-
Innholdsteller
418 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av TurboJens
-
Kan sikkert fint bruke ein slik og dersom varmaren ikkje kan startast direkte med 12v. https://www.ebay.co.uk/itm/124147753763
- 524 svar
-
- webasto
- parkeringsvarmer
-
(og 4 andre)
Merket med:
-
Sist eg studerte ein glødeplugg så var den beregna for en sånn 6-7v spenning, såkalla high-speed glødepluggar. 12v på ein sånn tåle den berre ei kort stund før den rett og slett blir overoppheta.
-
Lengda på bolten er to ting som bestemmer. 1. At det er nok gjengar til å nå gjennom bremseskiva og gjengane i hjulnavet. 2. At det ikkje stikke for mykje ut slik at boltane stoppar i noko innanfor hjulnavet. Så det enklaste er å måle på orginalfelgen, kor mykje som stikke ut og så sammenligne med den andre felgen og bestille boltar slik at det stikke ut like mykje.
-
Mykje dyktige folk her, eg er ein amatør når det kjem til BMW men lærer stadig. Og ja, dette er ein mykje bedre plass enn andre SoMe der det er stort sett berre drittslenging, feilinformasjon og folk som svarar på heilt andre ting enn spørsmålet. Og så er det umulig å finne igjen informasjon ex. på Facebook. Ja, og så bør du jo finne ut kvifor det er fuktig der. Viss ikkje så kjøper du deg berre litt tid.
-
Såpass ja, ikkje rart at detta ikkje virka! Grunnen til at dei andre har slått ut er at signalet går innom modulen og "snur" før det går vidare til neste. Så når det er så irra som det der så stoppar signalet opp. Du kan prøve med noko elektronikkrens, men det der ser faktisk så fælt ut at eg trur ikkje det er så enkelt å berge sånn heilt utan vidare. Det er jo kontaktflatene på innsida av kabelskoa som må gjerast friske igjen og der er det ikkje lett å komme til. Så enklaste løysinga er nok å få tak i en ny kontakt og stikkera eller skøyte inn kontakt med litt kabel frå ein huggebil. Faren her er at ledningane kan vere ganske grønne inniver i ledningsnettet desverre. Edit: om du vil prøve så kjøpte eg ei neglefil til eit tilsvarande prosjekt ein gang. Så slipte eg den både i bredde og tjukkelse slik at den tilsvarte pinnen som skal inni. Så er det berre å ta den forsiktig ut og inn nokre gongar i alle fire retningar og så sette kontakten inn med noko batteripolfett eller syrefri vaselin.
-
Det kan jo og vere nokon som har skrudd og ikkje montert slangane skikkeleg. Dei står som regel berre i eit hol i karosseriet, ser ut som ei gummigjennomføring og slange laga i en del.
-
Desse snakkar sammen på LIN bus, enkeltleder digital dataoverføring. 1stk slik defekt sensor kan konke ut kommunikasjonen på heile bussen så eg ville prøvd å kobla fra en og en og sett om dei andre våkna til liv igjen.
-
Kan sei mykje om dei som lever av oljeskift på girkasser og deira truverdighet, men det har vist seg mang ein gong at det lønnar seg i lengda med vedlikehold. Dog så er det ekstremt stor forskjell på ulike typar girkasser, bruksmønsteret og en del flaks(?). Nokre girkasser kan du skifte filter på, andre har filteret gøymt inni girkassen slik som på min så der må girkassen ut av bilen og demonterast for å skifte filter. Uansett om du kallar det for oljeskift eller flushing, det kan umulig skade å skifte olje. Klart at har du ei slitt girkasse som har gått 400.000km på den samme oljen kan det skje saker og ting ved hot-flush der gammalt slagg kan løsne og i tillegg plutseleg endring i viskositeten på gammal vs. ny olje. Det tryggaste du kan gjere er å tappe av olje, skifte filter, gjere rein bunnpanna og fylle olje. Så kan du tappe av olje ved oljekjølaren og etterfylle tilsvarande med olje til den oljen som kjem ut har samme farge som den nye. Då er risikoen meget lav for å ødelegge noko. Det som er viktigast av alt er at det blir fylt på riktig olje, det finst fleire oljetypar enn bilmerker og sjølv om alt i bunn og grunn er hydraulikkolje så er det ikkje så enkelt.
-
Glødepluggar er lurt å skifte med en gang dei feilar - gjerne før og som preventivt vedlikehold, defekte glødepluggar gror fast og knekke lettare ved demontering.
-
For motoren sin del er det ingen fordel med DPF. Men den er der jo for ein anna grunn. Eg har mykje bruksmønsteret til en elbil, har 1.6km til jobb.. MEN eg har ein gammal bil, som er kjøpt og betalt og den er så god at eg har overhodet ingen planar om å bytte den ut. B47 motor. Har nokre lenger turar med jamne mellomrom, alt frå eit par mil til 1000km på ein dag. Og det å kunne fylle tanken og nesten uten anstrengelse køyre 1300km uten å tenke på å fylle eller lade sette eg stor pris på.
-
B47 motoren er heilt fantastisk, den er sterk og sprek på samme tid som den er svært rimeleg i drift. Støybildet på tomgang trekke ned - for det er utruleg mykje støy, men ein skal jo egentlig ikkje stå så mykje på tomgang. Med en gang du får litt turtall/fart så er det en veldig harmonisk motor. Høyrer knapt motoren når en køyrer, i vanleg landevegsfart vil dekk/vindstøy langt overgå motorlyden.
-
Dei fleste orginale luftfilter har tilstrekkeleg fløde for moderat tuning. Slike sportsluftfilter som dette krev nitidig vedlikehold om dei skal klare å prestere like godt som eit orginalt luftfilter (hvis jobb er å holde skiten ute frå motoren). I tillegg kan du risikere å skade luftmassemåler med oljen som filteret skal settast inn med. Så, om du ikkje har forferdeleg lyst på eit slikt filter så anbefala eg alltid orginalt eller premium ettermarked luftfilter
-
Eg har prøvd å finne ut kva serviceintervall som er på denne Haldex klumpen, og det kjem opp mange motstridande svart alt i frå 30.000km til aldri... Om du har mulighet til å skru sjølv så ville eg vurdert det, det er ikkje så vanskeleg som BMW skal ha det til. Her er ein tråd eg laga med litt bilder som viser korleis det ser ut på innsida av Haldex klumpen. Det er ekstremt enkelt oppbygd.
-
Nokon av F serien har 6trinns automat og nokon har 8trinns, eg har aldri blitt klok på kva som har kva, men i alle fall har 220d 190hk 8trinns men 218d trur eg har 6trinn. Om 220d 163hk har 6 eller 8 trinn anar eg ikkje. Det veit sikkert trådstarter Eg skiftar olje minimum 15.000km, gjerne litt før. Har 27 oljeskift så langt, så medrekna oljen som var på motoren når den var ny er eg no på eit snitt på 11.800km per oljeskift. Ikkje skifta noko slitedeler i forbindelse med motoroljen, ex. er jo turbo noko som fort ryk på bilar med høg km.stand og særleg om ein driv med lange oljeskiftintervall. Har du xDrive (Haldex) så er denne lurt å skifte oljen på og...
-
Det er eit ordtak som seier at ein mann som har ei klokke veit kva klokka er, men ein mann som har to klokker har ikkje peiling
-
Eg har Gran Tourer med (samme?) automat 8trinns. Eg blei latterleggjort hos BMW når eg ba dei om å skifte oljen..... Den skulle no vare evig. Har no gått 330.000km og fungerar svært godt endå, har skifta olje 2 ganga. Min tanke er at skal du ha bilen ei stund, så vedlikehold den så blir totalen billigare
-
Det må eg sei, utruleg kva ein får for 200kr (som den kosta då eg kjøpte den for ~3 år sidan. Eg har ikkje noko kalibrert utstyr, men eg kjøpte 2stk og sammenligna resultata og dei viste eksakt samme kvar gang. Så då er det i alle fall reproduserbart og heilt innanfor.
-
Denna er fin for kontroll av dekktrykk, no har eg dekktrykksensorar så den blir lite brukt men alikavel, nøyaktig og enkel i bruk. https://www.thansen.no/bil/dekk-og-felger/forbli-kjorende/digital-dekktrykkmaaler-m-slange-raze/n12231/pn944438/ Når det gjeld fylling av luft så må en hugse på at pumpa må kunne levere trykk ein del over dekktrykket du skal ha viss ikkje så tar det frykteleg lang tid å flytte luft inn i dekket på slutten. Den siste frå Jula virka no heilt grei spec på, bråkar sikkert ein del og tar litt tid men den skal jo ikkje brukast kvar dag. Biltema har ein som virka veldig potent, er oppført med 15A forbruk, men etiketten på bildet viser mykje meir så her går det nok unna https://www.biltema.no/bil---mc/mc/tilbehor-til-snoscootere/minikompressor-240-w-2000022233
-
Høg belastning og relativt lav fart kan gjere at du treng hjelp av kjølevifta, virkar den? Når temp. målaren nærmar seg det røde så skal du høyre kjølevifta godt. Du kan og tvangsstyre den med diagnose for å sjekke at den virkar.
-
I så fall så er ein motorvask vegen å gå. Lyden minner veldig om lyden du får når du starta opp motor etter motorvask og enkelte bilar kan få vatn på reimane når ein køyrer i djupe vannsøyler og det gir ofte ein slik lyd. Om eg ikkje hugsar feil så vil reimstrammaren bevege seg unormalt mykje sammen med den lyden. Ganske lett å sjå.
-
F46 B47 motoren. Mobil1 ESP 5w-30. Kjøpt 200l fat og skifta for kvar 12.000km ca.
-
Sjekka den på bakken først, har og hatt den inn på grava i dag og sjekka både med vekt og uten vekt på forakselen. Fann ikkje ut av det. Sjekka og såg over alt. Men detta er flaut, sjølv om alt hang fast så viste det seg når eg skrudde av hjulet at klaven til bremsekalipperen på høgre side ikkje hang skikkeleg fast, var vel omtrent ei 1/4 omdreining på skruane. Hadde aldri forestilt meg at noko slikt kunne lage ein slik lyd, så flau av eget arbeid er det eit lite plaster på såret at det i alle fall var ein billig fiks. Stabstag og foringar ser veldig bra ut, foringane til bærebruene og. Men eg sitte igjen med ein svak svak antydning til noko lyd endå, var sikkert den eg mistenkte eg hadde høyrt før helga så til neste pkk så kan eg sikkert skifte eit par bærebruer.
-
Prøvde å sjå litt i går, fann ikkje noko åpenbart gale. Stabstaget virka solid og ikkje knekt. Alle foringane såg heile og fine ut. Prøvde å bryte litt på berebruene for å sjekke kulene men fann ikkje noko. Film.. Desse kumlokka er veldig bra tilpassa til asfalten, var renovert i fjor trur eg. Bråka noko infernalsk på brusteinen 😂 20230822_092941.mp4
-
Er Haldex 5 på den, samme som eg har på min 2-serie. Fungerar veldig bra, leiken og morsom og. Min har gått jorda rundt, så hadde nok litt dårleg haldex i fjor, men har renovert den med ny pumpe, lamellar, overtrykksventil og olje så no må berre vinteren kome. Denne Haldex varianten er utelukkande elektronisk styrt og er ikkje avhengig av noko hastighetsforskjell på hjula for å overføre moment bak. Så ein slik i god stand skulle vere meir enn bra nok til normal bruk. Dog så har eg sett litt ymse om nokon som anbefalar svært korte oljeskiftintervall på desse, opp mot like ofte som motoroljen men det er heilt utelukka mtp. kor kronglete det faktisk er å skifte oljen. Det er litt off-topic i forhold til det trådstarter spør om, men en bil med elmotor bak burde jo på ingen måte ha problem med å drive bakhjula frå start av. Men det er jo unødvendig komplisert å ha to drivlinjer i den samme bilen.
