Gå til innhold

TurboJens

Medlem
  • Innholdsteller

    418
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av TurboJens

  1. Lokket skal holde trykket på kjølesystemet for å heve kokepunktet. Ved atmosfærisk trykk så kokar kjølevæska rundt sylinderane og pressar vatnet ut gjennom ekspansjonstanken. Omtrent samme symptom som gåen toppakning.
  2. Det var ein fin patent. Til info så betalte eg ein gong BMW 1052kr for å montere eit fjørbein med ny fjær og topplagring. Gammal fjær og topplagring var fjerna på forhånd. Eg synest det var ein vanvittig pris men hadde ikkje noko valg der å då. I tillegg kom deler (fjær, topplagring og gummimellomlegg for 3500kr). For ei side.
  3. Såg en eller anna video frå det store utland der dei brukte ein 2søyler som fjærklemme. Sette demparen på golvet og fjærlageret under gitteret på løftearmen. Det virka veldig bra men såg ikkje så trygt ut..
  4. Liten oppdatering, skulle skifte pumpa i går og når eg tappa av oljen som hadde vore der vel 1.000km så var den full i mørk gørr og gullfarga partiklar. Eit lite internettsøk viste at lamellane er gullaktige på farge så då blei det bestilt nye lamellar frå UK og overtrykksventil og inng.aksel med tetningar frå GS. Får håpe det gjere susen, er jo ikkje noko anna inni der som er for slitedeler å rekne. Har og hatt vibrasjon ved pådrag fortsatt så jakta fortsette, men må få Haldex koblinga i orden før eg gjere noko meir. Håpar eg sleppe å kjøpe ny mellomaksling eller noko anna spinndyrt i alle fall.
  5. Trekke demperen seg sammen igjen? Aldri vore borti at demperane ikkje går ut av seg sjølv. Eg gjorde ein lignande jobb i vinter, der gjorde eg som i ditt første bilde og klemte det heilt sammen så sette eg demparen i golvet la på topplageret og la rett og slett kroppsvekta mi på (det er ikkje rare greiene) sånn at eg fekk på mutteren. Prøvde litt ymse, å få med ei vikling til i fjærklemma men det blei som du seier ikkje råd å få ut igjen klemma etterpå. På min bil seier også BMW at du skal klemme på topplageret men det gjekk heilt greitt uten.
  6. Det skulle i alle fall fungert til det blei skikkeleg varmt, nok til å få konkludert med at det er kabelmatta som er synderen.
  7. Kontroll av frontruteslitasje og vindusviskera. Deler å skifte er evt. regnsensoren og frontrute.
  8. Autodoc har eit forvirrande prissystem, men som nevnt bruk mobilappen der er ein prosent eller to høgare rabatt enn i nettbutikken. Sleng varene i handlekorga og ta eit skjermbilde. Så vil du oppleve at frå dag til dag så varierar rabatten mellom 22-41% ca men også den veiledande prisen endrar seg så om det ikkje hastar er det lurt å ha litt is i magen og vente. Kan spare mange tusenlappar på det. Slik eg pleier å gjere det, men må ta med i berekninga at det tar ca 14dagar frå bestilling til varene er framme så det tar litt tid.
  9. Når du skal koble til hjelpestart frå annan bil så må det gjerast med motoren av. Så når kablane er kobla til kan du starte donorbilen og har du tid er det lurt å la den gå nokre minutt før du starta den som treng starthjelp. Koblar du til startkablar mellom ein bil som går og ein som er heilt tom for strøm kan det oppstå nokre voldsomme spenningstoppar som kan (sjelden) ta livet av elektronikken. Derfor er slik hjelpestart litt skummelt. På store kjøretøy står det store klistermerker med tekst tilsvarande "Som hjelpestart må kun batterier benyttes" Det gjeld det same for personbil egentlig.
  10. Eit batteri kan fint vare i 10 år, det er alikavel godt over snittet.
  11. På min F46 råtna det såpass at det slutta å virke så måtte kjøpe eit nytt. Kosta 500kr orginalt så det var egentlig heilt ok. Fukta trekte inn i kontakten og eira fast så måtte skifte kontakten og så like greitt å ta det før det kjem så langt. Sett kontakta godt inn med syrefri vaselin eller lignande.
  12. Alle mine hjul ser slik ut på innsida av eikane. Virkar for at dei har spart litt på overflatebehandlinga. Garantien min er gått ut for lenge sidan, aldri tenkt over at detta var noko eg burde klaga på desverre.
  13. Ser i delekatalogen at det er ei sånn kvasi løysing, er jo fortsatt all den fæle leamikken inni bremsetrommelen. På min (og dei fleste nyare bilar) sitte det integrert i bremsekalipperen slik at det er den vanlige driftsbremsen som er brukt som parkbrems. Det sitte ein elektromotor bakpå kalipperen som pressar på baksida av stempelet så det er minimalt med bevegelige deler. Baklager off topic
  14. 2016 2-serie F46
  15. Same mannskjiten som Volvo har hatt. Håplaust dårleg. Må innrømme at eg dømte dette elektriske parkbremsegreiene nord og ned når det kom, men eg er utruleg glad for at eg har det. 318.000 feilfrie kilometer. Ikkje skifta kalipperane bak endå, har kjøpt dei for rekna med det nærmar seg men skal sjå kor langt eg kan strekke strikken
  16. Eg var borti ein slik ekspander som kjentes heilt fin ut, gjekk lett og fint i handa men når den stod med spenn på kilte den seg fullstendig. Det var etter nøye reingjering og smøring. Ny ekspander og problem løst.
  17. Det tyder meir på luft i systemet som pressar ut kjølevatnet når du åpnar loket. På min bil er det ein egen diagnosefunksjon for å lufte kjølesystemet, ikkje hatt problemer sjølv om eg har tappa ned kjølevæska. Mulig du kan finne en guide til dette på youtube
  18. Korleis veit du at det blir mykje trykk i ekspansjonstanken? Har du målt?
  19. At den bruker mye kjølevæske.
  20. Beklager at det ikkje var så enkelt. Uten å ha sett formuleringa så var det vanskeleg å konkludere, men er lov å vere litt optimist? Litt avhengig av årsmodell osv. så sitte pin for hjulhastighet og begge can-linjene rett ved sidan av kvarandre i kontaktstikket til ABS. Ville kontrollert for fukt der. Det er i alle fall heilt sikkert, er desverre langt i mellom dei som er svært dyktige på slikt.
  21. Beklager, det var ikkje meininga å tvile på kompetansen din, du har mykje bedre greie på dette enn eg fekk inntrykk av så eg bøyer meg i støvet
  22. Det er truleg feilkodar som kjem av manglande informasjon på bussen, noko som er åpenbart når ein sensor manglar. Skift sensor, slett feilkodar og ver glad og fornøgd.
  23. Ein liten digresjon, Trykket i luftfjæringa har ingen sammenheng med høgde. Det er derfor det er ein nivåsensor i dette systemet. Det einaste som påvirkar trykket er vekta på bilen. Så om bilen er senka ned eller heva opp så blir trykket (tilnærma) likt. (Litt variasjon er det pga. spenningar i hjulopphenget som foringar osv, men minimalt). Det er ut i frå trykket du får opp akselvektene, for eksempel i lastebil. Er kanskje ikkje så vanleg i personbil. men trykk*areal (på luftfjær) + statisk vekt = aktuell vekt. Statisk vekt er ufjæra vekt.
  24. Ja, heilt til ein luring har vore å montert ettermarkedsboltar. For dei rustar, men dei orginale er rustfrie så er berre å pusse reine og smøre opp igjen.
  25. Er den samme patenten på 2serien på glideboltane framme, fungerar utruleg bra den der i forhold til den gamle der bolten er eksponert for drit og står i ei gummiforing i kalipperen. Som det er bak på 2serien. Så om gummibelgen er heil og du får vekk rusta så skulle det ikkje vere noko i vegen for å smøre opp detta men vil alikavel anbefale eit rep.kit med boltar og belgar. Det vil nok vare ei stund lenger.
×
×
  • Opprett ny...