Gå til innhold

mcbanan

Medlem
  • Innholdsteller

    269
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av mcbanan

  1. Hei! Den første skikkelig varme dagen her i Bergen, for eit par veker sidan, var eg så heldig å få besøk av abslampa i dashbordet. Kom etter ein 30 minutters køyretur, når eg stoppa bilen og starta den igjen. Kom heim, sjekka koden som sa "speed sensor rear left". Sletta den, og når eg sjekka på nytt dagen etterpå var alt OK. For å være sikker tok eg ut sensoren, rensa den og holet litt, og monterte den tilbake. Men neste gang eg brukte bilen, kom lyset og koden tilbake når bilen var god og varm, og eg stoppa og starta den igjen. Kjøpte ny Bosch-sensor og monterte den idag. Renska godt inne holet med bremserens før eg monterte. Tok bremserens på ein q-tip som eg holdt inn mot hjullageret mens eg snurra rundt for å reingjere godt. Så tok eg ein kebab-run for å sjekke om det gjorde susen, men lyset og koden kom like forbanna etter eg stoppa og starta bilen når den var blitt varm. Tenker då at det tyder på abs-modulen? Fikk tips om hjullageret og, men kan ikkje sei at eg høyrer noko frå det, og hjulet går like greit rundt som på andre sida. Når eg får feilkode på sensoren venstre bak, så fungerer ikkje speedometeret, sidan det brukar den sensoren for å lese farten. Men når eg les av live-data viser alle sensorane 2km/t når bilen står stille. Ville tru at ein sensor som var gåen eller hadde ledningsbrudd ville vist ein anna verdi? Og når eg går under livedata for motoren mens eg køyrer, får eg sett farten eg har. Bruker ikkje den samme sensor, eller er det ein på f.eks girkassa og? Synsing mottas med takk
  2. Hei! Har lasta ned imaget til Otis, og no er kabel ankommet frå den fjerne østen. Får ikkje installert driverane som fulgte med kabelen, stemmer det at eg må slå av autensiering av drivarar for å få dei installert?
  3. Ok, eg er ikkje sikker på om det lar seg gjere eller ikkje. Eg veit ihvertfall at eg må fram i motorrommet for å lese ABS kodar Men har du overgang er det jo kjapt å sjekke.
  4. På den årsmodellen har han sikkert den gamle koblingen i motorrommet og? Må bruke den for å få tilgang til dei fleste moduler, er ikkje mykje ein kan bruke OBD porten til.
  5. Du må få tatt diagnose Hvis du ser i den store diagnose-tråden er det sikkert nokon nær deg som kan hjelpe deg med det. Kamsensor gir ikkje motorlampe, men vil vise på diagnose. Skal være svakt undertrykk i oljepåfyllingen når motoren går, men kan være feil med veivhusventilasjonen allikevel.
  6. Veldig godt fornøyd med min Creator C310, kjøpt på ebay for 3-400. Får gode tilbakemeldinger på nettet og.
  7. La om til sommardekk idag, Style 66 med nye Goodyear Eagle F1. Støysvake og null sporing, slik eg håpte
  8. Jøss, standard understell? Trenger jo ikkje senk på desse bilane da, ser jo kjempebra ut Og standard understellet er jo utruleg behagleg å køyre med. Eg har 17" style 66 liggande som skal på om ei veke, og var bekymra for om eg kom til å trenge senk, men med mindre din bil er unntaket ser det ut som eg kan spare meg for den utgiften
  9. Ser veldig bra ut! Dette er 18" felger, sant? Du har originalt sportsunderstell?
  10. Hei! Ønsker å kjøpe 17" til e39, enten originale BMW felger eller merker av god kvalitet. Type AC, Alpina, BBS o.l I bergensområdet, ellers må ein være villig til å sende
  11. Tusen takk til Otis for jobben med å distribuere diagnoseprogrammer Har installert Vmware-imaget her nå, heilt supert.
  12. Ser bra ut! Har sjølv brukt Einemo bil til å fikse rust på min, han kan anbefales
  13. Hei! Eg har ein slik ein kobla opp i bilen min: http://www.dension.com/automotive/products/car-multimedia-solutions/gateway-lite-bt Eg har rota rundt litt med config filer og diverse valg for å få den til å vise sangtittel når eg streamer via Spotify, men har ikkje fått det til. Står berre "GW AUX" i displayet. Er det nokon som har fått det til å fungere med Spotify?
  14. Ok, flotte felgar, men for langt unna for meg.
  15. Kvar i landet?
  16. Den rusten på bakskjermen kan fort være litt skummel når du tek av bakfangaren. Eg hadde litt rust der, og fekk ein lakkerar-kamerat til å ta det. Var eindel meir skjult under der enn det såg ut som ved første augekast. Slik det diverre ofte er med rust.
  17. Ser ut som problemet endeleg er løyst! Monterte ny pakning, men det kom fortsatt inn vatn. Så tenkte eg på å justere bakluka litt for å sjå om det kunne være problemet. Så eg justerte kassa med låsepinnen ned nokre millimeter, slik at luka legg seg litt bedre ned på pakningen. Etter det har det ikkje komme ein dråpe inn, til tross for nyttårsstorm og ellers bergensvær. Så hvis nokon andre slit med det samme ville eg prøvd å justere litt der
  18. Skal ikkje driftstempertur på desse være i 95-100 graders området da?
  19. Ja pakningen er ein mulig syndar her, sjølv om eg syns det er rart at vatnet kun kjem ned der bak om det er pakningen som er gåen. Men har bestilt ny pakning som forhåpentlegvis kjem før jul Måtte sendast frå Tyskland. Er ingen rust eller skader på den leppen, men var fuktig inne i skinna i pakningen.
  20. Prøver meg på nytt om nokon har tips her Som sagt så prøvde eg med ny lykt og pakning, utan at det hjalp. Har testa med litt meir papir i det siste, og det virkar som det er området bak staget, eller kva ein skal kalle det, på bildet som blir blautt. Nokon som har tips til korleis vatnet kan komme seg dit?
  21. Har leita med endoskop, men ser ingenting. Kjøpte meg ny baklykt, som kom med ny pakning og pæreholder og alt, men blir fortsatt blautt under lykta. Finn rett og slett ikkje ut av det, så trur eg får høyre med verkstaden min om dei vil sjå på det..
  22. Kan da umogleg stemme? Ville ringt rundt og sjekka prisar andre plassar.
  23. Er ikkje det her ein veldig bra pris? https://m.finn.no/car/used/ad.html?finnkode=86442845 Såg den idag tidleg, og hadde forventa den skulle dukke opp her iløpet av dagen.
  24. Pakningane er allerede bytta, og limt med silikon Skal kjøpa meg endoskop idag, og sjå rundt inne i bakskjermen for å sjå under bakruta og inn mot bensinpåfyllingen osv.
×
×
  • Opprett ny...