-
Innholdsteller
433 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av TurboJens
-
Du har klaga før garantien gjekk ut, så dette har du krav på å få retta etter at garantien evt. har gått ut dersom det drar ut i tid. Pass på å ha skriftleg dokumentasjon på at du krev det dekka av garantien med dato og km. stand. Så dersom det skjer relativt ofte så ville eg brukt eit dashbordkamera mellom nakkestøttene framme som kan vise kva som skjer. Så ville eg levert bilen inn, krevd gratis leigebil og sagt at dei får fikse det eller kjøpe bilen... Om det tar dei eit år så er det ikkje så nøye, men at dei har en lånebil som tape seg i verdi vil legge eit visst press på dei. Det er uansett ikkje ditt problem at dei er inkompetente eller at det er feil med produktet som ikkje går å finne. Dei må henvende seg vidare i systemet til BMW for å finne svar.
-
Strammehjul eller beltestrammer multireim E61 M57
emne svarte i TurboJens sin Sverre_BMW525d i Teknisk
Ridex er feil merke på slike ting. Eg har brukt INA trur eg va forkortelsen, til slikt. Det har virka veldig fint og ser ut til å vare omtrent like lenge som orginal. -
Regulatoren på en ny bil er ikkje sammenlignbart med noko 80talls greier med 4-5 trinn på en mekanisk brytar berre så det er heilt klart. Vifta kan i teorien gå på 255(?) ulike hastigheter, men det er definert nokre ulike hastigheter som klimaanlegget brukar. Du kan teste vifta, berre å ta av kontrakten og køyre 12v rett på motoren. Anbefala å gjere det når den er montert i bilen. Viss den skulle vise seg å virke og ligg laust kan det gå hardt ut over både fingrar og vifteblada 😂 Viss den ikkje går med strøm på er den defekt. Viss du skifta og den fortsatt ikkje går er truleg regulatoren også defekt. Men viftemotoren er tross alt ein mekanisk og elektrisk komponent og roterar mange runda for kvar kilometer du køyre så det er åpenbart den som sannsynligvis ryk først.
-
Er det ulikt på varm/kald bil? Altså rista det når bilen har stått mange timar og alt er kaldt eller kjem det snikande etter litt køyring? Om det kjem snikande sjekk temp. på bremseskiver etter 20km køyring uten bruk av bremser. Dei skal vere tilnærma like kalde som felgane. Prøv å bruk cruicekontrollen til å bremse litt, den trur eg brukar bakbremsene og då vil du få en litt anna opplevelse. Eg har innimellom litt vibrasjon/pulsering ved bremsing som eg kurerar med å bruke cc til å bremse ned nokre gongar. Det er egentlig ikkje noko gale, berre eit resultat av køyrestilen der bakbremsene må truast i bruk litt innimellom samt at bilen ofte står parkert 10-14dg i regn og bremseskivene ser ut deretter.
-
Dette burde verkstedet som har gjort jobben feilsøke på, og såklart starta med å skifta den injektoren. Om det er gjort privat med brukte deler blir det noko anna, burde nok klaga på en injektor og fått tak i en ny/ny brukt.
-
Godt observert, det betyr at master er OK. Sånn skjemaet er tegna vil du få desse feila av å ta ut kontakten på footwell flap motor, front right... Eller dårleg kontakt mellom dei 2 første.
-
Ja, LIN bussen kan konke heilt ut av modulfeil eller kortslutning kor som helst i kretsen. Statistikken peikar alltid mot ein spjeldmotor (den er tross alt mekanisk). Kan vere lurt å starte med skjemaet og koble fra en og en. Start med motoren lengst ut på bussen. Eller berre ta den/dei som er enklaste å komme til å håpe på litt flaks 😅
-
Dersom ein spjeldmotor er defekt kan den slå ut heile LIN bussen. Du kan koble fra en og en til du evt. får kontakt med dei andre.
-
Detta må eg prøve ut på min som har gått så langt, må berre få tak i ISTA og få det i sving...
-
Det enklaste og beste middelet for å løyse krystallisert Adblue er varmt vatn. Så om det er mulig tøm for adblue og fyll opp med godt lunka vatn. Gjenta ved behov og fyll adblue av god kvalitet. Det kan hjelpe og i verste fall virkar det like dårleg som før. Det som får adblue til å krystallisere seg i utgangspunktet er luft. Så det er ingen god grunn til å ha lavt adblue nivå over lengre tid.
-
Eg va borti eit turbobytte på en VAG, den nye turboen frå eurodel virka berre når motoren var kald og fekk feilkode på aktuatoren. Sidan den gamle turboen var mekanisk heilt havarert så flytta eg over aktuatoren og då var alt i orden. Så konklusjonen er at aktuatoren sin posisjonsgiver kan virke ok npr det er kaldt men når temperaturen stige kan den havne utanfor toleransegrensa. No er jo ikkje VAG og BMW nødvendigvis likt, men elektronikk er mykje likt i bransjen. Det var en vakuumaktuator med elektronisk styring på den VAG bilen.
-
Eg veit ikkje om det er ein tradisjonell D+ dynamo eller LIN-bus styring. Dersom det er ein D+ dynamo virkar denne defekt, den brukar frykteleg lang tid på å komme i gang med ladinga og levera alt for høg spenning. Sånn sett er kanskje dynamoen OK men laderegulatoren dårleg. Med slike spenningsnivå bør du faktisk ikkje bruke bilen med mindre nokon ekspertar her meiner det går fint. Eg ville sagt det er fare for å brenne elektronikk og lyspærer.
-
Mål jordingskabelen under oppstart på samme måte som plusskabelen. Det gir eit mykje bedre bilde av tilstanden enn resistansmåling (ohm) uten belastning. Rød kabel i en ende, svart i den andre og mål volt med max. Sidan kabelen er kort så skal du ha lavare spenningsfall enn på den lange fra bagasjerommet.
-
Det er ikkje ein gong eit punkt på PKK. https://www.vegvesen.no/globalassets/kjoretoy/verkstedbransjenkontrollorgan/veileder-kontrollinstruks---alle-kjoretoy-unntatt-traktor.pdf
-
Min B47 mangla rundt 20 mil på å runde 350.000km så såå gale kan det ikkje vere. Urørt motor
-
https://www.gecleant.de/en/shop-en/de-wiper-glass-grommets/de-wiper-glass-grommets/ Nesten gratis, langt unna 11k. Eg brukar aldri viskeren bak. Det er i så fall eit uhell etterfulgt av kraftig banning...
-
For 11.000kr så hadde eg tatt vekk heile driten og tetta holet.
-
Har en F46 2016 modell uten adblue. Den er euro6 og produsert i september 2015. B47C20 meina eg. B47D20 trur eg fekk adblue.
-
Min fuskar ikkje, enda...
-
Min F46 knirka litt og, det blir mykje bedre av å smøre kuleledda på motorane. Usikker på om det er samme patent. Neste sted er å ta dei av, reingjere det og ha på noko grease.
-
Salt er den største trusselen mot bilparken, men for dei aller fleste så vil det ikkje fungere å parkere når det saltast. Det saltast jo snart halve året i sør-norge og for dei som treng bil om vinteren så er det håplaust. Har du ein sommarbil ja, men dei fleste treng også bil om vinteren og den vil også trenge vedlikehold så temaet er fortsatt relevant med mindre du har leasing eller firmabil eller berre byttar bil før garantien går ut. Mange av oss er ikkje intressert i å ha så ny bil, fordi det er knytta eit stort verditap til og fordi ein han små ungar og då er nye bilar til over ein million noko ein kan drøyme om men veldig lite kjekt å bruke i det daglege.... Eg finn glede i å ha ein bil i åresvis, stelle den fint og bruke den med fornuft slik at det varer lenge. Og med litt egeninnsats så er det desidert billigaste måten. Min bil er snart 10år, gått 350tusen kilometer og er fortsatt en ganske moderne bil som kjennes veldig bra ut, dog er den begynt å bli litt sliten både utanpå og inni men heller ein gammal slitar full i barnehagesand enn ein heilt ny bil der far gret kvar gong ungane skal vere med.
-
Det har vore ein del trådar siste tida om fjærbrudd, det er tydeleg eit problem mange opplever og eg har nokre idear om korleis ein kan unngå det eller i alle fall forlenge levetida. Etter å ha sett utallige knekte fjærer siste åra så har eg lagt merke til at dei normalt sett knekke på samme plass kvar gang, eit lite stykke inn på fjæra og alltid i bunn. Så når eg ser på nye fjærer så er det alltid eit sår i pulverlakken etter opphengskroken. Så har eg lagt sammen 2+2 og kome fram til at fjærstål har litt spesielle egenskapar med mykje spenningar og at eit lite sår der salt kjem til og rustprosessen startar nærmast umiddelbart så skal det ikkje ruste spesielt langt inn i stålet før at fjæra knekke. Det må det jo gå an å gjere noko med så eg har no begynt å skjære reint såret i pulverlakken med ein skarp kniv, vaske godt med teknisk sprit, legge på eit lite lag med fugemasse og til slutt tre utanpå eit bit med krympestrømpe med lim og varme den slik at limen tyte godt ut i begge endane. På denne måten så hindrar en at det kjem fukt inn på stålet og då er i alle fall sjansen for fjærbrudd redusert. Det er desverre ikkje noko vitenskapeleg bak dette anna enn mine erfaringar, så om nokon som les dette driv med nybilklargjering så hadde det vore ein veldig kul ide og tatt eit utvalg heilt nye bilar og vaska og påført lim på dette såret dersom det går an å komme til uten å demontere heile bilen. Gjerne nokre bilar som skal gå som drosje eller i anna næring slik at det blir mykje kilometer av det. Då kunne en på ein måte sammenligna det mot bilar som ikkje fekk ei slik behandling og sett om det hadde noko innvirkning. Det er såklart ikkje så lett å følge det opp i ettertid med bilar som skiftar eigarar og kanskje får nye fjærer på eit anna verksted, men ein kul tanke i alle fall. Eg veit at om eg skulle kjøpt ein fabrikkny bil så hadde eg påpeika dette og sagt at dei fekk fikse det før utlevering. Så alles favoritt, litt bilder Ei knekt fjær, denne har 221.000km og ca 14år på vegen. Og den har knekt meir enn en gang: Så her er då ei ny fjær, det kan sjå ut som om det har vore gjort eit veldig dårleg forsøk på å male over detta såret men det gir uansett ikkje meining: Så har eg vaska og klint på noko elastisk fugemasse: Og til slutt ei krympestrømpe: Så då er det berre å krysse fingrane, akkurat denne fjæra skal på en 5.000kr bil så den kjem nok til å overleve bilen uansett, men eg gjorde det for bildene sin del og uansett gjort det til ei rutine. Såååå, åpent for diskusjon
-
Det er desverre eit vanleg problem på dei aller fleste bilar. Eg overtok ein Passat av min far, berre som en sånn billig nr2 bil, 2011modell som har gått 221.000km. Den har fått 3 nye orginalfjærer hittil, men no er det 2 som er knekt og mangel på PKK men eg trur det knakk ei sist eg flytta på den så no er det sikkert 3... Kan ikkje sei eg er imponert. Ex har en F46, der knakk alle fjærene etter tur, den første på ca 130.000 og deretter gjekk det slag i slag fram til 200ca. Når det knakk foran så skjedde akkurat som TS skriv, fjæra inn i dekket. Heldigvis skjedde det i eit sentrumskryss så fekk lirka bilen til sides og så var det ei runde med vinkelsliper å fjerne restane sånn at det gjekk an å køyre den forsiktig heim i garasjen. Enig at det er en dårleg patent, det burde vore eit anna design på nedre fjærsete som holdt fjæra på plass. Dei knekke tross alt på samme plass kvar gong, ca 10-15cm frå nedre ende, akkurat der det er sår i pulverlakken etter opphengskroken. Derifra rustar det innover og sidan fjærstål er fullt i spenningar så skal det ikkje ruste langt inn før at det knekke. Eg har starta å forsegle desse såra med fugemasse og krympestrømpe med lim i eit håp om å få ting til å vare litt lenger... Det kan vere eit godt tips!
-
Eg er ikkje ovveraska egentlig, det kan minne veldig om ein slik lyd. Eg har skifta begge deler så det er nesten nytt. Tvilar på at både demparen og topplageret kan vere gåent, men får prøve å skifte topplageret og sjå om det vert bedre Takk
-
Risikoen for havari er den samme ja, men konsekvensen vert då kostnaden med å skifte høgtrykkspumpe, dieselfilter, eit ekstra dieselfilter og å reingjere ein meter med slange. Ved eit "ubeskytta" havari så er det ny høgtrykkspumpe, trykksensor, injektorar, stålrør (om en skal følge boka) og så kjem då jobben med å reingjere dieselsystemet grundig. Rør t/r tank og tanken bør også ned og reingjerast. Og berre det å ta ned tanken kan koste tusenvis av kroner mtp. på kor mykje som må demonterast for å få ut tanken. Ein kan argumentere for at noko stålspon i tanken er til å leve med, det er tross alt eit dieslfilter som skal fange opp uregelmessigheter men eg ville ikkje tatt sjansen. Skal ein skifte til nye injektorar så er det og ein stor forskjell på om det er 4 eller 6 som skal skiftast. Om det ser orginalt ut, det spelar då ingen rolle så lenge det fungerar? Ja, som eg skrive så kan ein skifte pumpa preventivt men det er ein heller kostbar jobb for å vere på den sikre sida. Dog så må ein då vere heilt sikker på å få den oppgraderte pumpa eller så risikera ein jo å gå på eit nytt havari seinare. Eg er og typen som fyller tanken når eg MÅ, dvs. når det ikkje er så mykje igjen og då fyller eg til det omtrent renne ut. Gidde ikkje drive å tanke unødvendig mange gangar.
