Gå til innhold

justemann

Medlem
  • Innholdsteller

    238
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Interesser:
    Bømlo

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Eg har ein TM3 eg vurderer å byte ut til ein billegare bil for å frigjera litt kapital. Valget står mellom ein trasig leasingbil til 3000 per månad, eller ein eldre bil til ca 50k. Då seglar blant anna E9X opp som aktuelle kandidatar. Både 316, 318 og 320 finnest i både diesel- og bensinvariantar i denne prisklassen, men kva skal eg velje? Eg har tidlegare hatt E90 LCI og likte den veldig godt, så det er eit stort pluss om det er nyare enn 09. Bilen skal stort sett brukast til jobbpendling, så om det er sedan elle stasjonsvogn er ikkje så nøye. Det viktigaste kriteriet er nok holdbarheten på motoren. Kva bør eg gå for?
  2. Eg treng ein slepekrok til ein E39 523i til isbanekøyring ihelga. Er det nokon som har det i området rundt Bergen?
  3. Kva var det som gjorde at X3m-felgar på iX3 ikkje gjekk? Er det større/anna dimensjon enn det iX3 vert levert med?
  4. Kva inneber det at felgen er typegodkjend? Så lenge innpress, lasteindeks, breidd og denslags er likt det som blir levert frå BMW, er det vel vel vanskeleg å sjå for seg at dei kan unndra seg reklamasjonsansvar? Og det me kan reklamere på, er vel typisk det som inngår i ein garanti - makes no sense å fjerne noko frå garantiordninga som ein kan reklamere på (så lenge ein ikkje heiter Tesla - då makes it perfect sense 😅). Men det er vel kanskje akkurat dette seljaren refererer til som at felgen må vera typegodkjend?
  5. Høyres heilt topp ut! Ein pitteliten frunk er akkurat stor nok til å stue vekk nødladar og slikt ein svært sjeldan brukar, men likevel treng ha med. Har sjølv bestilt i4, og håpar nokon gjer det same der på sikt.
  6. Nei, rik blir ein vel neppe av å flippe i4, men om du har bestilt før prishoppa og i tillegg har storkunderabatt, bør det vel la seg gjera å ta levering av bilen, prøva han ut nokre hundre km og likevel selja han oppunder dagens nypris?Forutsett desse to faktorane, bør vel det la seg gjera ganske nært opptil tidspunktet for det første prishoppet? I september, var det? Når det er sagt, eg har ingen som helst planar om å selja bilen. Eg har per i dag ein Model X, og gler meg som ein unge til å byta han ut med i4, men eg tvilar på at kona gler seg like mykje. Ho gler seg til å koma vekk frå kvaliteten og servicen til Tesla, men er kanskje meir skeptisk til å gå frå den perfekte babybilen (sett bort frå Caravelle og denslags) til i4 - som er vel eit pittelite stykke frå å vera perfekt familiebil - for ein familie på fem 😅
  7. Eg skriv nynorsk, men selgaren min gjer ikkje 😅. Eg har handla på Jæger Kokstad i Bergen.
  8. Så lenge det er folk som står klare til å kjøpe, er det vel berre sånn det er, ja. Og det er jo heilt greit. Det er ingen som vert tvungne til å kjøpe bil. Eg trur det kan ta litt tid før dei fleste har fått produksjonsveke. Eg bestilte 12.juni, og då eg kontakta selgaren min, hadde dei berre fått produksjonsveke for dei som bestilte mellom 2. og 4. juni. Han antyda vidare at han visste meir om produksjonsveke for min bil i slutten av februar. Eg kan vel håpe på levering i mai, kanskje? Sjølv om 12. juni ikkje er blant dei første, vil eg tru at størsteparten av bestillingane kom godt etter dette, og at det er såpass mange potensielle kjøparar at markedet for å selje i4 på privaten kjem til å vera ok ei lita stund enno?
  9. Levering i 11 eller 12, ja. Det er jo ikkje så lenge til 😎 Kva tid bestilte du? 2.juni?
  10. Ser på Facebook at det er fleire (les: éin 😅) som har fått produksjonsveke no - veke 9. Fleire som har fått produksjonsveke?
  11. Då eg bestilte min i4M50 i juni, hadde eg relativt like punkt på ynskjelista. Me har per i dag ein Tesla Model X, som trass i mange manglar både i design, kvalitet og ikkje minst service, har vore ein fantastisk praktisk baby-bil (til dømes mykje meir praktisk enn XC90 hybriden eg bytta han ut med). Me vurderte akkurat dei same bilane du har på di liste, og vurderte dei egentlig heilt likt òg. Hadde det vore større hengarvekt og 4x4 på iX3, hadde me nok valgt denne. Sjølv om me kjem frå ein bil med vanvittig god plass til alt det krimskramset ein barnefamilie dreg med seg på tur, landa me på at i4 er stor nok 9 av 10 turar (me har sporadiske langturar i staden for jamnlege). Som oftast er det berre éin vaksen pluss ungar i bilen, og det bør vel kunne gå heilt fint. For min del er eg villig til å ha det trongt både med omsyn til folk og fe dei få gongane me skal på tur alle saman, når premien er å trille rundt i ein bil eg har myyyykje meir lyst på enn dei andre på lista. Me var heldigvis ganske tidleg ute med å bestille i4, så om det vert fullstendig umogleg å pakke heile familien inn i bilen, kan eg nok selje han utan å gå i minus og heller gå for e-tron eller iX 😐 PS! Eg har ikkje to ungar som skal trøkkast baki det vesle baksetet til i4en.... Eg har tre 🙄 to på fire og ein på seks 😂
  12. Eller Combi Coupe? 😬🤔😅
  13. Ja, det er det min selgar har sagt. Han vil vente til produksjonsdatoen er sett. Eg får gi han ein lyd og høyre.
  14. Skjønar... Hmm... Så selgar veit ikkje på førehand om endringar som blir lagt inn fører til forsinka produksjon og levering? Det høyres jo litt trasig ut 😳
  15. Det var vel kanskje eitt tilfelle av det som Ampera nevner? At dei ikkje hadde rette deler for å gjera endringane? Eg håpar at selgar veit det før eventuelle endringar vert lagt inn. For min del er det soltak, HK, shadowline og Vernasca som eventuelt skal leggast til. Men ingenting av dette er så viktig at eg vil utsetje levering kjempelenge.
×
×
  • Opprett ny...