-
Innholdsteller
430 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av TurboJens
-
Forstår eg rett at dette kitet modifiserar flow slik at det først går gjennom veivhuset i pumpa for smøring og så gjennom filteret før det går tilbake til mengdeventilen? Slik at spon vert sortert ut før det går inn sjølve sylinderen? I så fall er det jo ganske genialt, nesten så eg skulle skaffa eit slik kit sjølv om det var ganske kostbart men definitivt redusera eit pumpehavari til ubeleiligheten av å få motorstans under køyring utan å kunne planlegge det. Ny pumpe, eit par nye filter og så er det rett på vegen igjen? Det er ikkje akkurat god plass, det er veldig trangt men pumpa står foran på motoren så den er sånn sett lett å komme til, er egentlig berre å plukke vekk litt krimskrams som ex. radiatorvifte og kanskje innsug så trur eg den er lett å jobbe med. Intressant video, takk
-
Ang. dieselpumpehavari. Eg har en B47 som er like rundt hjørnet frå å runde 350.000km og har ikkje funne noko teikn til at det har vore skifta dieselpumpe på denne verken før eller eg kjøpte den. Eg har uansett eigd den sidan 2019 så noko oppgradert pumpe har den i alle fall ikkje fått. Eg har og vore å kika litt nedi motorrommet og den har desse pilene ved slangetilkoblingane. Er det noko forskjell på varigheten om ein har ein motor som står feil veg? Eg synest nesten det er rart at pumpa ikkje har havarert endå og det er på ein måte litt skummelt å la dette vere. Er ikkje akkurat billig å skifte dieselpumpe berre for å vere på den sikre sida heller. Nokon som veit om tilfelle av pumpehavari på ex. F45/F46 med B47? Bilen er definitivt verdt kostnaden med ei ny pumpe, men det kjennest noko meiningslaust ut dersom det ikkje er behov for det. Det beste hadde jo vore å fått eit kit med eit slags filter/stålpartikkelfelle ein kunne montert men det er jo ikkje berre berre å konstruere noko slikt som kan motstå det vanvittige trykket. Pumpehavari i seg sjølv gjere jo ikkje noko skade på motoren, men det er stålspon på avveie som gjere det ekstremt kostbart når ulykka allereie er ute? Det er jo ikkje det heilt store flødet i høgtrykksystemet kanskje, så mulig det hadde gått å montert ein svært kraftig magnet på utsida av tilførselrøret og så kunne ein inspisert innholdet i røret ein gong i blant? Nokon som veit flowmengdene og om det i det heile tatt vil la seg gjere å prøve å stoppe stålpartiklar?
-
Nesten alle fjærer knekke.. Min F46 der holdt alle fjærene til langt over 300.000km før eg skifta dei samtidig med demperane. Det må riktignok ha vore skitflaks, for en anna lik F46 der vart begge framfjærene skifta før 140.000km og begge bak knakk noko over 200.000km. Dei fjærene som gjekk foran dei er no knekt igjen. Samtidig kjøpte eg ein passat som hadde fått nye fjærer foran i 2019 på 135.000km. En av de er nå knekt, bilen har gått 221.000km så ikkje noko imponerande kvalitet. Årsaken er stort sett korrosjon, og grunnen til det store problemet er svikt i overflatebehandlinga då det er eit sår i pulverlakken der fjæra blei hengt opp under lakkeringa. Det er som regel ca en halv runde inn på fjæra i en ende og det er stort sett der det knekke. Eg har begynt å ha krympestrømpe med lim utanpå såret, kunne sikkert virka bra med fugemasse/rutelim og.
-
1. Virkar tilleggsvarmeren? Når du søker å få 32gr i kupeen når det er -25gr ute så kan du egentlig berre gløyme det uten varmer. Korleis kler du deg når du køyrer bil? Eg ville normalt kledd meg litt ekstra når det var så kaldt og då hadde eg senka temperaturen i kupeen for å minske differansen mellom ute og inne. Du gjere jo det motsatte. 2. Når ble det montert EGR delete? Dette reduserar nemleg den mengde spillvarme som blir tatt opp i kjølesystemet. 3. Kor blir varmen av? Er det gjennom radiatoren? Dersom det IKKJE er i radiatoren så er det noko anna gale enn termostaten. Det enklaste du kan gjere når du ikkje har så god greie på bil er å ta en sånn utetemperaturmåler fra Clas/Biltema/Nille og så teipa du den fast i turslangen til radiatoren. Ganske nær tilkoblinga på radiatoren. For å begrense påvirkning fra vind så teip noko isolasjon utanpå akkurat der sensoren er. Kjør. Når motoren er kald skal det ikkje bli nevneverdig varme i slangen. Uansett om du køyrer eller står stille skal motoren bli driftsvarm før det går varme til radiatoren.
-
Snedig, eg har igrunn akkurat samme problem. Symptomet er i alle fall veldig likt. Har hatt det såpass lenge at eg ikkje hugsar kva tid eg merka det første gang. Slite litt med å skille ut kva type lyd det er snakk om. I mange tilfelle høyres det ut som noko innvendig i bilen andre gonger typisk topplagring/stabstag. Er vesentleg verre i kulde enn om sommaren. Vaskebrett/kjettingspor er fælt. Fartshumpar går stort sett uten ein lyd. Eg har skifta komplett dempera/fjører med alt tilbehør foran og bak. Ganske sikker på at lyden var der før og etter. Men som sagt, usikker. Har feilsøkt litt utan resultat og gått gjennom 2 x PKK. Sist forrige veke. 347.000km. Eg skal skrive her om eg finne noko, og det må du gjere og
-
Det kan eg selvfølgeleg ikkje vere heilt 100% sikker på, hugsar ikkje kor den kom frå men den var ikkje kjøpt av nokon på hjørnet så burde vere orginalt.
-
Eg monterte SKF vannpumpe på en Volvo V70 eg hadde, det kosta meg eit motorhavari. Vannpumpa totalhavarerte etter mindre enn 60.000km, uten merkbar ulyd ved siste sjekk 20km før (var ute etter en ulyd, men uten multireim gikk motoren silkemjukt, og det var servopumpa som bråka). En halvtime etterpå var havariet et faktum, registerreima hoppa av uten at det kom ut så meget så en dråpe kjølevatn eller andre tegn på nærståande havari. Aldri meir. Den dårlegaste termostaten eg nokon gong har hatt kom frå BMW. Det var omtrent like bra som å køyre uten termostat. Gates har eg god erfaring med, brukt alltid og aldri vore problem.
-
Eg kan anbefale GranTourer (F46), min har vore heilt fantastisk sidan dag 1 og har no gått 347.000km utan nevneverdige problemer og trur det meste fungerar like bra i dag som når den var ny. Fortsatt nybilfølelse. Eg har riktignok diesel/xdrive så det passar kanskje ikkje til ditt bruksmønster. Mangel på dieselvarmer gjere at det er ein bil som trivest best i garasje/under tak. Rattvarme/setevarme gjere den komfortabel sjølv om det er kaldt men det tar tid å varme opp nok til å tine is/snø om du parkerar under åpen himmel. Det eg har skifta/reparert: Baklykter, ei indre på garanti, den varte ikkje så mange år så i fjor skifta eg alle 4. Sidan dei var begynt å bli litt medtatt (gulna, sprekke i glas) Vinkelgir (splinsa gjekk etter rundt 200.000km og oppdaga det for seint til å få det med på garantien sidan den gjekk ut midt på sommaren. kjøpte brukt til 5.000kr) Overhalt Haldex, skifta olje, filter, lamellar, ventil og pumpe. Alle hjullager Reimhjul veivaksel (det skal eg skifte no for 2. gang) Dynamo Støtdempera/fjærer rundt heile bilen med alle slitedelar (ingen knekte fjærer, berre skifta preventivt pga. antatt slitasje. Merkbar forskjell med nye bilstein dempera) Bremsekalippera x 4 (foran etter 2xxx.xxx km, bak på 32x.xxxkm, men dei var faktisk ikkje ødelagt, berre lei av å ha nye liggande) Motorfest(er) Tannstang (garanti, var ikkje noko gale med den trur eg) Spjeld i grillen (garanti) Termostat (garanti) Drivakselmansjettar foran (garanti) Blinklys høgre speil Dieselslangar/rør på motoren pga. lekkasje til ledningsnettet. Handsfree der er sporadisk litt dårleg lyd, mulig defekt mikrofon/kabel/headunit, ikkje gjort noko særleg innsats med det. Vindusviskermekanismen lagar litt lyd, har kjøpt ny brukt av Koed som ligg klar i tilfelle havari. Dette er fra ca 156.000km og fram til i dag. Bilen gjekk som drosje fram til 156.000km i Osloområdet, deretter litt privat bruk før den igjen gjekk eit par år som drosje her i Stryn. Så som privatbil siste 3 åra. Skifta olje på automat 2 ganga og oljeskift motor ~12.000km. Ikkje vore innom eit bilverksted for anna enn PKK sidan garantien gjekk ut og eit giroljebytte. Summa sumarum ein fantastisk bil på alle måtar bortsett frå at den skulle gjerne hatt 6cyl motor og A-stolpane skjuler mykje, vore fleire nestenuhell. Forundra over at bærekulene/foringar foran/bak ikkje har blitt rørt endå. Ex. kjærringa har en heilt "identisk" bil den har gått nærmare 300.000km den og, og den har heller ikkje hatt dei heilt store problema men det har gått med nokre knekte fjærer på den.
-
Kjøper kun dei billigaste skivene på autodoc til min F46. Eg har ikkje noko negativt å sei om dei, dei rustar dei og når det regnar og bilen står parkert i nærmare 100% luftfuktighet. Klossar går eg litt opp i kvalitet på, enda oftast opp på noko febi greier. Brukar cruicecontroll til nedbremsing minst kvar veke i vinterhalvåret for å trimme bremsene bak. Fungerar veldig greitt.
-
Søker erfaring og innspill om tuning av 220xd (B47d20)
emne svarte i TurboJens sin Bmw smurfen i Teknisk
Imponerande tyder på at det er ein solid motorkonstruksjon. -
Søker erfaring og innspill om tuning av 220xd (B47d20)
emne svarte i TurboJens sin Bmw smurfen i Teknisk
Kan legge til at eg i fjor kjøpte ei campingvogn. Var spent, men har tilbakelagt nærmare 3000km med den og på tross av den økte vekta så klarar bilen seg aldeles utmerket. Forutsetninga er heilt klart at ein innfinne seg med situasjonen og følge fartsgrensa og prioriterar å slappe av og spare diesel. Savnar såklart det ekstra momentet frå ein 3liter, men sjølv med totalvekt på 3600kg så kamuflerast det godt at det er berre ein 2liter. På lange strekk med jevn fart låser eg i eit gir slik at det ikkje blir så mykje opp og nedgiring når det er litt småkupert. 7/8. gir virka stort sett over alt der ein kan ligge i 80. Men den er litt misfornøgd, vil at eg skal gire ned i 6 gir mange gongar, og gjerne ned i 5. også men det går raskt over. Årets sommarferie Stryn-Kristinehamn unnagjort på 0.81l/mil men tala lyge litt for køyrde nokre mil utan vogn og då rasa forbruket... Ellers er en vel komen på ca 347.000km no, begynne å høyrest ut som ein VW diesel igjen, så må snart til å bytte vibrasjonsdemparen igjen. Utenom det så rullar det og går, alt virkar forutan eit blinklys i h.speil. Snapchat-1851673626.mp4 -
Det er mulig på ex. Volvo 240, så kanskje det var noe tilsvarende han hadde i tankene. På 240 er det to ulike deler, så er en svært enkel operasjon å dele fjærskåla og sveise inn litt mer stål så anleggspunktet for fjære kommer lenger opp Bilder fra eget arkiv
-
Å starte en dieselmotor i -30 grader krev faktisk eit fullt fungerande batteri og glødesystem i tillegg til at dieseltilførselen begynne å bli kritisk, pumpe/filter og injektorar. No er bilen i signaturen din 20år gammal ca og sjølv om den fungerar tilsynelatande heilt OK så kan slitasje på injektorar vere nok til at du aldri klara å få start i slik kulde sjølv om alt anna skulle vere bra nok. Eller det kan vere ein kombinasjon (mest truleg). Lettare å få start om du har fullt opplada batteri og brukar kraftige startkablar til ein bil som går. Då får du ein del meir fart på startmotoren og det kan hjelpe deg. Startkablar på ein bil som går sammen med utlada batteri gir ikkje den samme virkninga.
-
Ville nesten tru at eit automatgirverksted kunne skifta berre den aktuelle sensoren så lenge resten av girkassen er i orden. Ville sjekka det i alle fall, om dei kan skaffe den.
-
https://www.xbimmers.com/forums/showthread.php?t=2051098 Ser veldig likt ut for meg og veldig sannsynleg feil.
-
Det vil eg tru at det er kompensert for i instrumentet sidan det er ein kjent faktor, derimot så fleire meter med batterikabel og retur i karosseriet pluss koblingspunkt er det umulig å ta høgde for.
-
Utskrift i svart/kvitt ordnar mange problemer
-
En slik Canm8 adapter skal gi ut signal berre når fullt fjernlys er aktivert. Det kan vere ulike grunnar til at det ikkje fungerar som tenkt. Har du fulgt tilkoblingsbeskrivelsen til punkt og prikke? Det er mange plassar i bilen du kan finne CAN ledningar å koble deg på, men det er ikkje nødvendigvis det rette signalet. Dersom det fortsatt ikkje virkar så må en ta kontakt med support og be dei om å sjå på saken. Eg har eit slikt Cannect RUI kit som ein kan bruke for å oppdatere modulen/fjerndiagnose men eg er ikkje så ofte i Bodø.
-
Sjølv om dei orginale sensorane er dyrare så kan det godt vere at dei faktisk er verdt mellomlegget om du skal ha bilen lenge, verdt å ta med i betraktninga. Ellers, til min bil ser eg på koed at VDO sin sensor ser identisk ut med den orginale. I tillegg er det eit område som er sensurert i produktbildet så den er nok eit godt kjøp. Og når eg googla nummeret igjen kjem eg til autodoc, https://www.autodoc.co.no/vdo/10586788?search=VDO+Hjulsensor%2C+kontrollsystem+for+dekktrykk+(A2C9743250080) 444kr. Truleg orginal sensor. Vanskeleg å slå den prisen trur eg.
-
Normalt låse du bilen etter ein køyretur, då er det rikeleg med strøm til å drive låssystemet gitt at den startar ved neste forsøk (start av motoren brukar ekstremt mykje meir strøm enn låssystemet) Når bilen ikkje vil låse seg så er det typisk ei låsekasse som indikerar at ei dør er åpen, nokon bilar godtar å låse også åpne dører så har ikkje fasiten på din bil.
-
2) Sidan det fungerar på sommarhjula er det åpenbart ikkje noko feil med bilen. Så då sitte du nok igjen med ein eller fleire sensorar som nevnt allereie er tomme for strøm. Sidan du får opp ein verdi når bilen har stått stille så kan det vere at sensor(er) er i ferd med å gå heilt tom for strøm, men etter en kvileperiode er det akkurat nok kraft igjen i batteriet til å sende nokre beskjedar. Såvidt eg har skjønt så går desse sensorane i djup dvalemodus ved stillstand og så våknar dei til liv når g-kreftene begynne å herje med dei. Sannsynlegvis så er det berre å skaffe 4 nye sensorar. Eg les ein plass at forventa batterilevetid er rundt 5 år, så eg er like ovveraska kvar dag mine 9år gamle sensorar virkar .... Fordelen med BMW sitt system er at det ordnar seg heilt sjølv utan bruk av diagnoseutstyr. Bilen er ikkje dummare enn at den ser kva sensorar som er montert og brukar dei i motsetning til enkelte andre bilar der sensorane må kodast til bilen med kostbart spesialverktøy. Reknar med at F11 sikkert har det samme systemet som ex min F46.
-
Nei, altså misforstå meg rett men dei stod på så lenge fordi dei var så bra. Når eg skifta dei ut så satte eg på Valeo, men dei kasta eg nesten med en gang. Hadde det ikkje vore for at søppeldunken var tømt når eg oppdaga det så hadde eg satt tilbake dei gamle fram til eg fekk nye Bosch. Skifta viskerane når det er behov, ikkje på intervall. Ein ser jo nesten kvar dag om dei er gode eller dårlege
