Gå til innhold

Martin musegutt

Medlem
  • Innholdsteller

    8
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Profile Information

  • Kjønn:
    Mann
  • Bosted:
    Jæren
  • Interesser:
    Countrymusikk, trailarar og kvinnfolk
  • Kjøretøy
    Vivaro, Twizy og F11

Nylige profilbesøk

102 profilvisninger

Martin musegutt's Achievements

  1. Takk for det! Jærsk likar me! Bestilte derimot time på Forus denne gongen. Det får bli Bryne neste gong. Fargetreff er absolutt på sin plass, det 😁
  2. Ja, det er nok det. Rustgarantien gjeld vel berre lakk. Jaja, eg kan høyra kva dei seier
  3. Takk for gode innspel. Eg sett stor pris på det! Det er eit godt poeng at lokalforhandlar ikkje betaler for dette sjølv, men fakturer BMW sentralt. Siden rustgarantien varer i 12 år, til 2027 (produksjonsdato er i 2015), kan det vel vera greit å ta ein ny sjekk då. Eg vil allikevel ta ein sjekk nå, for å ikkje risikera at dei påstår at det er forårsaka av ytre påvirking. Ja, me valde middelhavsblå hehe. Eg synest det var den finaste fargen desse kom i. Litt meir spennade enn svart, kvit og grå som 99,99 % av bilane på vegen er. Eg ville gjerne hatt meir krom på bilen, og sjølvsagt LED-lyktene. Brunt eller lyst skinn òg, men ein kan ikkje få i pose og sekk 🤗
  4. Hei, Eg kjøpte nyleg ein F11 2016-modell og har funne "rust" på dei typiske stadene på alle fire dører. Det er vel eigentleg sinkslepp, og ikkje rust. I tillegg ser eg rust rett under høgre baklykt på noko som ser ut som ei rund skive (eg har òg lagt ved bilete av venstre side for samanlikning). Ettersom rustgarantien framleis gjeld har eg lyst til å få bilen sjekka grundig for rust av ein verkstad. Er det lurast å få dette sjekka av ein tredjepart som f.eks. NAF? Eg ser for meg at Bavaria/BMW ikkje er så veldig interessert i å "arrestera seg sjølv". Erfaringar? Ha ein flott dag!
  5. Har kjøpt ein BMW F11 2016-modell og er på utkikk etter originale skiltholdare som BMW brukte på disse bilane i Noreg på denne tida. Det kan vera den klassiske "BMW - ren kjøreglede", "Bavaria" eller annan forhandlar. Nå står det eit sett med skiltholdare med logoen til bruktbilforhandlaren på, og det vil eg helst ikkje køyra rundt med. Ser for meg ein pris på 50-100 kr avhengig av stand. Kan det høyrast greitt ut?
  6. @Marius2002 Bare hyggeleg!:) Må vel inrømma at eg synest den var litt kul i starten sjølv hehe. Men eg er av den gammaldagse sorten som les tekst-TV og røyker pipe, så eg føler meg ikkje heilt heime i ein Twizy. Du kan garantert finna billigare bremser ein annan stad, men i ei facebook-gruppe eg er medlem i er det fleire som har slitt med å finna rimelege bakbremser. Ja, eg ser dei har på autodoc, men litt usikker på om du då må pressa ut det gamla hjullageret og pressa inn det nye i navet. Vanskelig å seia når eg ikkje har gjort det sjølv. Eg har heller ikkje funne nokon klare svar på nettet. Dette blir fyrst ein problemstilling når ein blir naud til å skifta skivene bak. Om dei ikkje er slitt ned eller rusta sundt held dei gjerne i mange år.
  7. Me kjøpte oss ein Twizy i haust og det har absolutt vore ein billige "bil". Skifta bremseklossar og girolje i vinter, ellers er det ikkje så mykje vedlikehald som skal til. Sjekk bremser godt. Om klossane ikkje har blitt skifta regelmessig kan dei ha slete godt på skivene. Eg tror dette er ganske vanleg på Twizy då klossane fort blir utsletne - i tillegg er vel ikkje akkurat den typiske Twizy-eigar noko bilkyndig, så dei køyrer til det går sundt. Bakskivene er utruleg vanskelege å få tak i. Du må kjøpa heile navet med hjullager og skive. Hos forhandlar kan dette kosta 20 000-30 000, som er heilt latterleg. Det som overraska oss godt var kor sinnsykt dårleg han gjekk på vinterstid. Kulda har mykje å seia for akselerasjonen og toppfart. Det er ikkje så festleg å ligga i 69 km/t i slak oppoverbakke på motorvegen, kor dei andre held 90. Med powerbox går det nok mykje betre, då. Me har ein 2012-modell, men eg tror ikkje dei har endra på drivlinja. Merk at dei nyaste ikkje kan chippast med powerbox. Enkelte av dokker har skreve at Twizy er eit kult framkomstmiddel. Det er eg heilt ueinig i. Eg synest det er ganske flaut å køyra rundt i. Den einaste grunnen til me kjøpte Twizy var fordi me var omringa av bomstasjonar. Nå har me flytta og den skal nok erstattast med ein Zoe eller Leaf så snart privatøkonomien tillét det. Det er ikkje akkurat flotte bilar, dét heller, men ein treng i alle fall ikkje kle seg for å køyra i dårleg vêr.
×
×
  • Opprett ny...