mcbanan
Medlem-
Innholdsteller
270 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av mcbanan
-
Ja det kan jo hende at det ikkje er tett nede i hjørnet f.eks. Pakningen rundt ruta ser heilt fint ut. Er heilt reint vatn som kjem ja. Trur eg får bytte den pakningen rundt låsesylinderan til tanklokket, og lekker det fortsatt får eg høyre med ein karosseriverkstad. Takker for tips!
-
Det er lekkasje når bilen står i ro og ja. Det kan være den har hatt noko karroseriarbeid, men har ikkje sett nokon andre tegn til det. Men uansett så kan eg ikkje forstå kva fleire plassar vatnet kan komme inn Har sett litt på bilder på nettet no, og det ser ut som at dersom det hadde vært gummipakningen rundt tankpåfyllingen som lakk, så hadde det ikkje kommet inn i bagasjerommet. Det hadde rent ned på innerskjermen og ut. For meg ser det ut som det einaste i heile området der som har kontakt med bagasjen er låsen til tanklokket. Men er rart om det skal lekke såpass inn der? List rundt bakvindauge, er det ein kjent plass for lekkasje? Korleis kan eg feilsøke det isåfall?
-
Bump. Forska vidare på dette idag, spylte bilen godt og fekk vatn på samme plass( sjå bildet over). Altså på den hylla over batteriet, inn mot hjulhuset. Kor i alle dagar kan dette komme frå? Einaste eg kan tenka på er bensinpåflyllingen? Pakningen der eller lignande? Nokon som har vært borte i det samme? Baklyktene er det ikkje, då eg hadde papir liggande under dei mens eg spylte, og det var fortsatt turt etterpå.
-
Han driv eit lite "hobbyfirma" på si, der han kjøper spesielle bilar og fiksar opp det som trengs, før han selger dei videre. Sjølvsagt med litt profitt, men det er absolutt ikkje snakk om å lura nokon her
-
https://m.finn.no/car/used/ad.html?finnkode=85651117 Kamerat som skal selge sin fine 323i. Har sett bilen, og kan sei med sikkerheit at kjøpar ikkje blir skuffa Denne er tilnærma ny.
-
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/krim/politiet-om-bmw-brekkene-stjaalet-verdier-for-24-millioner/a/23836976/ Folk kjøper seg bilar til 400k++ utan alarm? Det må vel kunne seiast å være naivt.
- 29 svar
-
- muligøsteuropa
- ratt
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Hei! Eg syns eksosanlegget på bilen min, 523i med m52tub25, er i overkant diskrét, reint lydmessig. Skulle gjerne hatt fram litt meir av den fine seksarlyden Bilen min er heilt original, slik eg likar det, så eg vil ikkje ha på eit effektanlegg med blanke bakstussar. Finnes det alternativ, f.eks lyddempar med samme utforming som orginal, eller kanskje alternative originale eksosanlegg som ikkje er så dempa?
-
Heilt utruleg at BMW fortsatt har problem med lekkasje i bagasjerom/ reserverhjulsbrønn, sjølv på såpass nye bilar.
-
Hei Ja, matte skal dei nok være, men dei er flekkete og litt lyse/misfarga. Får prøve med litt mild polering og jobba meg oppover til dei ser OK ut
- 5 svar
-
- bilpleie
- shadowline
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Tek oppatt denne. Fungerer kanskje bra med vanlig polering? Tenker på listene, samt dei dekslane mellom vindaugene.
- 5 svar
-
- bilpleie
- shadowline
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Var godt han hadde bytta turboladaren òg, ikkje berre turboen:)
-
Eg har den sjølv, veldig nøgd med den. Undersøkte eindel før eg kjøpte, og den får gode tilbakemeldingar overalt virkar det som. Men ville fyrst sjekka diagnosetråden og funne nokon i ditt nærområde som kan ta ein diagnose, det tek jo litt tid å få ting sendt frå Kina.
-
Den kodeleseren det reklameres for her på forumet til 1590,- er heilt lik i utsjånad som Creator C310 som du finn på eBay til 3-500,- Sikkert heilt tilfeldig..
-
Koblet du på igjen kabelen til oljetrykkssensoren, på oljefilterhuset?
-
Eg antar at det er dette lokket du referer til: https://www.germanautosolutions.com/bmw_solutions/cooling_system/12_bar_coolant_cap/product_bmw_12_bar_cap.php Eg har inntrykk av at GAS har eit godt rykte blant BMW entusiastar "over there". Kunne absolutt vært interessant å høyre frå nokon som har testa dette eller har tankar rundt det.
-
Kva viste seg å være enklaste måte å få av støtfanger bak på?
-
-
Den er betre kjent som DISA-ventilen, hvis du vil google litt rundt den. Du kan teste å ta av den elektriske kontakten på toppen av den mens motoren går. Berre å klemme inn den metallåsen bak og dra den opp. Da skal lyden forandre seg, og du skal sjå ein plastikk-arm bevege på seg rett attmed kontakten.
-
Hjå meg var det lekkasje på røyr nummer 7 på det diagrammet. Det går langs med dyserekka under det dekselet. Det er litt forskjellar på min m52tu og din m54, men antar at det er nokonlunde lik plassering på det
-
Ikkje nødvendigvis. Eg hadde ein lignande lyd før eg bytta CCV og slanger på min, og der var det hol i returslangen som ligg under det dekselet på filmen din. Det er ein slange med returdamp frå CCV som går inn på innsuget. Min gjekk heilt fint på tomgang, og ga ingen kodar.
-
No byrjar det å bli mystisk her. Eg flytta bilen opp på flat mark, og regna då med at problemet ville forsvinne fram til eg fekk bytta pakningar på baklyktene. Men neida, idag var det eit par desiliter i reservehjulsbrønnen, samt at på hylla over batteriet var det noko slags kvitt/gult stoff inne i hjørna. Kva i alle dagar? Eg har fjerna det på biletet under,men det var inne i hjørna der ved dei klumpane med pakningsstoff. Det var heilt turt under baklyktene idag, så dei er nok uskyldige. Igår tok eg ut den hylsa rundt låsepinnen til bensinlokket, men såg heilt fint ut der og, så tviler på at det kjem noko inn der. Kor i alle dagar kjem det vatn/ gugg frå?
-
Eg var i samme situasjon som deg når eg kjøpte min. Fullt servicehefte på BMW, men ingen spor av at CCV skulle værtbytta. Ingen indikasjoner på at det behøvdes heller, men eg gjorde det allikavel, for å sleppe å bekymre meg til vinteren. Kosta meg ca 1800,-, med originale deler. Du bør kjøpe originalt, da det ikkje er ein jobb du får lyst til å gjenta i nærmaste framtid. Når du først er nedi der er det lurt å bytte indre innsugsbelg, pakningen til spjeldhuset og å ta ut peilepinnerøyret for å blåse det reint og bytte pakningen der og. Eg fulgte denne DIY videoen, som er til ein m54, og den var til stor hjelp! Tok meg 5-6 timer. Viktig å ta seg god tid, så ein ikkje kjem borti og knekk noko f.eks. Ein ting eg la merke til var at enkelte plassar der han kommenterte at han ikkje kunne sjå skruene( på ein 3-serie), kunne eg sjå dei heilt fint. Så virkar som det er litt enklare å bytte på ein 5-serie grunna litt større motorrom. Er på ingen måte ein vanskeleg jobb, berre litt kronglete og tidkrevande. Sparar mange tusen på å sette av ein formiddag sjølv
