Gå til innhold

mcbanan

Medlem
  • Innholdsteller

    259
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av mcbanan

  1. Er vel ein banjokobling for olje til vanosen rett over der. Sjekk og at eksoskamsensoren er skikkelig på plass, den kan være litt vrien å få inn i sporet sitt.
  2. Meld deg inn i BMWccn, om du ikkje allerede har gjort det. Da får du 15% på originaldeler og 20% på f.eks Bosch på GS bildeler. Berre på den eine pumpa har du da spart inn kontigenten.
  3. Ser ut som det er ganske lik software som på min kodeleser, Creator C310. Den infoskjermen kjem opp kvar gang du går inn på ein modul, så må du trykke deg ut av den og velge f.eks "Read codes" eller lignande. Ganske irriterande igrunn.
  4. Hei! Det gjeld ein 2000 523i med M52TUB25 motoren. Har lest meir om det på nettet no, og det virkar som denne skal trigge "check engine" hvis den er heilt gåen. Hvis den berre misser litt her og der kan den trigge koden men ikkje nødvendigvis lyset?
  5. Ein treng ikkje den ventilen, berre å skru røyret på att uten
  6. Hei! Fekk min nye Creator C310 i posten idag, og testa den på bilen. Hadde ikkje forventa å finne nokre kodar, då det ikkje lyser noko "check engine" lys og eg ikkje merkar noko feil med bilen. Men fekk altså koden i emnetittelen. Sletta den og tok ein runde rundt kvartalet, sjekka på nytt og den var fortsatt der. Tok av koblingen på sensoren, var ikkje tegn til fukt eller irr der, satte den tilbake og sletta koden, starta bilen og koden kom tilbake umiddelbart. Ser på nettet at det er ein vanlig feil, og sensoren er jo enkel å grei å bytta. Men er det vanlig å få sånne kodar uten å få "check engine" lys?
  7. Her må eg arrestere meg sjølv, i mitt tidligare innlegg. Det skal være vakuum i peilepinnen og. Kan anbefale denne, smått forvirrande, tråden om testing av veivhusventilasjon på e39: http://www.bimmerfest.com/forums/showthread.php?t=445403
  8. Dreg denne opp att for å komme med ein sterk anbefaling til alle som "slit" med clutchen sin, om å fjerne denne ventilen/innstrupingen. Heilt sidan eg kjøpte bilen min for 3-4 månader sidan, har eg slitt med å bli venn med clutchen. Det føles som den aldri tek på samme plass, slurar både her og der, og resultatet blir rykkete igangsetting og krypkøyring. Samt at eg både føler meg, og ser ut som ein, idiot Snubla over denne tråden og tilsvarande på utanlandske forum, og symptoma samanfalt. Fekk den fjerna idag, og det er som å ha fått ny bil Mykje bedre igangsetting og girskifte 1->2. Føles mykje sterkare på låge turtal, sidan den ikkje tvangsslurar etter girskifte. Føles rett og slett endeleg som ein vanlig clutch.
  9. Hei Har ikkje du spurt litt ang. veivhusventilasjonen òg? Hvis den er tett og det blir for mykje trykk i toppetasjen kan det fort ta knekken på ein toppdekselpakning.
  10. Fin bil! Men du køyrer på kordane, og skal allikavel ha på att felgane etter EU? Vil absolutt anbefalt deg å nytte anledningen til å bytte dekk
  11. Slik eg har forstått det skal du ha eit lite vakuum( undertrykk) i oversiden av motor, altså om du åpnar oljepåfyllingslokket. Det skal ikkje være vanskelig å åpne, men du skal kjenne eit lite vakuum om du legg hånda eller papir oppå. I underdelen av motoren skal det derimot være eit lite overtrykk, så om du tar ut peilepinnen og har ein ballong eller fingeren frå ein plasthanske rundt åpningen skal den sakte blåse seg opp. Dette er altså når alt er i orden. Er det vanskelig å åpne oljepåfyllingslokket pga. høgt vakuum, er det eit tegn på at noko er gale med veivhusventilasjonen.
  12. Klima-service er ikkje veldig dyrt, og som lærlingen over her nevner er det fleire ting enn påfyll av gass om blir gjort. Ein tar ut gassen frå bilen, renser denne for fukt( fuktigheit er klimasystemets største fiende), og fyller på gass, olje og sporstoff til det korrekte trykk. Eg tok AC-service på bilen no i vår, og kan absolutt anbefale det. Eg ser du har samme bil som meg, dei begynner jo å bli nokre år, så det blir sjølvsagt ein avvegning mot kor lenge ein har planar om å holde bilen på vegen.
  13. Intensivspylertanken ja, aktiverast med knappen på enden av vindusviskar-spaken. I tillegg aktiverast den ved kvar tiande bruk av vanlig spylervæske, meiner eg.
  14. Hei Kva produkt bruker dykk på "Shadowline"-listene for å holde dei blanke å fine? Mine er litt matte og flekkete. Blir det bra f.eks med plast-x?
  15. Kan anbefale denne om du er på jakt etter e36 cab. Godt vaksen eigar, som er flink til å skru. http://m.finn.no/car/used/ad.html?finnkode=76513245
  16. Følger opp litt her. Henta slangen på GS og bytta den idag. Var ingen problemer å komme til, tok meg berre 15min til tross for litt kløning med å få av koblingen på motsatt side frå bildet i første post. Var ikkje festa under innsuget, men under den spreder-saken på toppen av innsuget, på begge sider. Må nok være eindel forskjellar på m52, m52tu og m54 når det gjeld denne returslangen, så pass på dersom ein skal bestille.
  17. Når dykk seier det er ein stor jobb antar eg at dykk tenker på å bytte heile veivhusventilasjonen? Denne øvre slangen antar eg at lar seg bytte relativt lett? Eg har ihvertfall bestilt meg ny slange på GS idag. Var fleire variantar av desse slangane, så var viktig å sjekke opp mot chassinummer. Har aldri hatt noko symptom på tett/ødelagt veivhusventilasjon, så satser på at det held å bytte denne slangen.
  18. Dette er ein M52TU, men er sikkert mykje samme som M54 ja. Fant den på ETK hjå GS, der ser det ut som det skal være slangeklemme der. Eg får ta meg ein telefon til BMW imorgen og høyre med dei. Ser ihvertfall overkommelig ut å bytte sjølv Mange takk!
  19. Mange takk. Ser det er slangeklemme på denne sida, mens det er ei anna type klemme på andre sida, så antar at nokon har vært her før meg. Eg slit litt med å finne den i ETK, kunne du tatt ein rask titt her å sjå om du ser den? http://www.gsbildeler.no/nettbutikk/bmw_5_serie-e39-sedan-523i/motordeler-motor-etk_motor
  20. Hei! Bytta tennplugger på bilen idag, og i den forbindelse la eg merke til eit hol i det eg antar er ein vakumslange. Eg kjente ikkje trykk der, men antar at det er ein vakumslange. Er det nokon som veit kva slange dette er? Er sikkert ikkje lett å sjå på bildet, men er den i midten.
  21. Eg har ein E39 med doble ruter, og det er heilt utruleg kor stille og behagelig den er. Anbefaler deg absolutt å teste ein slik. Har køyrt mange nye bilar med høgare støynivå enn den. Ellers likar eg E46 godt, og som det er nevnt over er det godt innafor å køyre rundt i ein fin original utgave av dei uansett alder.
  22. GS har original til under 600. Ville absolutt kjøpt original når det er såpass små beløp det er snakk om.
  23. Her står det litt om M52 motorfamilien: https://en.wikipedia.org/wiki/BMW_M52 Eg har ikkje inntrykk av at det er store forbetringar nei. Men det kan kanskje nokre andre svare betre på, då eg er fersk i BMW-verdnen.
  24. M52TUB25 i denne. Samme motor som eg har. Dobbel vanos og ingen nikasil belegg på sylinderveggene.
  25. Veldig nøgd med GS. Hyggelige folk, varene kjem raskt og ikkje minst er nettbutikken klart best, etter min meining. Scmiedmann har eg dårlig erfaring med. Kjøpte ein pakning der til ein Z3 eg hadde ifjor sommar, men den kom aldri så når vestlandsværet slo inn for fullt måtte eg bite i det sure eplet å kjøpe den på BMW. Var pakningen til det tredje bremselyset midt på bakluka, så det fossa inn der når den var gammal og morken. Uansett så sa eg til Schmiedmann at eg ville kansellere ordren, da det tok så lang tid. Fikk aldri noko skikkelig svar tilbake, ei heller pengane.
×
×
  • Opprett ny...