Gå til innhold

F46 xDrive feiler


TurboJens
 Share

Anbefalte innlegg

Eg har sikkert skrytt for mykje av bilen min, så no har eg fått problemer..

2016 220d som har gått 316.000km. Har fått litt feilmeldingar siste dagane på firehjulstrekket. Innimellom er den berre forhjulstrekt og innimellom virkar det tilsynelatande OK.

Feilkodar
VTG 440304 Pump motor: current too low
VTG 440317 Pump motor: general multiple failt.
Den siste kom først og etter nokre dagar kom 440304. Ut i frå statusparameter så går pumpa, får avlesing på turtall og strøm som endrar seg ved pådrag. Dei gongane det fungerar virkar det for å kome feilkode viss eg trør på litt. Køyrer eg forsiktig så helde det lenger.

Det kan kanskje vere så enkelt som lite olje, dog så var det litt av ein operasjon å skifte oljen på dette. I tillegg treng ein også ein o-ring som ikkje er i delekatalogen. Eg er klar over at kompetansen på dette firehjulstrekksystemet ikkje er den største sidan dette er litt utradisjonelt BMW. Er det Haldex eller noko BMW har laga sjølv? På bilar med Haldex så er det også eit filter som bør skiftast, nokon som kjenner til dette?

Ser ut til å vere samme opplegget som på X1 blandt anna.

Først og fremst må eg vel under bilen å sjå om det er utvendige tegn til at det kan mangle olje inni her, men kapasiteten er berre 0.5l så det kan jo ha minka litt over tid. Viss nokon har teknisk informasjon om dette dei vil dele så versågod!

Endret av TurboJens
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om du ikke har skiftet olje, så er ihvertfall der på tide!

Følger ikke o-ring med på tappeplugg? 

Lav spenning, kan jo være at du har slitt clutchen for mye og har makset reguleringsområdet?

Hva sier ista om feilkodene? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutes ago, Otis said:

Om du ikke har skiftet olje, så er ihvertfall der på tide!

Følger ikke o-ring med på tappeplugg? 

Lav spenning, kan jo være at du har slitt clutchen for mye og har makset reguleringsområdet?

Hva sier ista om feilkodene? 

Er redd for at det ikkje har blitt gjort, sikkert pga. må demontere halve bilen for det.
For å skifte olje må heile diffen bak snuast slik at inngåande peikar nedover, så må den demonterast frå huset slik at oljen renne ut. Der er ein stor o-ring. Ingen tappeplugg. For å fylle olje er det ein bitteliten plugg på toppen oljen kan pressast inn med.

Er ikkje lav spenning, er lavt forbruk (ampere) slik at ex. ved for lite olje så er det luft i og så synke strømforbruket. Det er eit av årsakene eg får opp (med Autel diagnose). Hugsar ikkje i farta kva dei andre var, men er ein slags overtrykksventil og som kan vere feil på i tillegg til eit par andre forslag.

Ser i el.skjema at det for utgangen til pumpemotoren er referert til HALDEX+ og HALDEX- så er nok eit Haldex system detta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

27 minutes ago, Otis said:

Spørs om du klarer å suge ut olje da? Men det virker som fylleplugg er helt på toppen?

Kunne kanskje tatt en spansk en og fylt på en desiliter olje og sett om det blei bedre, men sidan den har gått såpass langt er det nok ikkje feil med eit oljeskift.

Ser eg kan få tak i en brukt komplett aksel frå X1 så det er kanskje vegen å gå. Så bytte oljen på den før montering. Ser jo på delen at den har nok svetta litt olje i fronten, på 50.000km så at det er for lite på min er jo ikkje akkurat usannsynleg. https://finndel.no/delinfo.aspx?f=708&dnr=403749

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, ///M-ini95 skrev:

Verdt et forsøk å ta ut pumpen for å kontrollere.

👍   Og med pumpen ute så tappes og oljen da pumpen er montert lavest. Med trykkluft om påfyllingshullet så blåser man ut det mesta av olje og gørr som er igjen der inne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 hours ago, 540is said:

På andre merker med Haldex er det vanlig at silen inn til pumpa klabbes til av gørr fra clutchene. Pumpa må ut for å rense opp dette. Er det et filter en plass skiftes og dette 

Det er ikkje referert til noko filter nokon plass, men klart det kan vere ein del av pumpa som @///M-ini95 viser bilde av.

5 hours ago, 540is said:

👍   Og med pumpen ute så tappes og oljen da pumpen er montert lavest. Med trykkluft om påfyllingshullet så blåser man ut det mesta av olje og gørr som er igjen der inne.

Dersom det er så enkelt, eg tvilar på at eg får ut alt mtp. korleis dette oljeskiftet er beskrive i servicemanualen. Og påfyllinga kan eg vel berre gløyme å kome til ut i frå det eg kan sjå der. Den sitte oppå toppen, kanskje kunne laga hol i golvet :grin:

Uansett, om eg tar ut pumpa så renne det i alle fall ut nok olje til at det feilar permanent så må greie å fylle på olje og.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 minutter siden, TurboJens skrev:

Dersom det er så enkelt

Var nå inne på TIS og sjekket fremgangsmåten og det er litt mer komplisert motså en VAG Haldex ja.. Framdelen på bakakselen- clutchpakken må av for å ta ut pumpen. Men pumpen ser ut til å ha en sil på inntaket som vanlig på Haldex

Her er noen russere ? som renser en Haldex på en X1 som jeg vil tro er likt 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

44 minutes ago, 540is said:

Var nå inne på TIS og sjekket fremgangsmåten og det er litt mer komplisert motså en VAG Haldex ja.. Framdelen på bakakselen- clutchpakken må av for å ta ut pumpen. Men pumpen ser ut til å ha en sil på inntaket som vanlig på Haldex

Her er noen russere ? som renser en Haldex på en X1 som jeg vil tro er likt 

Fantastisk! Takk :-) , detta var nyttig. Er akkurat samme på X1, samme delenr. Her er det jo fullt mulig å ordne uten å demontere heile bilen. Særleg fremre del av mellomakselen er litt tullete designa, har nokre store 50mm fastnøklar påsveisa 1/2" firkantfeste for momenttrekking av mellomakselen, men må(?) jo skifte mutteren på vinkelgiret og det fordyrar jo ein ellers enkel operasjon.

Då er det vel berre å få bestilt olje og satse på at detta gjere susen. Litt vanskeleg med oversettinga av det russiske, men er det råd å få kjøpt den store o-ringen til clutchpakken mon tru? Er litt dumt å få lekkasje der, ut i frå det eg ser på den akselen på finndel så er det jo der det svettar. Reknar med det eira i godset og så kjem oljen ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 weeks later...

Etter at eg såg den youtube videoen har eg bestilt deler, medan eg venta på oljen så tok eg ut sikringa til pumpa for å unngå meir slitasje. Då forsvann vibrasjonen som eg har omtalt her: 

 

Så mykje tydar på at filter/sil på pumpa er tett. Skal oppdatere når eg får resultatet, håpar det ikkje skal meir til enn vask/olje og ei ny hardykobling.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...