skvettlappar, på terskel bak og evt fleire plassar. Tar gjerne imot tips til noko ein får kjøpt for føremålet, evt nokon i sunnhordland/haugesund som legg ppf. - Ifylling av steinsprut litt rundt om. Panser og tak er heldigvis i meget bra stand. - Mulighet for å legge inn tredjeparts-ladeplate, eller få betre ladehastighet på usb i midtkonsoll? - Matchup 7. - Og sjølvsagt hyppige oljeskift, og kos med pleie av lakk. - Tips til nye originale m-emblem? (var vel rundt tusenlappen stk på koed, om eg har funne dei rette😐 Klør i fingrane etter å få strekt opp lakk. Carbonschwarz i sollys er noko for seg sjølv 🥹 Endret 20 timer siden av Gnukkelars Bilde lå dobbelt opp Ingvaldsen, BimmerFan!, Lars S og 3 andre reagerte på dette 6
Ingvaldsen Skrevet 9 timer siden Skrevet 9 timer siden Matchup forsterker på 676 stereo er en voldsom oppgradering emblem er kanskje billig på GS med ccn rabatt ? skvettlapper finner du kanskje under retrofit i etk om det ikkje er utgått Gnukkelars reagerte på dette 1
BMWE39turbo Skrevet 9 timer siden Skrevet 9 timer siden (endret) Kan anbefale folielab for ppf, flink kar som har lokale på Fitjar og i Bergen. Lei den rusta der, men typisk på F serie. Løsningen er egentlig ppf på hjulbue bak og legge den rundt kanten, så smøre inn baksiden med noe grease/sauefett som tåler mye sprut. Gjorde dette på vår f31 og den har rustfrie skjermer ved 145 000km, og har forventninger at de holder seg slik de neste 100k km også. Endret 9 timer siden av BMWE39turbo
Gnukkelars Skrevet 8 timer siden Forfatter Skrevet 8 timer siden @Ingvaldsen Berre å følge med etter brukt matchup, men må vel sannsynsligvis fleske til med ein ny, om ein vil ha innen rimelig tid 😅 Fant svarte emblem på gs, 2stk. for 900,- Så dei bør vel klare å rota fram i chrome også, om ein kontaktar dei, eller i etk-en. Skvettlappar har eg liggande frå aliexpress, fin passform på dei. Men som nevnt usikker på om det passar looken, og det at eg treng køyre på stygg grusveg eit stykke iblant. Dei vert uansett lakkerte no, såg ein anna opel-kar som gjorde det, og synes igrunn det var ein fin vri på mørk bil! @BMWE39turbo Har sett dei på fb, ser ut som dei legg stolthet i arbeid! Interessant, har du bilder/tråd av for f31? Litt nysgjerrig på kor avslutning av ppf oppimot c-stolpe er, og kor synleg den er
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå