Gå til innhold

TurboJens

Medlem
  • Innholdsteller

    349
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av TurboJens

  1. Det her er heilt genialt.. Spørsmål, eg treng ein utgang som er aktiv når motoren går, kjenner du til om det lar seg gjere?
  2. Det kan eg selvfølgeleg ikkje vere heilt 100% sikker på, hugsar ikkje kor den kom frå men den var ikkje kjøpt av nokon på hjørnet så burde vere orginalt.
  3. Eg monterte SKF vannpumpe på en Volvo V70 eg hadde, det kosta meg eit motorhavari. Vannpumpa totalhavarerte etter mindre enn 60.000km, uten merkbar ulyd ved siste sjekk 20km før (var ute etter en ulyd, men uten multireim gikk motoren silkemjukt, og det var servopumpa som bråka). En halvtime etterpå var havariet et faktum, registerreima hoppa av uten at det kom ut så meget så en dråpe kjølevatn eller andre tegn på nærståande havari. Aldri meir. Den dårlegaste termostaten eg nokon gong har hatt kom frå BMW. Det var omtrent like bra som å køyre uten termostat. Gates har eg god erfaring med, brukt alltid og aldri vore problem.
  4. Eg kan anbefale GranTourer (F46), min har vore heilt fantastisk sidan dag 1 og har no gått 347.000km utan nevneverdige problemer og trur det meste fungerar like bra i dag som når den var ny. Fortsatt nybilfølelse. Eg har riktignok diesel/xdrive så det passar kanskje ikkje til ditt bruksmønster. Mangel på dieselvarmer gjere at det er ein bil som trivest best i garasje/under tak. Rattvarme/setevarme gjere den komfortabel sjølv om det er kaldt men det tar tid å varme opp nok til å tine is/snø om du parkerar under åpen himmel. Det eg har skifta/reparert: Baklykter, ei indre på garanti, den varte ikkje så mange år så i fjor skifta eg alle 4. Sidan dei var begynt å bli litt medtatt (gulna, sprekke i glas) Vinkelgir (splinsa gjekk etter rundt 200.000km og oppdaga det for seint til å få det med på garantien sidan den gjekk ut midt på sommaren. kjøpte brukt til 5.000kr) Overhalt Haldex, skifta olje, filter, lamellar, ventil og pumpe. Alle hjullager Reimhjul veivaksel (det skal eg skifte no for 2. gang) Dynamo Støtdempera/fjærer rundt heile bilen med alle slitedelar (ingen knekte fjærer, berre skifta preventivt pga. antatt slitasje. Merkbar forskjell med nye bilstein dempera) Bremsekalippera x 4 (foran etter 2xxx.xxx km, bak på 32x.xxxkm, men dei var faktisk ikkje ødelagt, berre lei av å ha nye liggande) Motorfest(er) Tannstang (garanti, var ikkje noko gale med den trur eg) Spjeld i grillen (garanti) Termostat (garanti) Drivakselmansjettar foran (garanti) Blinklys høgre speil Dieselslangar/rør på motoren pga. lekkasje til ledningsnettet. Handsfree der er sporadisk litt dårleg lyd, mulig defekt mikrofon/kabel/headunit, ikkje gjort noko særleg innsats med det. Vindusviskermekanismen lagar litt lyd, har kjøpt ny brukt av Koed som ligg klar i tilfelle havari. Dette er fra ca 156.000km og fram til i dag. Bilen gjekk som drosje fram til 156.000km i Osloområdet, deretter litt privat bruk før den igjen gjekk eit par år som drosje her i Stryn. Så som privatbil siste 3 åra. Skifta olje på automat 2 ganga og oljeskift motor ~12.000km. Ikkje vore innom eit bilverksted for anna enn PKK sidan garantien gjekk ut og eit giroljebytte. Summa sumarum ein fantastisk bil på alle måtar bortsett frå at den skulle gjerne hatt 6cyl motor og A-stolpane skjuler mykje, vore fleire nestenuhell. Forundra over at bærekulene/foringar foran/bak ikkje har blitt rørt endå. Ex. kjærringa har en heilt "identisk" bil den har gått nærmare 300.000km den og, og den har heller ikkje hatt dei heilt store problema men det har gått med nokre knekte fjærer på den.
  5. Kjøper kun dei billigaste skivene på autodoc til min F46. Eg har ikkje noko negativt å sei om dei, dei rustar dei og når det regnar og bilen står parkert i nærmare 100% luftfuktighet. Klossar går eg litt opp i kvalitet på, enda oftast opp på noko febi greier. Brukar cruicecontroll til nedbremsing minst kvar veke i vinterhalvåret for å trimme bremsene bak. Fungerar veldig greitt.
  6. Imponerande tyder på at det er ein solid motorkonstruksjon.
  7. Kan legge til at eg i fjor kjøpte ei campingvogn. Var spent, men har tilbakelagt nærmare 3000km med den og på tross av den økte vekta så klarar bilen seg aldeles utmerket. Forutsetninga er heilt klart at ein innfinne seg med situasjonen og følge fartsgrensa og prioriterar å slappe av og spare diesel. Savnar såklart det ekstra momentet frå ein 3liter, men sjølv med totalvekt på 3600kg så kamuflerast det godt at det er berre ein 2liter. På lange strekk med jevn fart låser eg i eit gir slik at det ikkje blir så mykje opp og nedgiring når det er litt småkupert. 7/8. gir virka stort sett over alt der ein kan ligge i 80. Men den er litt misfornøgd, vil at eg skal gire ned i 6 gir mange gongar, og gjerne ned i 5. også men det går raskt over. Årets sommarferie Stryn-Kristinehamn unnagjort på 0.81l/mil men tala lyge litt for køyrde nokre mil utan vogn og då rasa forbruket... Ellers er en vel komen på ca 347.000km no, begynne å høyrest ut som ein VW diesel igjen, så må snart til å bytte vibrasjonsdemparen igjen. Utenom det så rullar det og går, alt virkar forutan eit blinklys i h.speil. Snapchat-1851673626.mp4
  8. Det er mulig på ex. Volvo 240, så kanskje det var noe tilsvarende han hadde i tankene. På 240 er det to ulike deler, så er en svært enkel operasjon å dele fjærskåla og sveise inn litt mer stål så anleggspunktet for fjære kommer lenger opp Bilder fra eget arkiv
  9. Å starte en dieselmotor i -30 grader krev faktisk eit fullt fungerande batteri og glødesystem i tillegg til at dieseltilførselen begynne å bli kritisk, pumpe/filter og injektorar. No er bilen i signaturen din 20år gammal ca og sjølv om den fungerar tilsynelatande heilt OK så kan slitasje på injektorar vere nok til at du aldri klara å få start i slik kulde sjølv om alt anna skulle vere bra nok. Eller det kan vere ein kombinasjon (mest truleg). Lettare å få start om du har fullt opplada batteri og brukar kraftige startkablar til ein bil som går. Då får du ein del meir fart på startmotoren og det kan hjelpe deg. Startkablar på ein bil som går sammen med utlada batteri gir ikkje den samme virkninga.
  10. Ville nesten tru at eit automatgirverksted kunne skifta berre den aktuelle sensoren så lenge resten av girkassen er i orden. Ville sjekka det i alle fall, om dei kan skaffe den.
  11. https://www.xbimmers.com/forums/showthread.php?t=2051098 Ser veldig likt ut for meg og veldig sannsynleg feil.
  12. Det vil eg tru at det er kompensert for i instrumentet sidan det er ein kjent faktor, derimot så fleire meter med batterikabel og retur i karosseriet pluss koblingspunkt er det umulig å ta høgde for.
  13. No skal eg vere litt teit; Er det batteriet eller batterikablane du skal teste?
  14. Utskrift i svart/kvitt ordnar mange problemer
  15. En slik Canm8 adapter skal gi ut signal berre når fullt fjernlys er aktivert. Det kan vere ulike grunnar til at det ikkje fungerar som tenkt. Har du fulgt tilkoblingsbeskrivelsen til punkt og prikke? Det er mange plassar i bilen du kan finne CAN ledningar å koble deg på, men det er ikkje nødvendigvis det rette signalet. Dersom det fortsatt ikkje virkar så må en ta kontakt med support og be dei om å sjå på saken. Eg har eit slikt Cannect RUI kit som ein kan bruke for å oppdatere modulen/fjerndiagnose men eg er ikkje så ofte i Bodø.
  16. Sjølv om dei orginale sensorane er dyrare så kan det godt vere at dei faktisk er verdt mellomlegget om du skal ha bilen lenge, verdt å ta med i betraktninga. Ellers, til min bil ser eg på koed at VDO sin sensor ser identisk ut med den orginale. I tillegg er det eit område som er sensurert i produktbildet så den er nok eit godt kjøp. Og når eg googla nummeret igjen kjem eg til autodoc, https://www.autodoc.co.no/vdo/10586788?search=VDO+Hjulsensor%2C+kontrollsystem+for+dekktrykk+(A2C9743250080) 444kr. Truleg orginal sensor. Vanskeleg å slå den prisen trur eg.
  17. Normalt låse du bilen etter ein køyretur, då er det rikeleg med strøm til å drive låssystemet gitt at den startar ved neste forsøk (start av motoren brukar ekstremt mykje meir strøm enn låssystemet) Når bilen ikkje vil låse seg så er det typisk ei låsekasse som indikerar at ei dør er åpen, nokon bilar godtar å låse også åpne dører så har ikkje fasiten på din bil.
  18. 2) Sidan det fungerar på sommarhjula er det åpenbart ikkje noko feil med bilen. Så då sitte du nok igjen med ein eller fleire sensorar som nevnt allereie er tomme for strøm. Sidan du får opp ein verdi når bilen har stått stille så kan det vere at sensor(er) er i ferd med å gå heilt tom for strøm, men etter en kvileperiode er det akkurat nok kraft igjen i batteriet til å sende nokre beskjedar. Såvidt eg har skjønt så går desse sensorane i djup dvalemodus ved stillstand og så våknar dei til liv når g-kreftene begynne å herje med dei. Sannsynlegvis så er det berre å skaffe 4 nye sensorar. Eg les ein plass at forventa batterilevetid er rundt 5 år, så eg er like ovveraska kvar dag mine 9år gamle sensorar virkar .... Fordelen med BMW sitt system er at det ordnar seg heilt sjølv utan bruk av diagnoseutstyr. Bilen er ikkje dummare enn at den ser kva sensorar som er montert og brukar dei i motsetning til enkelte andre bilar der sensorane må kodast til bilen med kostbart spesialverktøy. Reknar med at F11 sikkert har det samme systemet som ex min F46.
  19. Nei, altså misforstå meg rett men dei stod på så lenge fordi dei var så bra. Når eg skifta dei ut så satte eg på Valeo, men dei kasta eg nesten med en gang. Hadde det ikkje vore for at søppeldunken var tømt når eg oppdaga det så hadde eg satt tilbake dei gamle fram til eg fekk nye Bosch. Skifta viskerane når det er behov, ikkje på intervall. Ein ser jo nesten kvar dag om dei er gode eller dårlege
  20. Tja, det varierar jo litt, men no er bilen 9år og har gått 343.000km så i periodar har det rulla mykje kilometer. Ex. mellom dei to siste pkk: Blei skifta frontrute i 2019, då kom det på nye viskera. Km.stand sånn ca 162.000km og desse stod på fram til våren 2023. Så ja, dei har holdt bra! Bilen har gått to periodar som drosje, og i næring blir det enormt mykje kilometer. No går det trått, med under 2km til jobb så vekse det berre på ei og anna arbeidsreise eller sommarferie.
  21. Brukt Bosch viskera frå autodoc, nesten gratis. Hadde vel eit sett som eg brukte i rundt 150.000km som eg bytta ut med Valeo, angra omtrent umiddelbart og bestilte nye Bosch.
  22. Brukt INA(?) på detta i åresvis på 2stk B47. Ikkje noko negativt å sei. Har vel holdt like langt eller lenger enn orginalen snart. Edit: det var vibrasjonsdemperen, reimar og strammer har eg kjøpt komplett kit frå Gates.
  23. Eg kjøpte her: https://www.aliexpress.com/item/1005002082259581.html?spm=a2g0o.order_list.order_list_main.100.3e4d18025VxI9U
  24. Eg vil tru du har kome mykje nærmare. Når det berre blinkar litt så kan du prøve motstandar, men du slepp nok unna desse store varmeovnane. Prøv å koble en 1kOhm motstand mellom pluss og minus på ein blinklys/bremselyskrets og sjå om det hjelpe. (Her er det ikkje snakk om å få økt belastning for å tilfredstille strømtrekket, men å trekke ned spenninga med ein pull-down resistor for å sleppe flimring i lysa.
  25. Høyrest umiddelbart ut som lite gass på anlegget. I alle fall om det er inni kupeen du høyrer det.
×
×
  • Opprett ny...