Eg har ein Model 3 og kan oppklare nokre misforståelsar her
Det er to valg for å varme opp bilen via appen, det eine er å starte klimaanlegget og det andre er forvarming som ein kan stille inn til eit tidspunkt.
Starter ein klimaanlegget, vil PTC/varmepumpe(avhengig av år/modell) varme opp kupeén til ønska temperatur. Det tek vanligvis ikkje meir enn 1-2 prosent og omtrent 10 minutt når det er skikkelig kaldt.
Starter ein forvarming vil bilen gjere det samme som over, men i tillegg starte varming av batteri for optimal effektivitet. Det kan jo fort ta eindel batteriprosent, og er meir beregna for å klargjere bilen til langtur.
Eg tipper kollegaen din kanskje bruker forvarming, @Otis? Eg bruker ikkje den funksjonen i det daglige, køyrer ikkje så langt at det er vits å varme batteriet.