Gå til innhold

TurboJens

Medlem
  • Innholdsteller

    418
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av TurboJens

  1. Ting treng ikkje nødvendigvis vere så enkelt, Men, ein X1 F48 som i bunn og grunn er tilnærma identisk med min F46 kan trekke 2000kg. Motor/gir m.m er jo identisk, bremser ligeså. Vektene er tilnærma like og. Eg har såpass med nyttelast at eg fint kan trekke 2000kg uten å øke tillatt vogntogvekt, så det burde slett ikkje vere håplaust. Har i alle fall sendt ein epost til BMW og fekk svar at dei skulle sjekke, uten at eg blei hogd hovudet av i første setning. Kryssa fingrane
  2. Har en BMW 2serie (F46) som kan trekke 1600kg. Det er jo ikkje rare greiene så lurer på om det er noko mulighet for å øke opp dette? Ser at eg kan kjøpe tilhengerfeste som er godkjent for inntil 2100kg, men spørsmålet er egentlig om det er mulig å få det godkjent? Nokon som har noko erfaring med BMW på dette området?
  3. Mercedes Vito? Har en på jobb, ny bil riktignok med fotpedal men parkbremsen er heilt ufatteleg dårleg. Kan aldri tenke meg at den er god nok for en PKK. Spora litt av no då men men
  4. Då kan du jo ta vekk knappen, så får du 2'er feil. Litt på samme måte som at defekte vindusviskera før gav 2'er feil, men tok du dei vekk så fekk du berre 1'er feil
  5. Mine felgar er så fulle i djupe striper etter sand og drit at det er berre å gløyme alt som heiter detailing. Men det går utmerket å få dei reine og dei helde seg greitt gjennom sesongen sånn at det i alle fall ser ut så eg prøva å holde det litt i sjakk Den grønne felgrensen til Tuga har eg ikkje prøvd, men dei selge Tuga på Bilxtra så dei er kurant å få tak i for dei som vil prøve
  6. Ja, eg tok vekk lodda for det skulle nye dekk på. Limen fekk eg fjerna og, men det blei etter syrevasken.
  7. Eg vaskar alle hjul ein gong kvart år med syre. Brukar denne: https://www.garasjetid.no/tuga/at1n/tuga-aluminium-devil-syrebasert-felgrens-1l Den er meget effektiv til å fjerne det gule belegget som blir sittande igjen. Før og etter bilder, dette er felgar som har vore lite vaska ein periode og kjem frå ein bil med 300.000km på nakken. Etter å ha vaska felgane "reine" på tradisjonelt vis legg eg på syra, på en og en felg. Og lar det virke eit minutt før eg vaskar med microfiberklut. Produktet må IKKJE tørke på felgane, så ein fordel at det er litt kjølig. Og bruk for all del hanskar og gjerne briller. Syre er ikkje noko å leike med. Syra er drøy i bruk, eg har ei sånn flaske i åresvis.
  8. Eg knakk eit tilsvarande. Desse blir jo som kjeks etter nokre år, men en rull med el.tape holdt det i sjakk til eg fekk tak i eit nytt. Trur det virka så bra med el.tape at når delen kom så blei den utsatt å skifte ei stund. Då er det sikkert nr6 du skal ha ja.
  9. https://www.koedbmw.com/no-no/catalog/diagram/131476/1/3D31?steering=L&transmission=N Del nr.4 om eg har valgt rett bil/motor. Finst nokon med varme i og men dei kosta meir, usikker på kva som passar akkurat. Det finn du om du startar med reg.nr ditt.
  10. Eg vil seie at dersom det er ein reell feil så er det veldig veldig oppegåande av verkstaden å påpeike manglar som dei tilfeldigvis ser. Å berre la dette forbigå i stillheit vil berre vere dumt. Så du har truleg eit bra verksted Ei eg kjenner hadde ein BMW på verdivurdering, dei merka ikkje ein diesellekkasje som var så stor at det lukta i kupeen ein gong, så det er stor forskjell desverre.
  11. Bilar med 13pol tilhengerkontakt har ofte direkte forbindelse til batteriet. Eg brukar tilhengerkontakten til å vedlikeholdslade batteriet i bilen min, det fungerar kanonbra
  12. https://www.finn.no/car/used/ad.html?finnkode=270294586 Kunne tenkt meg å bytta ut 2-serien i en sånn.. Fullstendig galskap, men en leve jo berre en gang. Korleis er egentlig kvaliteten på desse? Såg raskt i delekatalogen at det kan bli vanvittig kostbart å eige ein sånn bil om det er ein mandagsbil eller den dagen du når det punktet at "alt" blir utslitt på samme tid...
  13. Sorter: Støy lav til høg. Så ser du kva du skal velge.
  14. Det skulle då gå bra på denne årstida uten alle desse støttehjula så ta berre ut sikringen. Litt plagsomt med alle feilmeldingane du truleg får, men desto kjekkare når alt er i orden igjen.
  15. Om det er ein bil du tenker å ha ei stund ville eg skifta demperane og. Støtdemperar slites sakte men sikkert på ein slik måte at du ikkje merkar kor dårlege dei har blitt før du montera nye. I tillegg er det ein av dei viktigaste delane for å sikre eit godt veggrep så verdt å tenke på. Fordelen med å skifte demparen og, er at om du kjøper alle slitedelene kan du montere fjærbeina komplett på forhånd, då er det berre ut med det gamle og rett inn med nytt.
  16. Vibrasjonsdemper skiftast når den lagar lyd. Frå dei første symptoma dukkar opp til det begynne å bli veldig plagsomt går det nokre tusen kilometer så du har relativt god tid. Kor du skal stoppe er vel mest eit spørsmål om kor lenge du har tenkt å ha bilen ikkje nødvendigvis kva det har kosta så langt.
  17. Snur litt på spørsmålet, kvifor bytta du reima.. Den virkar jo endå? Frå spøk til revolver, hadde aldri vurdert å skifte noko anna enn alt. Skrujobben er jo den samme og prisforskjellen kan ikkje vere verdt ulempen med havari. Min teori er at ein dårleg strammar og kan føre til kortare levetid på reima. Mine siste års erfaring med BMW er forøvrig taxirelatert, då blir det av og til skifta litt "unødvendige" deler (prediktivt vedlikehold) for å unngå ståtid, men det har jo sin fordel å vedlikeholde en privatbil pertenteleg og.
  18. Har du xDrive/firehjulstrekk?
  19. Ok, då er konklusjonen klar. Har køyrt nokre hundre kilometer etter reparasjon og har til og med funne ein liten snøflekk. xDrive fungerar utmerket, truleg bedre enn nokon gong sidan den virkar for å trekke meir bak enn nokon gong før (krabbar sidelengs ved aks. frå stilleståande, det har ikkje vore den følelsen før) I tillegg er konklusjonen at detta har vore eit problem i lang tid, for alle rare små nykker og vibrasjonar som har vore litt av og på er heilt vekke. Faktisk er nybilfølelsen tilbake, ingen sporing ved akserelasjon eller noko. For eit par-tre år sidan var det noko feilkode frå abs ang. overoppheta transfer box, ikkje at det er noko temperatursensor der men problema med firehjulsdrifta kan altså ha vore der i lang tid. Så har du ein slik bil, skift for all del oljen! Helst i går...
  20. Åpna den "normalt" viss du hjelpe til med hendene samtidig?
  21. Eg tenker at ved ein slik reparasjon må den skadde ledningen fjernast frå ein plass i kupeen og til ein plass i bakluka og derav skøytast to gongar. Sånn sett skulle det vere relativt trygt for fukt egentlig. Å plassere ein skøyt i eit område der ledningsmatta skal bevege seg ved åpning av luka blir uansett berre krøll. Det som er viktig er å bruke ein ledning av god kvalitet, det vil sei ein som er fleksibel også i kulde. Mykje av ledningane du finne i ex. skrotkassen som stammar frå diverse netthandel er av heller tvilsom kvalitet. Kordela av aluminium er berre å gløyme og det same med ledningar som har så stiv isolasjon at det minner mest om en sveisepinne.
  22. Desse har eg sett at kan vere vanskelege å bruke, i mange tilfeller er krympeplasten skada ved kniping av koblinga. Då trekke vatnet inn og når feilen blir oppdaga er kabelen irra laaaangt forbi skadestedet. Eg anbefalar desse, dei er ikkje billigare på nokon måte men dei er svært gode på ledningar som skal skøytast pga. brudd. Dersom dei er fuktskada så er ikkje desse så gode å bruke. https://relekta.no/elektromateriell/loddeskjoet/duoflux?variantid=401618_N830320 Würth har også slike, sjølv om eg ikkje tykkjer dei er like gode. Litt billigare, men både Relekta og Würth er dårlege på salg til private. https://nettbutikk.wuerth.no/elektro/kabelsko-kontakter-og-batteripolsko/loddeskjoter-2/loddeskjoter/?PRODUCT_ID=498246 Würth selge berre 100stk, kosta 1000kr. Bør varmast med varmluftpistol. Brukar fleire hundre slike kvart år og kan varmt anbefalast.
  23. Etter langt og lenge dukka det opp litt deler i posten.. Så langt kjennest alt bra ut, fekk igrunn heilt ny bil av detta. Håpar det varer Sidan eg har skifta "alt" så er det ikkje godt å sei kva som var problemet eller om det var sammensatt. Kjøpte lamellar til en Volvo ellernoko då det ikkje fanst å kjøpe lamellar til BMW, men det stod at dei var til alle gen4/5 haldex så tok sjansen. Passa perfekt. Ja eg veit det er litt rust, men eg gidde ikkje gjere noko med det. Er berre dei pulverlakkerte delene i bakstillinga så om det skulle omkomme før resten av bilen får eg kjøpe nytt/brukt. Det er ei slitar detta så skal berre reparere ting som treng reparasjon.
  24. Du kan ved hjelp av diagnoseutstyr lese ut km.stand for sist registrerte 12v batteribytte. Eg har hatt 2 slike bilar, riktignok med dieselmotor der det er skifta batteri to gangar på den eine (135.000km trur eg, og en gong rundt 250.000km) og den siste har fått nytt batteri rundt 230.000km.) Så dersom ditt batteri er frå då bilen var ny ville eg rett og slett fått det skifta, prøv å få det på bruktbilgarantien med tanke på at det kan vere ein rimeleg måte å få luka vekk ein feil som ellers kan bli ganske kostbar for selger. Om du ikkje får gehør for det ville eg uansett skifta batteriet, eg har god erfaring med å bruke biltemas AGM batteri i desse bilane.
  25. Sidan det er hydraulikk så må du ikkje fylle fullt med luka åpen, då vil det renne over når du lukkar igjen. Sidan det er upraktisk(?) å fylle med luka igjen kan det tenkast at det er ei nivåmarkering som viser max/min når luka er åpen.
×
×
  • Opprett ny...